Osestølen (Ustaoset): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m ({{nn}})
Ingen redigeringsforklaring
 
(7 mellomliggende versjoner av 2 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
{{artikkelkoord|60|30|5|N|8|2|26|Ø}}
{{artikkelkoord|60|30|5|N|8|2|26|Ø}}
<onlyinclude>{{thumb høyre|Ustaoset_osestoelen_1890-1900.jpg|Stølshus på Osestølen, Ustaoset. Biletet er teke i samband med stikkinga av Bergensbanen. I midten kan ein skimte telta til jernbanefolka.|Ukjent (1890-1900). Eigar: Hol bygdearkiv.}}{{thumb|Osestoelen_familien_1925.jpg|Ole O. og Anne Vindegg med ungeflokken på trappa til Osestølen.|Ukjent, 1925.}} '''[[Osestølen (Ustaoset)|Osestølen]]''' ligg i sentrum av [[Ustaoset]], [[Hol kommune]]. Stølen er nemnt til garden Geilo, Ustedalen, i 1743, då Ola Vebjørnson Raunsgard og kona Rønnøg Arnesdotter brukte ein del av stølen som pant for eit lån frå Per Asgrimson Nerol, Holet. Stølen er også nemnt til garden i 1755 i samband med eit gardssyn. Ein annan del av stølen høyrde til Verpe, Ustedalen, og er nemnd då garden vart delt i 1745. Ola Hermoson søre Slettemoen, Moen, kjøpte denne stølsdelen av Eirik Knutson Verpe ved skøyte 1771. Ola må ha selt han vidare til Lars Asleson Vindegg (synste søre Kaupang, Kvisla), for ved skifte etter Lars i 1779, var Osestølen lista opp mellom stølane som høyrde til garden. I auksjonsskøytet frå same år er Ola Sveinson frå Nordre søre Kaupang ført opp som kjøpar av garden med stølar.</onlyinclude><ref>[http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-tl20071104371307.jpg Panteregister for Hol anneks (Digitalarkivet)]</ref> Frå 1882 var heile Osestølen i Vindegg sitt eige, etter at Mikkel Olson Vindegg makeskifta til seg ein stølsvoll frå Myljo Slettemoen.
<onlyinclude>{{Thumb|Ustaoset_osestoelen_1890-1900.jpg|Stølshusa på Osestølen, Ustaoset. Biletet er teke i samband med stikkinga av Bergensbanen. I midten kan ein skimte telta til jernbanefolka.|Ukjent (1890-1900). Eigar: Hol bygdearkiv.}}{{thumb|Osestoelen_familien_1925.jpg|Familien Vindegg på trappa utanfor Osestølen. Bak frå venstre: Olav, Ole O., Erling og Anne. Foran frå venstre: Mikkel, Ingebjørg, Maria og Sissel. |Ukjend, 1925.}} '''[[Osestølen (Ustaoset)|Osestølen]]''' ligg i sentrum av [[Ustaoset]], [[Hol kommune]]. Frå 1882 kom heile stølseigedomen i garden [[Vindegg (Hol gnr. 52/1)|Vindegg]], [[Kvisla (Hol)|Kvisla]], sitt eige. Det var kring stølshusa ved [[Ustevatnet]] at hyttebyen vaks fram i samband med utbygginga av [[Bergensbanen]]. Allereie i 1894 vart det som truleg var den fyrste hytta på Ustaoset sett opp ved [[Ustebergstølen (Ustaoset)|Ustebergstølen]], men hyttebygging i stor stil tok til med [[Ole Olsson Vindegg (1880-1955)|Ole O. Vindegg]]. </onlyinclude>


