Tore Ørjasæter

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. feb. 2013 kl. 05:48 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Mellomlagring)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyreTore Ørjasæter (fødd i Bråtå i Skjåk 8. mars 1886, død på Lillehammer fylkessjukehus 29. februar 1968) var forfattar. Fyrst og fremst var han lyrikar og dramatikar, men han har også gjeve ut ein roman og eit par essayistiske reiseskildringar. Enda han levde størsteparten av livet utanfor Skjåk, var han tett knytt til fødebygda. Heimegrenda og oppveksten har gjeve motiv og bilete til mykje av diktinga hans. Sentrale tema i dikt og drama er tilhøvet mellom vilje og lagnad, modernitet og tradisjon, kunstnarens fridom og det medmenneskelege ansvaret. Dei mest kjende og omtykte enkeltdikta hans er venteleg «Malmfuru», «Elgen» og ikkje minst «Vestland, Vestland» - det siste tonesett av Sigurd Førsund og gjort til folkeeige gjennom Sissel Kyrkjebø si innspeling.

Barndom, oppvekst og skulegang

Mal:Thumb høyre Mal:Thumb høyre Mal:Thumb høyre Tore Ørjasæter var fødd på garden Slette i Bråtågrenda i 1886. Faren, Hans Magnus Ørjasæter, var lærar og hadde gardsbruket attåt. Han var vestlending, frå Geiranger, men var ikkje «vestlandslærar» i den klisjémessige tydinga radikal venstre- og norskdomsmann. H.M.Ørjasæter tilhøyrde tvert i mot høgrefløya i lokal- og rikspolitikk, i krinsen rundt kyrkjesongar Ole Lund. Både Lund og Hans Magnus Ørjasæter var blant dei kristenkonservative underskrivarane av Gisle Johnsons «Opraab til Christendommens Venner i vort Land» frå 1883, som var ei sterk åtvaring mot venstrekreftene. H.M.Ørjasæter, kyrkjesongar Lund og deira fløy stod sterkt mot det framstormande venstrepartiet i Skjåk frå 1880-åra av under leiing av Christian A. Hjelter og Ole Sivertsen på Hyrve. Mal:Thumb høyre Mor til Tore, Rønnaug Toresdotter Slette, hadde nær tilknyting til det haugianske lesarmiljøet i Bråtå. Ho døydde i barnefødsel i 1888, da Tore var berre to år gammal. Faren gifta seg opp att i 1890 med Guro Jakopsdotter Storlien frå Skjåk. Tore hadde fire sysken og 10 halvsysken.

Tore vart sjuk i ungdomen, noko som hindra han i å ta over garden, slik han hadde hatt høve og hug til. Han budde heime til i tjueårsalderen, da han kom på folkehøgskulen til Lars EskelandVoss vinteren 1905-1906. Han hospiterte også eit års tid hjå Eskeland litt seinare. Da vart han personleg kjend med Arne Garborg, som han besøkte på Knudaheio, og som han mellom anna hjelpte med noko grøftingsarbeid.

I 1911-1912 gjekk Ørjasæter eit år på lærarskulen i Volda, men fullførte ikkje lærarutdanninga. Han hadde debutert med ei diktsamling allereie i 1908, og vigde seg snart fullt og heilt til den litterære verksemda.

Ekteskap, familie og bustader

I 1913 fekk Ørjasæter eit reisestipend, som han nytta til å dra til Tyskland. Også sidan reiste og budde han mykje utanlands. I 1921 gifta han seg med Aaslaug Skaaden (1896-1988) frå Øyer. Ho var dotter til gardbrukarparet Jon Johannesen Skaaden og Anna fødd Vedum.

Ekteparet Ørjasæter hadde den fyrste tida tilhald utanlands i lengre periodar. Fyrst budde dei nær Berlin, seinare i Frascati utanfor Roma. Heime i Noreg bytta dei bustader fleire gonger. Dei budde i Fåberg, Øyer, nær Arne og Hulda GarborgHvalstad i Asker og i Sandar i Vestfold, der Ørjasæter hadde ei syster med familie.

Rundt 1930 fekk dei skilt ut ei tomt på hans barndomsgard Slette. Der sette dei opp ei gamal stugu frå garden, og dei budde fast der i åra 1932-1937. I denne perioden var Ørjasæter med og stifta Skjåk historielag, og var ivrig med i dette arbeidet. Han medverka mellom anna til å få reist eit monument over nybyggjarane i heimegrenda hans 200 år tidlegare. Ei anna hjartesak for han var å ta i bruk «Åstradalen» som namn på dalføret til elva Åstra, i staden for det vanleg brukte «Bråtå», som han meinte burde reserverast for grenda med det namnet.

Både før og etter tida i Skjåk var familien fast busett på Skåe i Øyer, Aaslaugs barndomsheim. Men om somrane og langt utover hausten heldt Ørjasæter, med og utan familien, mykje til i huset Bråtå.

Tore og Aaslaug Ørjasæter fekk tre born, Jo fødd 1925, Rønnaug fødd 1928 og Hallvard Arne fødd 1939.

