Olav Langeland

Olav Langeland (fødd i Hægeland, nåverande Vennesla kommune 14. desember 1866, død i Øvre Eiker 1936) var lærar, folkehøgskulestyrar og organisasjonsmann. Lengste tida av yrkeslivet sitt var han styrar for Buskerud folkehøgskuleFiskum (Darbu) i Øvre Eiker.

Foreldra var småbrukar og arbeidar Ånon Langeland og Eli Kristensdotter Flanestad. Dei dreiv eit bruk av garden Langeland i Hægeland. Olav kom til i farens andre ekteskap. Olav hadde fire halvsysken og fire heilsysken, men fleire av dei døydde som småborn

Olav Langeland gifta seg med Olga Halvorsdotter Ramsås frå Kil ved Kragerø. Foreldra hennar var Halvor og Helene Ramsås. Faren var skipsførar i utanriksfart.

Olav Langeland tok lærarskuleeksamen i Kristiansand i 1887. Han var deretter lærar i Vennesland og Fjære i 11 år. Så hadde han eit års vikariat ved lærarskulen på Notodden. Han var middelskulelærar i Larvik i to år, og amtsskulelærar i Nordre Vestfold i åtte. Frå 1909 var han styrar ved det som seinare fekk namnet Buskerud folkehøgskule.

Langeland var den fyrste styraren ved den nye folkehøgskulen som vart sett i gang på garden Nedre Råen i Øvre Eiker, og han hadde stillinga til 1934, to år før han døydde. I 1913 vart det bygt ein ny skulebygning på ei tomt som var kjøpt frå garden Rud. Den nye skulen fekk namnet Heimtun. Det var Langeland personleg som kjøpte tomta og finansierte husbygginga.