Olav Sletto: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 3: Linje 3:

==Bakgrunn==
==Bakgrunn==
Mor til Olav Sletto var Anne Jensdotter Sletto, 19 år gammal og ugift då han vart fødd i 1886. Ifølgje eit seigliva rykte skulle faren vera [[Bjørnstjerne Bjørnson]], men Bjørnson var i Paris då barnet vart unnfanga og dermed ute av bildet. Ei anna moglegheit vart då Erling, yngste sonen til Bjørnstjerne. Eva Almhjell går gjennom farskapsspørsmålet i boka ''Anne Sletto. Eit kvinneportrett'', Boksmia 2015. Påstanden om Bjørnson-blod i Olav Slettos årer er avvist av lokalhistorikarar tidlegare.<ref>«[http://www.olavslettoselskapet.no/om.php Olav Sletto, ein gåtefull diktar]» av Kåre Olav Solhjell hjå Olav Sletto-selskapet.</ref> Den som står skriven som far er Johannes Kristianson Lundeby (1862-1900) frå Sande i Vestfold.  
Mor til Olav Sletto var Anne Jensdotter Sletto, 19 år gammal og ugift då han vart fødd i 1886. Ifølgje eit seigliva rykte skulle faren vera [[Bjørnstjerne Bjørnson]], men Bjørnson var i Paris då barnet vart unnfanga og dermed ute av bildet. Ei anna moglegheit vart då Erling, yngste sonen til Bjørnstjerne. Eva Almhjell har skrive om mor til Olav Sletto og går mellom anna gjennom farskapsspørsmålet i boka ''Anne Sletto. Eit kvinneportrett'', Boksmia 2015. Påstanden om Bjørnson-blod i Olav Slettos årer er avvist av lokalhistorikarar tidlegare.<ref>«[http://www.olavslettoselskapet.no/om.php Olav Sletto, ein gåtefull diktar]» av Kåre Olav Solhjell hjå Olav Sletto-selskapet.</ref> Men såvel Anne, som sonen Olav, var meistar i å gjera seg gåtefulle.  Den som står skriven som far er Johannes Kristianson Lundeby (1862-1900) frå Sande i Vestfold.

==Liv==
==Liv==
Olav Sletto voks opp hjå besteforeldra i Sletto. Han var ein gløgg skulegut, og gode menn i Hol støtta han økonomisk, så han fekk høgre utdanning. I 1902-03 gjekk han på folkehøgskule på [[Voss]] og i 1907 tok han eksamen ved lærarskulen på [[Notodden]]. Der trefte han Karin Bryde, reiardotter frå Sandefjord, som han seinare gifta seg med.  Paret slo seg frå fyrst av ned i Vollen i Asker (1912-1917), der familien Bryde hadde sin landstad. Dei fekk fire barn. Tre av dei kom til i Vollen, den fjerde vart født på Fiskum.  Dei fire var:  Eva (6.9.1912-7.3.2006), Randi (8.1.1914-17.7.2002), Bjørn (12.3.1915-18.12.1962) og Irene (15.11.1919-31.3.2013).  

Sletto-biograf Lars Reinton skriv i "Ei bok om Olav Sletto" (Samlaget 1966) at Olav Sletto var republikanar, målmann og venstremann. Professor Jørn Øyrehagen Sunde føyer til at han også var pasifist. Men framfor alt brann Olav Sletto for folkehøgskulen. Både han og kona, Karin, var truande menneske, men ikkje av det statskyrkjelege slaget. Han blir av dei fleste forstått som grundtvigianar, mens Øyrehagen Sunde meiner han var høgkyrkjeleg. Sletto var ein stor beundrar av Bjørnstjerne Bjørnson, og Goethe var hans store forbilde. Litterært høyrde Sletto til den romantiske tradisjonen. Han var antimodernist og tok avstand frå realismen som litterær retning. Sjølv kalla han seg ideal-realist, i.e. at han skildrar livets realitetar, men på ein ideal måte. Han var født utanfor ekteskap, vaks opp i små kår. Han hadde røynsler der realistane dikta.  Olav Sletto var diktar av kall, og hans mål var å gi lesaren ei oppleving som ga næring til åndeleg vekst.  Mennesket - sjæli er alt for meg, sa han i eit intervju i "Den 17de Mai" i 1922. Han var i tekst og tale ein stor forkynnar - og forførar.  Som talekunstnar kunne han rive sitt publikum heilt med, slik denne tilhøyraren opplevde han: 

Fram til han i 1917 vart lærar ved [[Buskerud Folkehøgskole]] på [[Fiskum]], livnærte Sletto seg ved ulike lærarjobbar kombinert med taleferder. Det vart meir enn 70 av dei i perioden 1910-1917.  I 1923 vart han skulestyrar ved [[Romerike Folkehøgskole]] på [[Årnes]], ei stilling han hadde fram til skulen vart okkupert av tyske soldatar under [[Noreg under den andre verdskrigen|den andre verdskrigen]].  Olav Sletto var med i den norske målrørsla heile sitt liv, og han var ein varm forsvarar av folkehøgskulen.  