I 1887 var det igjen auksjon i [[Kaupang (Hol)|Kaupang]], denne gongen over [[Vindegg (Hol)|Vindegg]] (som frå 1863 var sett saman av nordre og synste søre Kaupang). Det var Per Mikkelson Vindegg, bror til den tidlegare eigaren [[Ola Mikkelson Vindegg]], som fekk tilslaget. Ola fekk halde fram med å bu på Vindegg med kona Ingebjørg og dei 9 borna. Etter at kona døydde i 1897 budde han likevel på Osestølen mesteparten av året. Dottera Margit (f. 1882) fekk ansvaret for dei yngre syskena sine på Vindegg.  
==Eigedomstilhøve før 1882==
Frå gamalt var det sameige mellom fleire av stølane på Ustaoset. Fleire gardar kunne også eige kvar sine delar av same støl. Båe delane gjaldt for Osestølen, noko som gjer det utfordrande å få oversikt over eigedomstilhøva. Forsøket nedanfor er basert på søk i [[Folk og fortid i Hol]] i [[Nettbiblioteket]].


== Bergensbanen ==
Reinton nemner at garden Geilo, [[Ustedalen (Hol)|Ustedalen]], eigde ein del av Osestølen i 1743. Stølsdelen vart då brukt som pant for eit lån til eit av bruka under Geilo.<ref>Reinton 7: 338</ref> Stølen er også nemnd i samband med deling av Geilo i 1755, då dei to nye eigarane skulle ha kvar sin halvpart av ei bu på Osestølen.  
På denne tida var det stor aktivitet kring Osestølen i samband med bygginga av [[Bergensbanen]]. Etter salet av Vindegg hadde ikkje Ola lenger heimel til grunn på Ustaoset. Han sette likevel opp ein bygning i to høgder, som han brukte til handel og utleige av rom, mest til dei som arbeidde på jernbanen. Dette var forløparen til [[Ustaoset hotell|hotellet]]. Kring 1909 bygde han seg også gardsbruket Osheim. Han sette dessutan opp dei fyrste hyttene i sentrum av Ustaoset. Frå 1907 var det sonen til Ola som eigde Vindegg og Osestøl-eigedomen. Han heitte også Ola, men vart gjerne kalla [[Ola Olson Vindegg|Ole O.]] Ein rettstvist endte med deling av eigedomen mellom far og son. Faren vart sitjande med området kring Osheim og noko utmark, inkludert hotelltomta, ned mot Usta. Ola M. døydde i 1918.


== Dei fyrste hyttene ==
Verpe, Ustedalen, hadde ein del av stølen i 1745. Garden vart delt dette året, og dei to nye eigarane skulle ha denne delen av Osestølen saman.<ref>Reinton 7: 139</ref>   
Det var [[Jens_Meinich_(1872-1947)|Jens Christian Meinich]] som kjøpte den fyrste tomta på Osestølen i 1908, men før hytta kom opp i 1910, rakk kameraten [[Christian Theodor Holtfodt]] å sette opp den aller fyrste hytta i Ustaoset sentrum (1909). I 1915 hadde det kome opp 30 hytter på Vindegg sine eigedomar. Berre fem år seinare var talet tredobla, og i 1940 stod det 200 hytter i ein vid krins rundt Osestølen. Frå 1886<ref>[http://www.rhd.uit.no/matrikkel/mtliste.aspx?knr=0620&gnr=52 Om Kaupang i 1886-matrikkelen]</ref> til 1950<ref>[http://www.dokpro.uio.no/cgi-bin/stad/matr50?task=s&fnr=6&hid=131&gnr=52 Om Kaupang i Matrikkelutkastet av 1950. Digital utg. Dokumentasjonsprosjektet, UiO.]</ref> auka talet på bruk under Kaupang frå 14 til 337, og av dei nye var brorparten hytter på Ustaoset. Det Ola M. hadde starta, overtok og utvida Ole O. Han bygde og leigde bort hytter, og selde eller leigde bort tomter i stor stil. Saman med kona Anne dreiv han gardsbruk både på Vindegg og på Osestølen, og heile familien var engasjert i servicen overfor hyttefolka. Inntektene frå turismen vart pløgd inn i gardsdrifta, mellom anna i form av nye bygningar på Vindegg.  


