Per Berg (1886–1974)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 1. okt. 2012 kl. 08:25 av Kallrustad (samtale | bidrag) (under arbeid)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Mal:Thumb høyre Per Berg (fødd 4. november 1886 på Steinbakken, ein tidlegare plass under Systugu Stavem i Lesja, død 1974) var lærar og underoffiser. Per Berg var fyrst lærar ved framhaldsskulen i Vågå til 1922, flytte så til Hamar der han var lærar og til sist overlærar ved Hamar folkeskole (Midtbyen skole).

Berg vaks opp på Lesja som son av O. H. Berg, som òg var lærar, og Kari f. Bjorli. Berg tok eksamen ved Ingeniørvåpenets underoffisersskole i 1909 og lærerskoleeksamen på Elverum i 1914. I vaksen alder, i 1922, tok han artium ve reallinja. Berg vart gift med Sigrid Gaalaas frå Furnes utafor Hamar.

Per Berg samla mykje tilfang til Bygdebok for Lesja og skreiv slektshistoriske artiklar m.a. i Årbok for Gudbrandsdalen (Dølaringen) og Norsk Slektshistorisk Tidsskrift.

Kjelder og litteratur