Sideversjonen fra 6. mar. 2019 kl. 12:04

Olav og Karin Sletto. Fotomontasje: Bjørn Furuseth, Hol Bygdearkiv.

Olav Sletto (født 21. juni 1886 i Holet, død 24. oktober 1963 på Geilo i Hallingdal) var forfattar. Sletto debuterte i 1908 med romanen Dei gamle. Han blir særleg hugsa for den mytologiske syklusen om Loke (1915–1918), dei historiske romanane sine frå kyrkjehistoria (1920–1924) og den historiske romansyklusen Soga um Røgnaldfolket (1943–1946). Olver-syklusen (1954–1956) er delvis sjølvbiografisk. Per-bøkene (1939–1942) er av dei finaste skildringane av barndom og oppvekst i norsk litteratur.

Bakgrunn

Mor til Olav Sletto var Anne Jensdotter Sletto, 19 år gammal og ugift då han vart fødd i 1886. Ifølgje eit seigliva rykte skulle faren vera Bjørnstjerne Bjørnson, men Bjørnson var i Paris då barnet vart unnfanga og dermed ute av bildet. Ei anna moglegheit vart då Erling, yngste sonen til Bjørnstjerne. Eva Almhjell har skrive om mor til Olav Sletto og går mellom anna gjennom farskapsspørsmålet i boka Anne Sletto. Eit kvinneportrett, Boksmia 2015. Påstanden om Bjørnson-blod i Olav Slettos årer er avvist av lokalhistorikarar tidlegare.[1] Men såvel Anne, som sonen Olav, var meistar i å gjera seg gåtefulle. Den som står skriven som far er Johannes Kristianson Lundeby (1862-1900) frå Sande i Vestfold.

Liv

Olav Sletto voks opp hjå besteforeldra i Sletto. Han var ein gløgg skulegut, og gode menn i Hol støtta han økonomisk, så han fekk høgre utdanning. I 1902-03 gjekk han på folkehøgskule på Voss og i 1907 tok han eksamen ved lærarskulen på Notodden. Der trefte han Karin Bryde, reiardotter frå Sandefjord, som han seinare gifta seg med. Paret slo seg frå fyrst av ned i Vollen i Asker (1912-1917), der familien Bryde hadde sin landstad. Dei fekk fire barn. Tre av dei kom til i Vollen, den fjerde vart født på Fiskum. Dei fire var: Eva (6.9.1912-7.3.2006), Randi (8.1.1914-17.7.2002), Bjørn (12.3.1915-18.12.1962) og Irene (15.11.1919-31.3.2013).

Sletto-biograf Lars Reinton skriv i "Ei bok om Olav Sletto" (Samlaget 1966) at Olav Sletto var republikanar, målmann og venstremann. Professor Jørn Øyrehagen Sunde føyer til at han også var pasifist. Men framfor alt brann Olav Sletto for folkehøgskulen. Både han og kona, Karin, var truande menneske, men ikkje av det statskyrkjelege slaget. Han blir av dei fleste forstått som grundtvigianar, mens Øyrehagen Sunde meiner han var høgkyrkjeleg. Sletto var ein stor beundrar av Bjørnstjerne Bjørnson, og Goethe var hans store forbilde. Litterært høyrde Sletto til den romantiske tradisjonen. Han var antimodernist og tok avstand frå realismen som litterær retning. Sjølv kalla han seg ideal-realist, i.e. at han skildrar livets realitetar, men på ein ideal måte. Han var født utanfor ekteskap, vaks opp i små kår. Han hadde røynsler der realistane dikta. Olav Sletto var diktar av kall, og hans mål var å gi lesaren ei oppleving som ga næring til åndeleg vekst. Mennesket - sjæli er alt for meg, sa han i eit intervju i "Den 17de Mai" i 1922. Han var i tekst og tale ein stor forkynnar - og forførar. Som talekunstnar kunne han rive sitt publikum heilt med, slik denne tilhøyraren opplevde han:

Fram til han i 1917 vart lærar ved Buskerud FolkehøgskoleFiskum, livnærte Sletto seg ved ulike lærarjobbar kombinert med taleferder. Det vart meir enn 70 av dei i perioden 1910-1917. I 1923 vart han skulestyrar ved Romerike FolkehøgskoleÅrnes, ei stilling han hadde fram til skulen vart okkupert av tyske soldatar under den andre verdskrigen. Olav Sletto var med i den norske målrørsla heile sitt liv, og han var ein varm forsvarar av folkehøgskulen.