== Etterkrigstida ==
I 1771 kom søre Slettemoen, [[Moen (Hol)|Moen]], inn i biletet. Eigaren av garden kjøpte dette året Verpe sin del av Osestølen. I 1777 vart denne stølsdelen truleg seld vidare til synste søre Kaupang.<ref>Reinton 3: 91</ref> Ved eit skifte i 1779 vart både Osestølen, [[Gjeilelie støl (Ustaoset)|Gjeilelie]] og [[Lorthøl (Ustaoset)|Lorthøl]] rekna til garden. Dette året vart garden og stølane selde på auksjon til nordre søre Kaupang.<ref>Reinton 6: 286</ref> Jf. også auksjonsskøytet.<ref>[http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-tl20071104371307.jpg Panteregister for Hol anneks (Digitalarkivet)]</ref>
Ole O. overdrog Vindegg til eldstesonen Olav i 1940 og Osestølen til nest eldste sonen, Torleiv, i 1945. Sjølv bygde han eit nytt hus like nedanfor stølen, der han budde når han var på Ustaoset. Etter at Ole O. døydde i 1955 tok sonen Mikkel over dette huset og budde der heile året. Torleiv og Guri med familie busette seg på Osestølen og førde hytteverksemda vidare, dei første åra parallelt med gardsdrift. Olav overtok [[Nyestølen (Ustaoset)|Nyestølen]] nordvest for Osestølen og støla der saman med kona Ingeborg. Tomtene kring stølen vart utnytta til hytteverksemd. Seinare har både Olavs son, Ola, og Torleivs son, Stein og kona Inger Brit, drive omfattande hytteverksemd på Ustaoset. Både Osestølen og Nyestølen har dei seinare åra vore leigd ut til turistar.


== Sjå også ==
Ei avtale kom i stand i 1810 mellom [[Rukenstølane (Ustaoset)|Ruken]], [[Embretstølen med Øynan (Ustaoset)|Øynan]], Gjeilelie og Osestølen om kor grensene for felleshamn og særhamn skulle gå. Synste søre Kaupang (frå 1807 mest kalla Vindegg) og søre Slettemoen eigde då kvar sine delar av Gjeilelie og Osestølen.<ref>Reinton 6: 596</ref> Reinton nemner òg stølen i samband med at eigarane av Geilelie, [[Nystølen (Ustaoset)|Nystølen]], [[Mjølhaugane støl (Ustaoset)|Mjølhaugane]] og Osestølen i 1817 klaga Svein Olson Rudningen for å ha gått ut over beiteretten sin. Striden endte i 1829 med forlik mellom stølseigarane om felles beite og at kvar av dei  skulle ha rett til å utvide stølsvollane og føre opp stølsbuer. Vindegg og søre Slettemoen eigde då framleis Osestølen saman.<ref>Reinton 3: 852</ref>


*[[Kjeldearkiv:Norgesbrev_nr_3328|Brev frå Ole O. Vindegg]] til broren Peder, 1906.
== Vindegg ==
*Oversyn over [[Setrer Ustaoset (Hol)|setrer Ustaoset]].
Neste gong Reinton nemner Osestølen er i 1882. Etter eit makeskifte med myljo Slettemoen, kom heile stølen i Vindegg sitt eige. Eigaren av garden var då Ola Mikkelson Vindegg. Etter ein auksjon i 1887 overtok bror hans, Per Mikkelson Vindegg, garden. Ola fekk likevel bu der med kona Ingebjørg og dei 9 borna. Etter at Ingebjørg døydde i 1897, heldt Ola seg mest Osestølen, medan dottera Margit (f. 1882) fekk ansvaret for dei yngre syskena sine Vindegg.  


== Fotnotar ==
==Bergensbanen==  
Frå omkring 1890 var Ole O. gjetlegut på Ustaoset. Då låg det tre stølsbuer og ei løe på Osestølen. Bortsett frå ein og annan turist, som ønskte båtskyss over Usta til [[Haugastøl]], var det lite trafikk. 


