Tore Ørjasæter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyreTore Ørjasæter (fødd i Bråtå i Skjåk 8. mars 1886, død på Lillehammer fylkessjukehus 29. februar 1968) var forfattar. Fyrst og fremst var han lyrikar og dramatikar, men han har også gjeve ut ein roman og eit par essayistiske reiseskildringar. Enda han levde størsteparten av livet utanfor Skjåk, var han tett knytt til fødebygda. Heimegrenda Bråtå og oppveksten der har gjeve motiv og bilete til mykje av diktinga hans. Sentrale tema i dikt og drama er tilhøvet mellom vilje og lagnad, modernitet og tradisjon, kunstnarens fridom og det medmenneskelege ansvaret. Dei mest kjende og omtykte enkeltdikta hans er venteleg «Malmfuru», «Elgen», og ikkje minst «Vestland, Vestland» - det siste tonesett av Sigurd Førsund og gjort til folkeeige gjennom Sissel Kyrkjebø si innspeling.

Barndom, oppvekst og skulegang

Mal:Thumb høyre Mal:Thumb høyre Mal:Thumb høyre Tore Ørjasæter var fødd på garden Slette i Bråtågrenda i 1886. Bråtå er ei noko avsides fjellgrend, 700-800 meter over havet, opp mot skoggrensa. Dei fyrste gardsbruka, deriblant Slette, vart rydda der i Skjåk Almenning i fyrste halvparten av 1700-talet.

Far til Tore, Hans Magnus Ørjasæter, var lærar og hadde gardsbruket attåt. Han var vestlending, frå Geiranger, men var ikkje «vestlandslærar» i den klisjémessige tydinga «radikal venstre- og norskdomsmann». H.M. Ørjasæter tilhøyrde tvert i mot høgrefløya i lokal- og rikspolitikken, i krinsen rundt kyrkjesongar Ole Lund. Både Lund og Hans Magnus Ørjasæter var blant dei kristenkonservative underskrivarane av Gisle Johnsons «Opraab til Christendommens Venner i vort Land» frå 1883, som var ei sterk åtvaring mot venstrekreftene. H.M. Ørjasæter, kyrkjesongar Lund og deira fløy stod sterkt mot det framstormande venstrepartiet i Skjåk frå 1880-åra av under leiing av Christian A. Hjelter og Ole Sivertsen på Hyrve. Mal:Thumb høyre Mor til Tore, Rønnaug Toresdotter Slette, hadde nær tilknyting til det haugianske lesarmiljøet i Bråtå. Ho døydde i barnefødsel i 1888, da Tore var berre to år gammal. Faren gifta seg opp att i 1890 med Guro Jakopsdotter Storlien frå Skjåk. Tore hadde fire sysken og 10 halvsysken.

Tore vart sjuk i ungdomen, noko som hindra han i å ta over garden, slik han hadde hatt høve og hug til. Han budde heime til i tjueårsalderen, da han kom på folkehøgskulen til Lars EskelandVoss vinteren 1905-1906. Han hospiterte også eit års tid hjå Eskeland litt seinare. Da vart han personleg kjend med Arne Garborg, som han besøkte på Knudaheio, og som han mellom anna hjelpte med noko grøftingsarbeid.

I 1911-1912 gjekk Ørjasæter eit år på lærarskulen i Volda, men fullførte ikkje lærarutdanninga. Han hadde debutert med ei diktsamling allereie i 1908, og vigde seg snart fullt og heilt til den litterære verksemda.

Ekteskap, familie og bustader

I 1913 fekk Ørjasæter eit reisestipend, som han nytta til å dra til Tyskland. Også sidan reiste og budde han mykje utanlands. I 1921 gifta han seg med Aaslaug Skaaden (1896-1988) frå Øyer. Ho var dotter til gardbrukarparet Jon Johannesen Skaaden og Anna fødd Vedum.

Ekteparet Ørjasæter hadde den fyrste tida tilhald utanlands i lengre periodar. Fyrst budde dei nær Berlin, seinare i Frascati utanfor Roma. Heime i Noreg bytta dei bustader fleire gonger. Dei budde i Fåberg, Øyer, på Hvalstad i Asker (nær Arne og Hulda Garborg) og i Sandar i Vestfold, der Ørjasæter hadde ei syster med familie.

Rundt 1930 fekk dei skilt ut ei tomt på hans barndomsgard Slette. Der sette dei opp ei gammal stugu frå garden, og familien budde fast der i åra 1932-1937. I denne perioden var Ørjasæter med og stifta Skjåk historielag, og var ivrig med i dette arbeidet. Han medverka mellom anna til å få reist eit monument over nybyggjarane i heimegrenda hans 200 år tidlegare. Ei anna hjartesak for han var å ta i bruk «Åstradalen» som namn på dalføret til elva Åstra, i staden for det vanleg brukte «Bråtå», som han meinte burde reserverast for grenda med det namnet.

Både før og etter tida i Skjåk var familien fast busett på Skåe i Øyer, Aaslaugs barndomsheim. Men om somrane og langt utover hausten heldt Ørjasæter, med og utan familien, mykje til i huset Bråtå.

Tore og Aaslaug Ørjasæter fekk tre born, Jo fødd 1925, Rønnaug fødd 1928 og Hallvard Arne fødd 1939.

Diktinga

Tore Ørjasæter debuterte med diktsamlinga Ættar-arv i 1908. Han gav i alt ut 13 sjølvstendige samlingar med lyrikk. I tillegg kjem nokre utvalssamlingar og samla dikt utgjevne både medan han levde og etter hans død.

