Samisk historie på Nordmøre og i Sør-Fosen

Den samiske historiaYtre Nordmøre er foreløpig lite kartlagt. I nærområdet veit vi at det har vore sørsamisk reindrift i Trollheimen og på Fosenhalvøya i lange tider, og vi har òg dokumentasjon på reindrift kring Hemnkjølen og så langt vest som fjellområda mellom Valsøyfjorden i Halsa kommune og Bøverdalen i Surnadal kommune. I Aure og Smøla kommunar er det først og fremst i stadnamna at den samiske delen av lokalhistoria kjem til synes. På Veiholmen er det òg gjort éit vesentleg arkeologisk funn: ein vevspjelk i horn med typisk sørsamisk ornamentikk.

Ein av dei karakteristiske «kulmagane», jfr. sørsamisk bagkodh (‘svelle (om mage)’, i Baggan på Tustna.
Foto: Olve Utne

Språk

 
Ei kokse i støa ved NordheimStabblandet.
Foto: Olve Utne

Ord i dialekten på Ytre Nordmøre som har samiske røter inkluderer gaffe (‘person som gjer dumheiter og sosiale tabbar’ (Tustna), Mal:Sørsam. gaffa, goffe (‘dumming’) og gåffoeh (‘dum’)); ko’ks (‘flatbotna småbåt’ (Tustna), Mal:Sørsam. guksie (‘ause, trekopp’)); møydde (Valsøyfjorden) / moidde (Aure) / moidd (Tustna) (‘fjordtorsk’, jfr. Mal:Lulesam. muojdde (‘sverm, skokk, stim’)); søtjo (‘mygg’, jfr. Mal:Sørsam. sætnjoe (‘kløe’) og tjoere (‘insekt’)).

Stadnamn

Norske namn som kan vise til samar og samisk næring

Aure kommune: På vestsida av Skardsøya ligg garden Finnset (saman med Finnsetbugen og Finnsetstien), og noko lenger vest — på vestenden av Grisvågøya, ligg Finnstuheia. Finnfløa er ei grunne som ligg rett nordom Lesundøya. Anna enn at Finnfløa ligg mellom dei andre Finn-stadene i Aure, er det usikkert om namnet har bakgrunn i folke- eller naturforhold — men merk likevel muleg samisk opphav til stadnamnet Melkvik berre dryge 100 meter sørom Finnfløa. Ei gammal segn nedskriven av Ivar Vik fortel om samar i samband med Skardsøya:

Det va en kall her så ette Vinter. Han spol en finn så dem trudd kunn å tråll, om en kunn få vekk vargjen på Skalsøyn. Ka finn svarra, veit æ itj, men varjen kom nå bort her ette di.

Det finst ikkje registrert nokon namn av typane Lapp-, Kåt(e)- eller Gam- i Aure kommune.

Rein

Namn på Rein- kan ha fleire tydingar, deriblant dyret rein. I Aure kommune finst rein-namn langs grensa til Hemne kommune: Litl Reinsjøen ovom Kjørsvikbugen renn ut i Reinsjøelva. Ovom Litl Reinsjøen ligg det større vatnet som offisielt heiter Reinsjøen på Aure-sida og Rennsjøen på Hemne-sida. I lia mellom Årvågsfjorden og Åsgardvatnet ligg tjørna Reinvasstjønna. Ovom Åsgardvatnet att ligg Reinskara, og fjellet som offisielt heiter Åsgardfjellet blir òg kalla Reinskarfjellet, og attom to lange åsryggar på snaufjellet ligg Reinskarbotnen. I alle desse falla er namna knytt til langsmale, plogfor-aktige former, og det er truleg rimeligast å sette desse rein-namna i samband med åkerreiner heller enn reinsdyr.

I Halsa kommune ...

Namn med både norske og samiske ledd

 
Kuliberga ved Langholmen.
Foto: Olve Utne

Kuliberga nordaust på Langholmen er ei stort sett flat grunnfjellflate som har vore bruka til fiskberg, jfr. sørsamisk guelie (‘fisk’).

Møyslåtten er ei øy som hører til Golma der det vart drive utslått. Øya ligg kring 2 km utanfor Golmvågen i tildels ureint farvatn og kan til tider vera kronglut å komma seg til. Ut frå funksjonen og tilgjengelegheita er det rimeleg å tru at sørsamisk myöhtsese-sluehtie (avsidesliggjande utslått) kan liggja til grunn, der sluehtie i sin tur er eit samisk lån frå norrønt sláttr.

Det finst fleire namn på Melk- og Mjølk- på plassar i Aure kommune som ligg slik til at stølsdrift/mjølking ikkje verkar særleg truleg. Ein del av desse plassane ligg ved sjøen, og gjerne på plassar med ein tydelige «krok» i landskapsforma. Det sørsamiske ordet måelhkie tyder ‘krok, sving (f.eks. på en elv, vei)’. Slike plassar inkluderer Melkvik på Lesundøya; denne Melkvika er ei skarpvinkla vik som forøvrig ligg berre dryge 100 meter i luftlinje sørom Finnfløa. Melkvika under InnerbergStabblandet er mindre tydelig vinkelforma i seg sjølv med vår tids havnivå, men vinkelforma kjem tydelegare fram ved fem meters høgd over havet etter vår tids nivå. Mjølkenesbukta ved Vinsternesvågen er avgrensa i aust av eit nes som viser tilnærma rett vinkel ved 5–10 moh.

Namn med berre samiske røter

Araboltan rett sørom Langholmen har, som andre arabolt-namn, truleg opphav i sørsamisk aaregen baalte, som tyder ‘attmed steinurda’ — her: attmed skjergruppa.

<googlemap version="0.9" lat="63.16559" lon="7.90000" zoom="15">63.16559, 7.90000, Golmvågen/Golmsundet</googlemap> Golma som stadnamn har truleg opprinneleg vist til området ved Golmvågen/Golmsundet, som er karakterisert ved tre (sørsamisk golme) forgreiningar — jamfør alle andre namn på Golm- og Gålm- som finst registrert i Noreg.

 
Utsikten nedover holegangen ved Nauthatten — eller Navth-haevtie?
Foto: Olve Utne

Nautan, sidan slutten av 1800-talet offisielt «Nordheim», er ein matrikkelgard som ligg i eit område særprega av langsmale former, inkludert Sagvikvatnet så vel som det langsmale høgdedraget frå Nauthatten til Trollskardhaugen. Namnet har truleg opphav i sørsamisk navte eller nåvte som tyder ‘skaft på grov reiskap’ (økse-, sleggje-), fleirtal navth eller nåvth. Nordenden av åsryggen er særprega av ei relativt stor hole på skrå ned i berget i den bratte austsida. Eit slikt hol blir kalla haevtie på sørsamisk, og det er grunn til å tru at Nauthatten kjem av sørsamisk Navth-haevtie eller Navti-haevtie.

Arkeologi

Kjelder

  • Stenvik, Lars F.: «En vevspjelk fra Veidholmen», i Årbok for Nordmøre 1981, s. 65–70.

Lenkjer