Nynorsk kultursentrum: Forskjell mellom sideversjoner
m (Teksterstatting – «[[Kategori:Den frilynde ungdomsrørsla» til «[[Kategori:Den frilynte ungdomsrørsla») |
(kat) |
||
Linje 9: | Linje 9: | ||
*[http://nn.wikipedia.org/wiki/Nynorsk_kultursentrum Nynorsk wikipedia] | *[http://nn.wikipedia.org/wiki/Nynorsk_kultursentrum Nynorsk wikipedia] | ||
*[http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=26 Om Nynorsk kultursentrum på nettsidene til Ivar Aasen-tunet.] | *[http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=26 Om Nynorsk kultursentrum på nettsidene til Ivar Aasen-tunet.] | ||
[[Kategori:Nynorsk]] | |||
[[Kategori: | |||
[[Kategori:Noregs ungdomslag]] | [[Kategori:Noregs ungdomslag]] | ||
[[Kategori:Etableringer i 1993]] | [[Kategori:Etableringer i 1993]] | ||
{{nn}} | {{nn}} |
Nåværende revisjon fra 12. mai 2023 kl. 12:53
Nynorsk kultursentrum er ei ideell stifting som arbeider for nynorsk skriftkultur i gjensidig samarbeid med Ivar Aasen-instituttet i Volda. Stiftinga eig og driv Ivar Aasen-tunet i Ørsta og Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Det siste er under etablering (2012). Senteret gjennomfører eit breitt kulturprogram året rundt. Høgdepunktet er Dei Nynorske Festspela i slutten av juni, ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen.
19 fylke, kommunar, utdanningsinstitusjonar, kulturinstitusjonar og organisasjonar står bak stiftinga: Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag, Litteraturselskapet Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret, Sunnmøre museum, Møre og Romsdal fylkeskommune, Ørsta kommune, Høgskulen i Volda, Volda kommune, Møreforsking Volda, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Vestmannalaget, Universitetet i Bergen, Møre Folkehøgskule, Universitetet i Tromsø, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Hordaland fylkeskommune og Universitetet i Oslo.
Stiftinga vart skipa 31. august 1993 og er organisert med eit styre og eit råd.
Styreleiar for Nynorsk kultursentrum er Reidar Sandal (2012), oppnemnd av Kulturdepartementet.