Notlag i Austefjordområdet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over indre del av Austefjorden

Notlag i Austefjordområdet. Fjordagardane på Vestlandet har hatt behov for matauk meir enn det garden kunne gi, slik var det også på gardane i Austefjorden i Volda. Dette var meir naudsynt i gamle dagar enn no. Gamle dagar er vel ikkje så langt att i tida i denne samanheng. Ser ein på korleis det var i 1930-åra, så var det ikkje så mykje kontantar mellom folk. Gardane var små så maten frå fjorden var naudsynt for både livberging og busetjing. Heimefiskje høyrde kvardagen til, og den som var heime tok del. Ein kan seie at fjorden berga liv, men nokre gonger gjekk det gale, og fjorden tok liv.

Notlag var ei organisasjonsform ein kunne finne i fjord- og kystbygder langt opp mot siste hundreårsskifte. Det var ein meir effektiv måte enn berre handsnøre eller garn. Eigardel i eit notlag har vore verdfull, det skjønar ein når ein son fekk notalagsparten i brudlaupsgåve frå far sin.

Dei fyrste nøtene det vert fortalt om var bolkenøter. Då eigde kvar part sin bolk av nota og hadde ansvar for vedlikehald av den.

Nøter

Landnotset i Austefjordområdet fortel at for å bruke landnot måtte ein vere «grunnkjend». Dette var nok slik for sekkjenota og, men for denne er her mindre informasjon.

Kor mange notalag som har vore i Austefjordområdet er ikkje lett å få dokumentasjon på, så det vert mest muntlege forteljingar. På slutten av 1800-åra var det notlageigarar langt framover Austefjorddalen. Med spreidd busetnad og før telefonen var utbygd var det nok vanskeleg å konkurrere med dei som budde langs fjorden. Etter kvart vart det dei som var nede ved fjorden som heldt ut lengst.

Holsvik notlag

Notlag

Internasjonal forklaring http://no.wikipedia.org/wiki/Not_%28fiskeredskap%29

Rundt 1950 var det fire notlag som omfatta bortimot heile bygder, eller grannelag.

Det var:

  • Holsvik notlag hadde i fylgje den munnlege historia naust og båt i Grusneset/Grasneset, seinare naust, not, nothenge og båt i Holmen, Holsvika.
  • Årset notlag hadde fram til 1952 naust og båt på Årset, så base på Aurstad med naust og nothenge.
  • Håvik notlag hadde fyrst naust i Håvika, så laga dei nothenge og framtrekk for båtane i Skorneset.
  • Høydal notlag var i Høydalen og omfatta mest heile bygda, vart gjerne kalla stornotalaget.

Dei tidlegaste nøtene var «sekkjenøter», sjå modell på Austefjord Museum. Her trongst det og ein del folk for bruk. Frå rundt 1850 finn ein munnlege overleveringar og seinare skriftleg informasjon om kastenøter mest truleg organisert som bolkenøter. Eigarane måtte lage sin notbolk sjølv, dermed låg det ein stor innsats i å delta i notlag. Det kunne vere to eller fleire som gjekk i lag.

Det var:

Sildesteng ved Høydalsneset
Austefjorden. 2007

Etter at dei store notlaga la ned drifta 1960 til 1965 og det om lag samtidig kom nylonnot, vart notbruk mykje lettare. Eit menneske kunne no gjere arbeidet det tidlegare var behov for mykje meir folk til med dei tunge hamp- eller bomullsnøtene.

Desse notlaga var:

Aarset, Hans f. 1936.
Aarset, Kaspar f. 1922.
Hamre, Jon f. 1907.
Holsvik, Lars f. 1915.
Høydalsvik, Einar f.1920.
Håvik, Håkon f. 1936.
Håvik, Inge f. 1941.
Årsetøy, Knut f. 1925.

På lenkjene for kvart notlag vert det etterkvart lagt ut opplysningar. Desse vert supplert etter kvart som ein får fram informasjon. På kvart notlag kjem også informasjon om båtane som laget eigde eller leigde. Bilde kjem også på plass etter kvart.

Båtar

MB «Frost», MB «Joffre» M 13 VA, MB «Levan» M 10 VA, MB «Litleveiren» M 20 VA, MB «Rolf» M 10 VA, MB «Rollo» M 41 VA, MB «Snøgg» M 158 VA, MB «Timann» M 46 VA, Notbåten «Trollet», «Tempo» M 114 VA, «Trygve» M 18 VA

Kjelder

Eksterne lenkjer

http://no.wikipedia.org/wiki/Kategori:Norske_b%C3%A5ttyper

http://home.online.no/~joeolavl/viking/index.htm

http://no.wikipedia.org/wiki/B%C3%A5tbygging