Diktinga

Formspråket

Motivrepertoaret - lokalt og sjølvbiografisk

I oppveksten og tidleg vaksen alder røynde Ørjasæter på nært hald mange moderniseringsfenomen og kulturmotsetnader som gjorde seg gjeldande i heimbygda: tradisjonelt jordbruk mot modernisering og mekanisering både i jordbruk, skogbruk og industri, ætte- og standsbindingar mot individet sin rett til sjølvrealisering, pietisme mot frilynde haldningar, etter kvart også arbeidarradikalisme mot bondekonservatisme. Mange av desse motsetnadene er lyrisk fortolka i Gudbrand Langleite. Ikkje berre landskapa og namnebruken i dette verket - han brukar flust med symbolmetta stadnamn, fyrst og fremst frå Bråtå og Åmotskrinsen - men konkrete trekk ved personar og hendingar, arbeidsliv og verksemder er lette å kjenne att frå det økonomiske og kulturelle hamskiftet i Skjåk i tida 1880-1940.

Temakrinsane

Temakrinsane i Tore Ørjasæters dikting kan grupperast i ei rad dikotomiar, omgrepspar der dei to sidene står i konfliktfylt tilhøve til kvarandre. Dei viktigaste synest å vere «vilje og lagnad», «ånd og yrke», «fridom og ansvar», «farartrong og rotfeste», «det kvinnelege og det mannlege», «modernitet og tradisjon». Kanskje med unntak av det siste omgrepsparet, er omgrepsnemningane henta frå Ørjasæters eigne verk, der dei alle er hyppig førekomande. Alle desse dikotomiane grip inn i kvarandre, mellom anna på det viset at fyrstelekkane har ein indre samanheng og står i motsetnad til andrelekkane som også utgjer ein konstellasjon. Spenningane mellom dei to sidene riv og slit i einskildmenneske. Det gjeld i rikt monn for dei viktigaste litterære figurane i Ørjasæters univers. Aller mest gjeld det hovudpersonen i Gudbrand Langleitei den store diktsyklusen som kan reknast for å vere det hovudverket i Ørjasæters dikting (Gudbrand Langleite 1913, Bru-millom 1920 og Skuggen 1927, samla utgåve i 1941 med samletittelen Gudbrand Langleite.) Men det gjeld i høg grad også for kunstnaren Per Sjåstad i skodespelet Christophoros, som for Jo Gjende i skodespelet med same namn. Også hovudpersonen i forteljinga Uppheimen på Sandnes rommar noko av dette, men da framstilt i ei mykje lettare, nesten farseaktig form jamført med dei andre nemnde verka. Jamvel i dei to reiseskildringane Fararen og Jonsokbrev, står særleg motsetningane mellom utferdstrongen og bindinga til det heimlege sentralt, og også andre av dei opprekna dikotomiane slår inn.

Debuten skjedde med diktsamlinga Ættar-arv i 1908. Denne samlinga og I dalom (1910) krinsar mykje om ætt og heim, eller blod og jord som det heitte i omsetjing frå tysk nasjonalromantikk. Dette vart verdsett av omgivnadene i samtida. For eksempel skriv lomværen og bondelagsmannen Halvard Ofigsbø i boka si om Gudbrandsdalen (1926) følgjande om Ørjasæter:

«Det gaar ei kristeleg aand gjenom diktinga hans. Han er ein god bondediktar. Umkvæde er: "Hald deg til jorda; ho gjer deg sterk og god."»

Ein finn att noko av dette også i seinare verk. Men dyrkinga av det norrøne, odels- og nasjonalromantikken er mindre framtredande hjå Ørjasæter enn hjå hans ven og samtidge «nasjonalskalden» Olav Aukrust. Ein merkar dessutan ikkje sjeldan ein viss ironi og sjølvironi i høve til dette. Det gjeld til dømes i diktet «Røystene» frå Gudbrand Langleite, der Ørjasæter gjev ei godmodig ertande framstilling av langhåra «skulehøge karar som stansar på sin stemneplass». Men Ørjasæter distanserer seg vel å merke ikkje frå den viktigaste bodskapen til desse karane. Vidare i diktet får vi ein gjenklang av den mest skulehøge av alle Ørjasæters inspiratorar, Christopher Bruun, i ei ikkje-ironisk framstilling av den etterlengta norrøne atterfødinga.


Bibliografi (ikkje fullstendig)

Diktsamlingar

  • Ættar-arv, 1908
  • I dalom, 1910
  • Gudbrand Langleite, 1913
  • Bru-millom. Gudbrand Langleite. Manndomsåra, 1920
  • Skiringsgangen. Eit draumkvæde, 1925
  • Skuggen. Gudbrand Langleite. Epilog, 1927
  • Elvesong, 1932
  • Livet skal vinne, 1939
  • Gudbrand Langleite, samla og omarbeidd utgåve av dei tre delane, 1941, 1966
  • Livsens tre, 1945
  • Ettersommar, 1953
  • Klårhaust, 1963
  • Den lange leid. Dikt i utval, 1966
  • Dikt i utval, 1970
  • Dikt i samling 1–2, 1985-1986 (band 2 er samleutgåva av Gudbrand Langleite)

Skodespel

  • Jo Gjende, 1917
  • Anne på Torp, 1930
  • Christophoros. Eit draumspel, 1948, 1962
  • Den lange bryllaupsreisa. Eit pasjonsspel, 1949
  • Brurekrona, 1956 (skrive for amatørteater)

Annan prosa

Fararen, prosastykke, 1922 Uppheimen på Sandnes. Forteljing um ein fantast (roman), 1933 Jonsokbrev. Nye fararskildringar, 1936

Kjelder og litteratur