<references/>
På slutten av 1800-talet auka aktiviteten kring Osestølen i samband med bygginga av [[Bergensbanen]]. Det dro Ola M. nytte av. Sjølv om ikkje lenger hadde heimel til grunnen på Ustaoset, sette han opp ein bygning i to høgder, som han brukte til handel og utleige av rom, mest til dei som arbeidde på jernbanen. Dette var forløparen til [[Ustaoset hotell]]. Det budde også jernbanefolk i telt kring stølshusa. Ola M. selde også produkt frå garden Osheim, som han sette opp kring 1909 og dreiv saman med andre kona, Kari Kittilsdotter Sausgardshaugen. 


== Kjelder ==
== Eigedomsgrenser ==
*[[Reinton, Lars]] og [[Sigurd Reinton|Sigurd]]: ''Folk og fortid i Hol''. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982. Bind 6 og 7.  
I 1907 overtok Ole O. garden Vindegg og stølseigedomane. Ein rettstvist mellom far og son endte med at Ola M. fekk behalde Osheim, hotelltomta og noko utmark ned mot Usta, som gjekk i arv til Kari og borna då Ola M. døydde i 1918. 
*[[Kåre Olav Solhjell|Solhjell, Kåre Olav]]: ''Hol i hundre år''. Utg. Hol kommune, 2000-  . Bind 1.
 
Fleire grenser vart dregne på same tida. Osestølen og Nystølen hadde frå gamalt vore i sameige med Kulthaug og Hovdestølen. Sjølv om nokre grenser var gått opp i delekontrakt av 1825, kravde Ole O. i 1911 utskifting av fjellhamna til stølane. Utskiftingsområdet grensa til Såballia og gjekk etter Kulthauggroven til Eimeån og til grensa mot Prestholt. I 1916 vart også hamna for dei nedre områda delt mellom dei same stølane. Tilgang på ved og slåttar, grunneigedomsrett og jaktrett skulle følgje hamneretten.<ref>Reinton 6: 3</ref> 
 
I 1935 hadde Vindegg eigedomane Osestølen og Nystølen, som var i bruk, og Gjeilelie og Lorthøl, som var nedlagde.<ref>Reinton 6: 286, 294</ref> 
 
== Stølsdrift ==
Ole O. hadde gifta seg med [[Anne Vindegg (1884–1980)|Anne]] frå nabogarden Tufto i Kvisla i 1911. Ho hadde vore med og støla på [[Urenstølane (Ustaoset)|Uren]], nærmare [[Hallingskarvet]] i retning Haugastøl, frå ho var lita. No fekk ho ansvaret for stølinga på Osestølen. Med Bergensbanen vart det fart i avsetjinga på mjølk og ost og andre stølsprodukt. Fyrst til jernbanefolka og etter kvart også til turistane. 
 
==Dei fyrste hyttene==
Det var Ola M. som fekk sett opp dei fyrste hyttene kring Osestølen. [[Jens_Meinich_(1872-1947)|Jens Christian Meinich]] kjøpte den fyrste tomta på Osestølen i 1908, men før hytta kom opp i 1910, rakk kameraten [[Christian Theodor Holtfodt]] å få sett opp den aller fyrste hytta i sentrum av Ustaoset i 1909.   
 
I 1915 hadde det kome opp 30 hytter på Vindegg sine eigedomar. Berre fem år seinare var talet tredobla, og i 1940 stod det 200 hytter i ein vid krins rundt Osestølen. Frå 1886<ref>[https://rhd.uit.no/matrikkel/matrikkel.aspx 1886-matrikkelen ved Registreringssentralen for historiske data]</ref> til 1950<ref>[http://www.dokpro.uio.no/cgi-bin/stad/matr50?task=s&fnr=6&hid=131&gnr=52 Om Kaupang i Matrikkelutkastet av 1950. Digital utg. Dokumentasjonsprosjektet, UiO.]</ref> auka talet på eigedomar under Kaupang, som bruket Vindegg låg under, frå 14 til 337. Av dei nye var brorparten hytter på Ustaoset. 
 
