Skjåk historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Logoen åt historielaget.

Skjåk historielag er eit historielag i Skjåk kommune i Ottadalen. Laget vart stifta i 1932 og er tilslutta Landslaget for lokalhistorie. Historielaget gir ut årboka Kvelds-seto - Gåmålt frå Skjåk. Leiar pr. 2021 er Stein Grjotheim.

Historikk

Byrjinga

Marlo skule i 1924.

Den 17. januar 1932 var det kalla saman til eit møte i Marlo skulehus. Intensjonen med møtet var å få skipa til eit historielag i Skjåk. Rolv K. Øygard stod i spissen for dette, og det var han som ynskte velkomen. Her tok dei for seg tankar om kva for arbeid eit historielag burde ta opp, og det vart og lagt fram utkast til lover for laget. I det fyrste styret sat:

  • Formann: Rolv K. Øygard
  • Varaformann: Olav Øygard
  • Kasserar: O. Aanstad

Styremedlemmar: Tea Kummen og Hans Hagen

  • Varamedlemmar: Gregor Kummen og Hans Hagen

Kontingenten vart sett til kr 1.00 for eit år eller kr 20.00 ein gong for alle. Den vanskelege økonomiske situasjonen utover i 30-åra førte til ei nedsetjing av årskontingenten til kr 0.50.

Dei fyrste styremøta vart haldne på Aandabu kaffestove. Ellers var det møter på Aanstad. Her tok dei opp tanken om ein jubileumsfest i Bråtå på bakgrunn av at det var 200 år sidan dei fyrste oppsitjarane slo seg ned der. Jubileet vart halde i 1933. Det var og mange som ivra for å få til eit namnebyte frå Bråtådalen til Åstradalen. Det viste seg å vera stor interesse for dette i Bråtå. Skulestyret gjekk og med på å endre namnet på krinsen til Åstradal skulekrins. Det vart reist spørsmål om kva som var den rette skrivemåten. Trass i at autoritetar i Noreg ville ha Ostra, ynskte historielaget å nytte Åstra. I 1961 tok Tore Ørjasæter denne tanken oppatt. Noko namneendring vart det likevel ingen ting av. Det vart og vedteke å få reist ein stein ved Storbråtå, der det fyrste huset i grenda stod. Denne steinen vart reist i 1933.

Ættebøker

I perioden 1936-1941 er det ingen ting å finne i møteboka for historielaget. I 1941 vart det halde eit møte på Aandabu. Den einaste saka var rekneskapen 1936-40. Den 6. august same året vart det så halde eit møte i Misjonshuset der ein skulle få til ein «rekonstruksjon» av Skjåk historielag. Til det nye styret vart valde: Olav Øygard, Hans Hagen, Ivar Øygard, Kristen Aanstad og Mathias Bruheim. Styret valde til formann Olav Øygard.

Eilev Bakke la på dette møtet fram ei erklæring frå prost Bakke datert juli 1943 frå prost H.H. Neumanns arvingar at historielaget kunne få gjeva ut «Skjåks slægter» i bokform. Det vart vedteke å få trykt boka så fort som råd. Dette prosjektet førte til pengeinnsamling og basarar. Trykkinga ville kome på omlag kr 8000.00 for 1500 bøker. Innbindinga vart gjort av Th. Morken for kr 7.00 pr. bok. Arbeidet med retting og innsamling av opplysningar viste seg å ta så lang tid at sjølve trykkinga måtte utsetjast. Den 15. desember 1946 vart det vedteke å selja Ætteboka for kr.15.00 pr bok. Lillehammer trykkeri hadde trykt boka. Året etter vart det vedteke å utarbeide eit tillegg til Ætteboka fordi det var så mange namn som mangla. I 1968 kom så arbeidet i gang med å gje ut Ættebok II. Oppgåva til Erling Bruheim vart utvida til også å føra slektene lenger attende og å rette opp ein del feil som hadde kome til syne. Då Erling Bruheim døydde, tok Anna Bruheim over og fullførte arbeidet. Boka vart lagt ut til sal på etterjulsvinteren 1970. Innbindinga kom på kr. 8.30 pr bok. Styremedlemene kausjonerte for eit lån på kr 40.000.00 for å få gjeve ut den siste ætteboka.

Andre verdskrigen

Under og like etter krigen var det stor interesse for å skipa til møter på ulike stadar i bygda. Dei mest populære emna var slikt som: samtale om felemusikk, diktlesing og gamle viser, kjende personar, jordbruket, skogbruket, samferdsel, sæterstell, heimindustri og umgangsskulen. Dette fortel mykje om søk etter eigen identitet i kontrast til den kulturen som fylgde med okkupasjonsmakta. Mange var til stades på desse møta. Den 6. februar 1944 var det omlag 100 personar. Den 7. mai var det 110 som møtte på Nord i Lund.

På dette siste møtet er fotosamlinga etter Kristian Stakston nemnd i møteboka for fyrste gong. Det var no i gang arbeid med å få kjøpt samlinga. Fjorten dagar seinar møtte Kristian Stakston på styremøte, og avtale vedkomande kjøpet vart skriven. Prisen vart kr 2000.00. Historielaget skulle og få retten til dei bileta som vart tekne etter denne datoen. Fyrst i mars 1957 vart det sett fortgang i arbeidet med å flytte biletsamlinga over til historielaget. Same våren byrja Sevald Forberg Skogli med kopiering av bileta. Resultatet vart så godt at det vart vedteke å fortsetja arbeidet. Eit år etter var dei fleste bileta kopierte. I 1985 byrja så smått registreringa av bileta. Samlinga etter fotograf Risheim er også deponert hos laget.

