Systog (Bykle gnr 9/5)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Systog
Bratteland 12.jpg
Systog Bratteland etter oppdemminga av Bossvatn. Folke Nesland tok biletet i 1978.
Alt. namn: Systog Bratteland
Utskilt: 1917
Stad: Botnen
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 9
Bnr: 5
Type: Gardsbruk

Systog låg jorde i jorde med Nordstog, og var ein av Brattelandgardane i Bykle kommune. Bruket vart formelt utskilt frå hovudbølet så seint som i 1917. Men då hadde det eksistert som ein eigen verestad i minst 90 år.

Under omtalen av den udela garden har me fortalt at Ånund Mikkelsson Bratteland og Kjersti Olavsdotter, kona hans, budde her, iallfall frå 1827 til 1832, og sidan frå 1837 til 1845. Dei neste me veit var her er Bjørgulv Tarjeisson og Targjerd Kjetilsdotter. Bjørgulv var oppsitjar og sjølveigar i Systog, heilt sikkert i åra 1859-1864, men truleg åtte han bruket frå 1852.

  • Bjørgulv Tarjeisson Bratteland, f 1833, til Amerika med heile huslyden 1866
g 1859 m Targjerd Kjetilsdtr. Harstad, f 1832. Born:
  • Gunhild, f 1860
  • Kjetil, f 1862
  • Ingebjørg, f 1865

Foreldra åt Targjerd var Kjetil Danielsson Harstad og kona, Ingebjørg Tjodgeirsdotter, f Kvestad.

I 1864 flutte Bjørgulv og familien hans til Nesland Der heime og vart busetar der. I den gamle gards- og ættesoga les me at den neste oppsitjaren her kaupte bruket same året, og det vil me meine er rett, men også her har me å gjera med ein handel som ikkje vart tinglyst. To år seinare tok Bjørgulv og folket hans ut til Amerika.

I den amerikanske folketeljinga frå 1880 finn me berre ein einsleg, 18 år gamal, «Kittel Bjorgeson» i Traill County, Nord-Dakota, men om denne røynleg var son åt vår Bjørgulv er uråd å avgjera. I den norske folketeljinga frå 1865 går det derimot klårt fram kven som hadde kaupt Systog.

Gamal mjølkesil av tre med filter av hestehår. Slike sila dei mjølka gjennom til bleksakene overtok, truleg litt ut på 1900-talet. Silen her finst i Huldreheimen, og biletet kjem frå Setesdalsmuseet, som i dette høvet har nytta registreringsnummeret HU0040.

Mannen i denne familien heitte Aslak Larsson, og kom frå eitt av Veka-bruka under Vik i Suldal, gnr 33, bnr 9. Foreldra hans var Lars Aslaksson Steinbru og kona, Kjersti Olsdotter, fødd Vetterhus. Aslak gifte seg i Suldal i 1856, og budde fyrst nokre år i heimbygda med huslyden sin. At dei flutte til Bykle, kan kanskje hange i hop med at kona var herifrå.

  • Aslak Larsson Veka, f 1822, d 1903
g 1856 m Birgit Knutsdotter Hoslemo, f 1821, d 1889. Born:
  • Lars, f 1856, d fyre 1864
  • Kjersti, f 1857, d fyre 1864
  • Knut, f 1860, g 1883 m Birgit Andresdtr. Brotteli, sjå nedanfor
  • Kjersti, f 1866, d 1892, ug

Birgit kom opphavleg frå Uppigard Hoslemo, foreldra hennes var Knut Knutsson Hoslemo og kona, Birgit Knutsdotter, fødd Byklum, men foreldra hadde selt Uppigard og flutt til Suldal i 1839, og difor kunne Birgit og Aslak treffast og gifte seg i den bygda.

Av borna til Aslak og Birgit var det berre den yngste som var fødd i Bykle. Dei to eldste var døde fyre flytjinga til Bratteland. Dei fleste opplysningar eldre enn 1864 om både dei og foreldra deira her ovanfor, er henta or Suldals bygdebok (Hallvard M. Hoftun: Gamle Suldal, 1972, 404).

Buskapen på bruket i 1865 var hest, 7 storfe, 27 sauer og 22 geiter. Dei sådde berre 5 kvartel bygg, men sette heile 7 tunner jordeple. I 1875 var her to kyr mindre og berre 5 sauer, men 27 geiter. Sånaden då var 2 1/2 tunner bygg og 4 1/2 tunner jordeple.

Sonen fylgde etter Aslak Knutsson som oppsitjar. Kva tid han overtok står visst ingenstad skrive, men ettersom han gifte seg i 1883, er det rimeleg at det kan ha vore ved det leitet, eller kanskje litt seinare.