Den utbygginga som Ola M. hadde sett i gang kring Osestølen, overtok og utvida Ole O. Etter kvart bygde, leigde han bort og selde hytter og tomter i stor stil, og det som starta som ei binæringa, vart ein stadig større del av den totale verksemda. [[Anne Vindegg (1884–1980)|Anne]] og ungane vart viktige både i gardsdrifta på Vindegg, stølsdrifta på Ustaoset og tenestytinga overfor hyttefolk og andre turistar. Innkomene frå turismen vart pløgd inn i gardsdrifta, mellom anna i form av nye bygningar på Vindegg. 
 
==Etterkrigstida==
Ole O. overdrog i 1940 Vindegg-eigedomane til eldstesonen Olav, med unnatak av Osestølen. Der bygde han seg eit nytt hus like nedanfor det gamle stølshuset, som han budde i når han var på Ustaoset. Da han døydde i 1955 tok tredje eldste sonen Mikkel over huset som heilårsbolig. Olav overtok [[Nystølen (Ustaoset)|Nystølen]], nordvest for Osestølen, og der kona Ingeborg støla. Tomtene kring stølen vart nytta til hytter. 
 
Nest eldste sonen, Torleiv, overtok resten av Osestøl-eigedomen i 1945. Her busette han seg saman med kona Guri og borna. Dei fyrste åra dreiv dei parallelt med gardsdrift og hytteverksemd, men etter kvart vart det slutt med dyr og fjøset vart gjort om til lager. 
 
I 1970-åra overtok Olavs son, Ola, Vindegg og Nystøl-eigedomen, medan Torleivs son, Stein og kona Inger Brit overtok Osestøl-eigedomen. Stølshusa på Osestølen og Nystølen har dei seinare åra vore leigd ut til turistar. Frå 2020-talet er det fjerde generasjon Vindegg som driv hytteservice på eigedomane kring Osestølen og Nystølen.
 
==Sjå også==
 
*[[Kjeldearkiv:Norgesbrev_nr_3328|Brev frå Ole O. Vindegg]] til broren Peder, 1906.
*Oversyn over [[Stølar på Ustaoset (Hol)|stølar på Ustaoset]].
 
==Fotnotar==
 
<references />
 
==Kjelder==
*[[Reinton, Lars]] og [[Sigurd Reinton|Sigurd]]: ''Folk og fortid i Hol''. Utg. i kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982.  
**Band 3: 1972. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2012032208000}}.
**Band 6: 1977. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2016102448006}}.
**Band 7: 1979. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2017032826001}}.
*[[Kåre Olav Solhjell|Solhjell, Kåre Olav]]: ''Hol i hundre år''. Utg. Hol kommune, 2000-  . Band 1.
*Tufte, Einar: Hyttebyen Ustaoset. Møtested mellom øst og vest. Foreningen til Ustaosets Vel, 2006.


[[Kategori:Setrer]]
[[Kategori:Setrer]]

Nåværende revisjon fra 29. mar. 2024 kl. 20:29

Koordinater: 60°30′5″ N 8°2′26″ Ø


Stølshusa på Osestølen, Ustaoset. Biletet er teke i samband med stikkinga av Bergensbanen. I midten kan ein skimte telta til jernbanefolka.
Foto: Ukjent (1890-1900). Eigar: Hol bygdearkiv.
Familien Vindegg på trappa utanfor Osestølen. Bak frå venstre: Olav, Ole O., Erling og Anne. Foran frå venstre: Mikkel, Ingebjørg, Maria og Sissel.
Foto: Ukjend, 1925.

Osestølen ligg i sentrum av Ustaoset, Hol kommune. Frå 1882 kom heile stølseigedomen i garden Vindegg, Kvisla, sitt eige. Det var kring stølshusa ved Ustevatnet at hyttebyen vaks fram i samband med utbygginga av Bergensbanen. Allereie i 1894 vart det som truleg var den fyrste hytta på Ustaoset sett opp ved Ustebergstølen, men hyttebygging i stor stil tok til med Ole O. Vindegg.