Fel-Jakup

Den 23. juli 1944 dukkar Fel-Jakup-stugu opp i møteprotokollen. Det vart da vedteke å søkje Skjåk heradsting om løyve til å flytta og å setja opp stugu på Maihaugen. I mars 1947 vart det vedteke å gjera noko med stugu før ho tok meir skade. Framleis var planen å få sett ho opp på Maihaugen. Året etter kom tanken om å plassere stugu ved Fel-Jakup-steinen fram. Tanken var vidare å restaurere Bruheimsfjøset og å setja det på same staden. I tillegg skulle ein bygge ei Skjåkstugu. Dette skulle bli eit inntun der ein kunne ha festar og andre tilstelningar. Resultate vart ikkje slik. I 1957 vart så det siste arbeidet med stugu etter Fel-Jakup utført. Ho vart reist på den plassen ho står i dag. Dei som stod for flyttinga og oppsetjinga, var Otto Plassen og Lars Viken. Mellom anna vart det ordna med ein del inventar til stugu. Fleire gonger har tanken om flytting av stugu vore framme i biletet. Årsaken har vore både høgspentliner og vegvesenet sitt anlegg bak stugu. Særleg aktuelt var det i 1975. I samarbeid med Almenningen kom det etter kvart til ei avtale om at stugu kunne gjerdast inn. Vegvesenet godkjente avkøyring, og Fel-Jakup-steinen fann sin plass ved stugu.

Stemne

I 1956 tok historielaget initiativ til ei kombinert spelemannsstemne og minnestemne om Fel-Jakup. Dette året var det 80 år sidan han døydde. Ein fest for Tore Ørjasæter på 70 års-dagen hans vart halden 24. juni 1956. 10. mars 1963 var det minnekveld der temaet var rasulukka i Nordberg i 1913. Om lag 400 møtte fram i Nordberg skule. I 1971 var det jubileumsfest kombinert med spelemannsstemne etter Fel-Jakup. Ho føregjekk den 14.-15. august. Det var 150 år sidan den kjende spelemannen var fødd. Ei ny minnestemne om Tore Ørjasæter kom i stand i 1986 - 100 år etter at han var fødd.

Kulturvern

Historielaget har og vore oppteke av generelt kulturvern. I fyrsten av 1960-åra arbeidde dei for å hindre at gamle bymøblar kom inn i heimane i Skjåk. Dei ville prioritere lokale handverkarar og med det halde på den gamle stilen. Restaurering av gamle bygningar har ofte vore diskusjonstema. Problemet har gjerne vore eigna plass for oppsetjing og store kostnadar. Intensjonane har difor ikkje vore lette å fylgje opp.

I 1960 finn vi i møteboka tankar om eit bygdatun i Skjåk. Laget var reservert på grunn av økonomien. Det var Rikard Skjelkvale som fleire gonger tok opp denne tanken i denne tida. Mange hus vart undersøkt med tanke på kjøp, men det ser ikkje ut til at det vart handel i noko tilfelle. I 1964 vart det aktualisert ved at dei gamle husa på Uppigard Skjåk kunne bli selde. Historielaget oppmoda kommunestyret om å ta eit initiativ i saka. Ellers skulle ein samle inn pengar og arbeide med overtaking av husa. Alle hus, innbu og lausøyre vart registrert. Det vart sett i gang aktieteikning, og advokat for oppsetjing av kontrakt vart kontakta. Det ser ut til å ha vore ei ivrig brevveksling mellom dei ulike etatar utan at det gav noko resultat. Garden er i dag freda, men historielaget er ikkje lenger inne i biletet.

Arkivmateriale

Etter eit heller omflakkande tilvære har historielaget sitt arkiv fått ein teneleg og forsvarleg plass i kjellaren i kommunehuset. Historielaget har gjennom tida fått mykje arkivmateriale i si eige. Dette er registrert og lagt inn i ein felles katalog med dei andre privatarkiva i Oppland (Opplandsarkivet).

Fotosamlinga

Skjåk Historielag har ei samling på omlag 17000 bilete. Dette er eit resultat av innsamling over mange år. Det er bilete etter fotografar og frå private personar. Desse vil etter kvart bli lagt inn på Digitalt museum i september 2021 er 5300 bilete søkbare for alle. I fotosamlinga er det ID-kort frå andre verdskrigen og flyfoto av gardane i Skjåk. Flyfotoa er digitalisert av Fylkesarkivet på Lillehammer og er tilgjengelege på nettet.

Aktivitetar

Historielaget har åleine eller i samarbeid med andre lagt opp til fleire turar og sosiale samkomer. Mange av turane har gått til setrar i Skjåk.

Publikasjonar

Kjelder og litteratur

  • Artikkel av Stein Grjotheim, skriven til Skjåk historielag si 60-års markering i Kvelds-seto i 1992.

Eksterne lenkjer