Andres K, Bratteland (1885-1965). Bilete er teke i Kyrkjebygdi, truleg kring 1910.
  • Knut Aslaksson Bratteland, f 1860, d 1947
g 1883 m Birgit Andresdtr. Brotteli, f 1860, d 1890. Born:
  • Tone, f 1883, g 1906 m Knut Tarjeisson Skolås, sjå Stigamidjom
  • Andres, f 1885, g 1914 m Torbjørg Hallvardsdtr. Berg, sjå nedanfor

Andres Jonsson Brotteli og kona, Tone Halvorsdtr. Mosdøl, var foreldra åt Birgit Andresdotter.

I 1907 selde Knut, saman med grannen Helleik Auversson i Nordstog, den store heiteigen Aurdalsbeitet. Dette er nøyare omtala under Nordstog.

I 1917 vart dei to gardsbruka på Bratteland endeleg skilde frå kvarandre på papiret, etter dei hadde vore dela i terrenget i lange tider. Systog vart kløyvd ut frå hovudbølet, og fekk bnr 5. Dei to bruka vart omlag jamstilte i skyldverde, men Systog fekk 0,89 skyldmark, medan Nordstog vart ståande att med 0,92. Me reknar helst med at det var Andres Knutsson som tok initiativet til den formelle delinga, men framleis var det faren som sto som eigar. Andres fekk ikkje skøyte fyrr i 1922, prisen då vart sett til 2000 kr, «som opgjøres med føderåd».

Andres og Torbjørg Bratteland. Brurebilete 1914.
Andres Bratteland har skote ein reinsbukk. Bilete frå samlinga til Tore K. Mosdøl.
  • Andres Knutsson Bratteland, f 1885, d 1965
g 1914 m Torbjørg Hallvardsdtr. Berg, f 1890, d 1961. Born:
  • Store-Birgit, f 1915, g 1936 m Knut Sigbjørnsson Løyning, sjå Løyning, gnr 4, bnr 6
  • Margit, f 1917, d Valle 2001, budde i Kristiansand, ug.
  • Lisle-Birgit, f 1918 g 1944 m Olav Sigbjørnsson Løyning, sjå Steinsland, gnr 3, bnr 17
  • Ingebjørg, f 1920, d Valle 2002, g 1967 m Sigurd Hallvardsson Uppstad, Flårenden, lengste tida busett Kvarstein, Vennesla, ikkje born
  • Knut, f 1922, g 1964 m Ingjerd Hallvardsdtr. Uppstad, busett Valle, born:
  • Anders Helge, f 1965
  • Bjarne Torfinn, f 1968

Torbjørg Hallvardsdotter kom frå Åmli i Valle, bnr 1. Hallvard Eivindsson Berg og andre kona, Margit Jacobsdotter, fødd Hisdal, var foreldra hennes (jfr. Valle III, 436 f).

Jegeren kosar seg med pipa. Hadde ikkje Tiedemand's hatt ein fiskar frå Nordland på reklameskilta sine, ville Andres Bratteland vore eit godt alternativ. Bilete frå Vegestog-samlinga.
Borna til Andres og Torbjørg Bratteland 1924.Bak: Store-Birgit (f 1916), Margit ( f 1917). Framme: Ingebjørg (f 1920), Knut (f 1922) og Lisle-Birgit (f 1918). Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
Knut A. Bratteland f. 1922. Biletet er teke på 1950-talet framanfor ei av heiberghyttene.

Andres arbeidde som jaktoppsynsmann for Thv. Heiberg, og etter krigen for landbruksdepartementet, og stundom som kjentmann for byfolk på «sportsjakt». Han dreiv med dette arbeidet iallfall til 1949. Kjelda til denne siste opplysninga er ei bok kalla Mine jakterindringer, som godseigar Haagen S. Mathiesen gav ut i 1989. I denne boka blir det m.a. fortalt fylgjande:

Da Andres var med oss i 1949, hadde han med seg proviant for en uke. Den gang holdt kjentmennene seg med kosten selv. Både provianten og utstyret var meget spartansk. Andres ville ikke bo innomhus, så han lå hele tiden under en stenhelle 100 meter fra hytta.Et ullteppe fikk han av oss. Skift hadde han ikke med seg. Natt og dag i en svart vadmelsdress, Og ved regn et oljeslag over skuldrene. Men du verden for en sterk, sprek og effektiv 70-åring.

Bortsett frå at Mathiesen har gjort Andres 5-6 år eldre enn han var i 1949, er det her fortalde sikkert rett nok, og Andres må ha vore ein hardhaus.

Andres og Torbjørg dreiv bruket saman med sonen Knut og dottera Margit til 1954. Då flutte dei til Arendal.

Knut overtok heimelen til gardsbruket frå faren i 1961. Han arbeidde på anlegg, og i 1962 flutte han til Valle. Då han eit par år etter gifte seg, bygde han og kona hus på heimebruket hennes i Flårenden. Der bur dei (2005) framleis ( jfr Valle III, 29 f).

Fyre reguleringa av Bossvatn sette Knut fyr på uthusbygningen på bruket. Stoga tok han ned, og flutte henne opp i høgre lende til hytte.


0941 Bykle komm.png Systog (Bykle gnr 9/5) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Nordstog • Neste bolk: Skolås