Eigedomstilhøve før 1882

Frå gamalt var det sameige mellom fleire av stølane på Ustaoset. Fleire gardar kunne også eige kvar sine delar av same støl. Båe delane gjaldt for Osestølen, noko som gjer det utfordrande å få oversikt over eigedomstilhøva. Forsøket nedanfor er basert på søk i Folk og fortid i Hol i Nettbiblioteket.

Reinton nemner at garden Geilo, Ustedalen, eigde ein del av Osestølen i 1743. Stølsdelen vart då brukt som pant for eit lån til eit av bruka under Geilo.[1] Stølen er også nemnd i samband med deling av Geilo i 1755, då dei to nye eigarane skulle ha kvar sin halvpart av ei bu på Osestølen.

Verpe, Ustedalen, hadde ein del av stølen i 1745. Garden vart delt dette året, og dei to nye eigarane skulle ha denne delen av Osestølen saman.[2]

I 1771 kom søre Slettemoen, Moen, inn i biletet. Eigaren av garden kjøpte dette året Verpe sin del av Osestølen. I 1777 vart denne stølsdelen truleg seld vidare til synste søre Kaupang.[3] Ved eit skifte i 1779 vart både Osestølen, Gjeilelie og Lorthøl rekna til garden. Dette året vart garden og stølane selde på auksjon til nordre søre Kaupang.[4] Jf. også auksjonsskøytet.[5]

Ei avtale kom i stand i 1810 mellom Ruken, Øynan, Gjeilelie og Osestølen om kor grensene for felleshamn og særhamn skulle gå. Synste søre Kaupang (frå 1807 mest kalla Vindegg) og søre Slettemoen eigde då kvar sine delar av Gjeilelie og Osestølen.[6] Reinton nemner òg stølen i samband med at eigarane av Geilelie, Nystølen, Mjølhaugane og Osestølen i 1817 klaga Svein Olson Rudningen for å ha gått ut over beiteretten sin. Striden endte i 1829 med forlik mellom stølseigarane om felles beite og at kvar av dei skulle ha rett til å utvide stølsvollane og føre opp stølsbuer. Vindegg og søre Slettemoen eigde då framleis Osestølen saman.[7]

Vindegg

Neste gong Reinton nemner Osestølen er i 1882. Etter eit makeskifte med myljo Slettemoen, kom heile stølen i Vindegg sitt eige. Eigaren av garden var då Ola Mikkelson Vindegg. Etter ein auksjon i 1887 overtok bror hans, Per Mikkelson Vindegg, garden. Ola fekk likevel bu der med kona Ingebjørg og dei 9 borna. Etter at Ingebjørg døydde i 1897, heldt Ola seg mest på Osestølen, medan dottera Margit (f. 1882) fekk ansvaret for dei yngre syskena sine på Vindegg.

Bergensbanen

Frå omkring 1890 var Ole O. gjetlegut på Ustaoset. Då låg det tre stølsbuer og ei løe på Osestølen. Bortsett frå ein og annan turist, som ønskte båtskyss over Usta til Haugastøl, var det lite trafikk.

På slutten av 1800-talet auka aktiviteten kring Osestølen i samband med bygginga av Bergensbanen. Det dro Ola M. nytte av. Sjølv om ikkje lenger hadde heimel til grunnen på Ustaoset, sette han opp ein bygning i to høgder, som han brukte til handel og utleige av rom, mest til dei som arbeidde på jernbanen. Dette var forløparen til Ustaoset hotell. Det budde også jernbanefolk i telt kring stølshusa. Ola M. selde også produkt frå garden Osheim, som han sette opp kring 1909 og dreiv saman med andre kona, Kari Kittilsdotter Sausgardshaugen.

Eigedomsgrenser

I 1907 overtok Ole O. garden Vindegg og stølseigedomane. Ein rettstvist mellom far og son endte med at Ola M. fekk behalde Osheim, hotelltomta og noko utmark ned mot Usta, som gjekk i arv til Kari og borna då Ola M. døydde i 1918.

