Romsdalsmuseet

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. sep. 2008 kl. 16:34 av Olve Utne (samtale | bidrag) (s)
Hopp til navigering Hopp til søk

Romsdalsmuseet blei grunnlagt av Peter Tønder Solemdal i 1912 som Romsdal Bygdemuseum og er eit av dei største distriktsmusea i Noreg. Den første bygningen blei innkjøpt i 1914.

Museet har eit bibliotek og fleire fotosamlingar, og det huser òg Romsdalsarkivet.

Avdelingar

  • Friluftsmuseet på Reknes i Molde blei opna i 1928 og har kring 40 bygningar frå Molde og Romsdal. Museet er ein park og består av fleire tun der folk kan sjå bygningar frå 1600-talet og opp til 1900-talet. Ei bygate frå Molde er òg oppsett der, slik at folk får ein smakebit av det arkitektoniske miljøet i byen føre bybrannane i 1916 og 1940. Avdelinga har i tillegg festlokale og stor utescene som blir brukt blant anna av Moldejazz.
  • Fiskerimuseet på Hjertøya rett utanføre Molde sentrum består av 15 gamle bygningar frå sjøbruk og fiske. Avdelinga blei vedteken oppretta i 1948.
  • Holmarka er ein besøksgard og det siste attverande bynære småbruket som er i drift i Molde. Det har rett nok blitt halvert på grunn av bustadbygging, men Romsdalsmuseet og Molde kommune samarbeider om vern og formidling. Eigar og drivar av våningshuset og tunet er forfattaren Knut Ødegård.

Lenkjer

Mal:Bokmålswikipedia