Sletto vart ramma av slag i 1941, og frå 1944 fekk han invalidepensjon. Han gav ut bøker under krigen og han takka ja då okkupasjonsmakta i 1940 innvilga han Statens kunstnarløn. For dette vart han etter krigen utestengd frå Den norske forfattarforening, og fekk ikkje gi ut bøker fyrste året etter krigen. I 1948 var medlemskapen igjen i orden. I 1946 flytta Olav og Karin Sletto til Geilo, Hol i Hallingdal. Hol kommune ga han i 1950 årleg æresløn (kr. 800), og i 1960 fekk han igjen statens kunstnarløn (kr. 9000 pr. år). 15. september 2018 var Olav Sletto ein av 17 forfattarar som fekk ei orsaking for den urettvise handsaminga i æresretten etter krigen av Den norske forfatterforening, som markerte sittt 125-års jubileum

Det er publisert fleire artiklar frå taleferdene til Olav Sletto (1912-1917) basert på brevvekslinga mellom Olav og kona Karin. Artiklane er publisert på nettstaden til Olav Sletto-selskapet. Vollen-tida er også skildra i ein artikkel publisert i "Glimt fra Vollen. Årbok for Vollen historielag 2018". Fleire artiklar frå taleferdtida er også publisert i Olav Sletto-selskapet sine årshefter 2016-2019.

Verk

Han debuterte i 1908 med boka "Dei gamle" og hausta stor fagnad. Boka vart forstått som heimstaddikting. Det var ikkje Olav Sletto nøgd med. Han ville ikkje vera heimstaddiktar, og fann ein annan sjanger. Det vart fyrst eit drama, "Sanddal" (1910), med handling lagt til fjellbygda. Mottakinga var noko kjølegare enn den debutboka fekk, så då skifta han sjanger igjen. Han gjekk til norrøn og kristen mytologi og bygde opp sin eigen Loke-karakter, som var sett saman av jotun-, ås- og menneske-hått. Ingen forlag tok sjansen på å gi ut desse originale manusa, som etterkvart vart til fire bøker. Dei kom ut i åra 1915-1918, på Slettos private forlag, Ringen. Kona, Karin Bryde, som kom frå ein rik reiarfamilie i Sandefjord, var til stor hjelp i så måte. Fram til 1939 kom det bøker med religiøst-historisk innhald frå Slettos hand. Fagnad hausta dei lite av, desse bøkene. Rett før andre verdskrigen vende han heim att og skreiv dei fire bøkene om Per (Per Spegil, Per sjøl, Per Stavlang, Per Spelmann). Dei var ein suksess. Han held fram med heimstaddiktinga i "Soga um Røgnaldfolket" (1943-1950), før han avslutta forfattarskapen sin med seks biografiske romanar om Olver. Han ga ut i alt 44 bøker.

Eva-Charlotte Mørk har skrive ei magistergradsavhandling i litteraturvitskap om Mytologisk prefigurasjon i Olav Slettos bøker om Loke, NTNU 2016.

Olav Sletto har òg vorte nemnt som ein «gløymd» norsk fantasy-forfattar.[2][3]

Bibliografi

  • Dei gamle (1908)
  • Sanddal (1910)
  • Smaaord (1912)
  • Tenaren (1913)
  • Um Tyskland (1914)
  • Loke-verket (1915–1918):
    • Loke
    • Domen
    • Millom eldar
    • Skyming
  • Dagning (1920)
  • Geisli (1920)
  • Stefanus (1921)
  • Porten (1922)
  • Signum Christi (1923)
  • Fatum (1924)
  • Elveland (1924)
  • Ambrosius-trilogien:
    • Valet (1926)
    • Primas (1927)
    • Frukt (1928)
  • Uppetter glasberget (1929)
  • Glør (1930)
  • Dagrit (1931)
  • Gildet (1932)
  • Odel – tre skodespel: Gamle Vehall, Skrinet, Flaum (1934)
  • Domhuset – mysteriespel (1936)
  • Per-bøkene:
    • Per Spegil (1939)
    • Per Sjøl (1940)
    • Per Stavlang (1941)
    • Per Spelmann (1942)
  • Soga um Røgnaldfolket:
    • Under Solhov (1943)
    • Ættbunden (1944)
    • Jordfast (1946)
  • Fyrste Glimt (1949)
    • Dag (1950)
  • Broder Hans (1948)
  • Skrinet skal opnast um hundre år (1951)
  • Olver-bøkene:
    • Boki um Olver (1954)
    • På høgt berg (1956)
    • Upp bakke og ned dal (1957)
    • Under Helgafjell (1958)
    • Då tedde ei eldborg (1961)
    • På Alderstun (1963)

Kjelder

Referansar

  1. «Olav Sletto, ein gåtefull diktar» av Kåre Olav Solhjell hjå Olav Sletto-selskapet.
  2. Agnes Bøttcher: «Fantasy, litteratur og den norske virkeligheten» i Vinduet (2003)
  3. Øyvind Myhre: Magiske verdener : fantasi-litteraturen fra Gilgamesj til Richard Adams, Cappelen, 1979 (s. 115). Myhre karakteriserer romanen Skrinet skal opnast um hundre år (1951) som «reinhøvlet Swords & Sorcery».

Bakgrunnsstoff

Litteratur

  • Olav Sletto. Ein studie av Johan Austbø (Kristiania: Norli, 1923)
  • Ei bok om Olav Sletto av Johs. A. Dale og Lars Reinton (Oslo: Det Norske Samlaget, 1966)
  • Anne Sletto. Eit kvinneportrett av Eva Almhjell og Jørn Øyrehagen Sunde, Boksmia forlag 2015

Nettstader