Fleire grenser vart dregne på same tida. Osestølen og Nystølen hadde frå gamalt vore i sameige med Kulthaug og Hovdestølen. Sjølv om nokre grenser var gått opp i delekontrakt av 1825, kravde Ole O. i 1911 utskifting av fjellhamna til stølane. Utskiftingsområdet grensa til Såballia og gjekk etter Kulthauggroven til Eimeån og til grensa mot Prestholt. I 1916 vart også hamna for dei nedre områda delt mellom dei same stølane. Tilgang på ved og slåttar, grunneigedomsrett og jaktrett skulle følgje hamneretten.[8]

I 1935 hadde Vindegg eigedomane Osestølen og Nystølen, som var i bruk, og Gjeilelie og Lorthøl, som var nedlagde.[9]

Stølsdrift

Ole O. hadde gifta seg med Anne frå nabogarden Tufto i Kvisla i 1911. Ho hadde vore med og støla på Uren, nærmare Hallingskarvet i retning Haugastøl, frå ho var lita. No fekk ho ansvaret for stølinga på Osestølen. Med Bergensbanen vart det fart i avsetjinga på mjølk og ost og andre stølsprodukt. Fyrst til jernbanefolka og etter kvart også til turistane.

Dei fyrste hyttene

Det var Ola M. som fekk sett opp dei fyrste hyttene kring Osestølen. Jens Christian Meinich kjøpte den fyrste tomta på Osestølen i 1908, men før hytta kom opp i 1910, rakk kameraten Christian Theodor Holtfodt å få sett opp den aller fyrste hytta i sentrum av Ustaoset i 1909.

I 1915 hadde det kome opp 30 hytter på Vindegg sine eigedomar. Berre fem år seinare var talet tredobla, og i 1940 stod det 200 hytter i ein vid krins rundt Osestølen. Frå 1886[10] til 1950[11] auka talet på eigedomar under Kaupang, som bruket Vindegg låg under, frå 14 til 337. Av dei nye var brorparten hytter på Ustaoset.

Den utbygginga som Ola M. hadde sett i gang kring Osestølen, overtok og utvida Ole O. Etter kvart bygde, leigde han bort og selde hytter og tomter i stor stil, og det som starta som ei binæringa, vart ein stadig større del av den totale verksemda. Anne og ungane vart viktige både i gardsdrifta på Vindegg, stølsdrifta på Ustaoset og tenestytinga overfor hyttefolk og andre turistar. Innkomene frå turismen vart pløgd inn i gardsdrifta, mellom anna i form av nye bygningar på Vindegg.

Etterkrigstida

Ole O. overdrog i 1940 Vindegg-eigedomane til eldstesonen Olav, med unnatak av Osestølen. Der bygde han seg eit nytt hus like nedanfor det gamle stølshuset, som han budde i når han var på Ustaoset. Da han døydde i 1955 tok tredje eldste sonen Mikkel over huset som heilårsbolig. Olav overtok Nystølen, nordvest for Osestølen, og der kona Ingeborg støla. Tomtene kring stølen vart nytta til hytter.

Nest eldste sonen, Torleiv, overtok resten av Osestøl-eigedomen i 1945. Her busette han seg saman med kona Guri og borna. Dei fyrste åra dreiv dei parallelt med gardsdrift og hytteverksemd, men etter kvart vart det slutt med dyr og fjøset vart gjort om til lager.

I 1970-åra overtok Olavs son, Ola, Vindegg og Nystøl-eigedomen, medan Torleivs son, Stein og kona Inger Brit overtok Osestøl-eigedomen. Stølshusa på Osestølen og Nystølen har dei seinare åra vore leigd ut til turistar. Frå 2020-talet er det fjerde generasjon Vindegg som driv hytteservice på eigedomane kring Osestølen og Nystølen.

Sjå også

Fotnotar

Kjelder