Han skreiv i alt fem stykke for teater. Dertil kjem to reiseskildringar og ein roman. Siste utgjevingane hans var diktsamlinga Klårhaust (1963) og utvalde dikt i Den lange leid frå 1966.

Formspråket

I dikta sine nyttar Ørjasæter i all hovudsak eit tradisjonelt formspråk. Men bruken av rim og rytme er særs rik og variert. Det skjer ofte omskifte i det metriske mønsteret innan eitt og same dikt. I dei seinare diktsamlingane stiller han seg noko friare til dei konvensjonelle verkemidla, men han gjekk ikkje over til modernistiske, frie versemål.

Dei tre skodespela han skreiv etter krigen, Christophoros (1948), Den lange bryllaupsreisa. (1949) og Brurekrona (1956) er derimot eksperimentelle i forma, påverka av tysk ekspresjonistisk teater.

Motivrepertoaret - lokalt og sjølvbiografisk

I oppveksten og tidleg vaksen alder røynde Ørjasæter på nært hald mange moderniseringsfenomen og kulturmotsetnader som gjorde seg gjeldande i heimbygda: tradisjonelt jordbruk mot modernisering og mekanisering både i jordbruk, skogbruk og industri, ætte- og standsbindingar mot individet sin rett til sjølvrealisering, pietisme mot frilynde haldningar, etter kvart også arbeidarradikalisme mot bondekonservatisme. Mange av desse motsetnadene er lyrisk fortolka i Gudbrand Langleite. Ikkje berre landskapa og namnebruken i dette verket - han brukar flust med symbolmetta stadnamn, fyrst og fremst frå Bråtå og Åmotskrinsen - men konkrete trekk ved personar og hendingar, arbeidsliv og verksemder er lette å kjenne att frå det økonomiske og kulturelle hamskiftet i Skjåk i tida 1880-1940.

Også i dei fleste andre verka er det openbert at Ørjasæter har brukt stader og situasjonar han sjølv har opplevd, som råvare for å uttrykkje dei sanningane og liv og sjel, om individ og samfunn som han i meir allmenn forstand ønskte å formidle til omverda. Dei konkrete omstenda kring hovudpersjonen Per Sjåstad i «draumspelet» Christophoros kan leggjast oppå viktige delar av Tore Ørjasæters eige liv og bakgrunn, og ein får fullt samanfall. Per Sjåstad er ein kunstnar (rett nok ikkje lyrikar!) som bur på heimegarden, utan å vere brukar der. Grenda heiter endatil Åstragrenda. Samtidige av Tore Ørjasæter frå Åstradalen (Bråtå), og sikkert andre delar av Skjåk-bygda, kunne nikke humrande attkjennande til dei lett karikerte typane av bygdefolket som blir framstilte i dramaet. Det var faktisk også ein yrkesbror av Per Sjåstad i Bråtågrenda på det tida Christophoros var i emning. Det var kunstmålaren Kaare Halvorsen, som hadde flytta dit frå Lillehammer, og som var god ven med Ørjasæter.

Temakrinsane

Temakrinsane i Tore Ørjasæters dikting kan grupperast i ei rekkje med dikotomiar, omgrepspar der dei to sidene står i konfliktfylt tilhøve til kvarandre. Dei viktigaste synest å vere «vilje og lagnad», «ånd og yrke», «fridom og ansvar», «farartrong og rotfeste», «det kvinnelege og det mannlege», «modernitet og tradisjon». Med unntak av det siste omgrepsparet, som grip over mykje av det andre, er omgrepsnemningane henta frå Ørjasæters eigne verk, der dei alle er hyppig førekomande.

Alle desse dikotomiane grip inn i kvarandre, mellom anna på det viset at fyrstelekkane har ein indre samanheng og står i motsetnad til andrelekkane som også utgjer ein konstellasjon for seg.

Spenningane mellom dei to sidene riv og slit i einskildmenneske. Det gjeld i rikt monn for dei viktigaste litterære figurane i Ørjasæters univers. Aller mest gjeld det hovudpersonen i Gudbrand Langleite, den store diktsyklusen som kan reknast for å vere hovudverket i Ørjasæters dikting (Gudbrand Langleite 1913, Bru-millom 1920 og Skuggen 1927, samla utgåve i 1941 med samletittelen Gudbrand Langleite.) Men det gjeld i høg grad også for kunstnaren Per Sjåstad i Christophoros, som for Jo Gjende i skodespelet med same namn. Også hovudpersonen i forteljinga Uppheimen på Sandnes rommar noko av dette, men da framstilt i ei mykje lettare, nesten farseaktig form jamført med dei andre nemnde verka. I dei to reiseskildringane Fararen og Jonsokbrev, står særleg motsetningane mellom utferdstrongen og bindinga til det heimlege sentralt, og også andre av dei opprekna dikotomiane slår inn.

Ætt og heim og norskdom

Dei fyrste diktsamlingane, Ættar-arv (1908) og I dalom (1910) krinsar mykje om ætt og heim, eller blod og jord som det heitte i omsetjing frå tysk nasjonalromantikk. Dette vart verdsett av omgivnadene i samtida. For eksempel skriv lomværen og bondelagsmannen Halvard Ofigsbø i boka si om Gudbrandsdalen (1926) følgjande om Ørjasæter:

«Det gaar ei kristeleg aand gjenom diktinga hans. Han er ein god bondediktar. Umkvæde er: "Hald deg til jorda; ho gjer deg sterk og god."»

Ein finn att noko av dette også i seinare verk. Men dyrkinga av det norrøne, odels- og nasjonalromantikken er mindre framtredande hjå Ørjasæter enn hjå hans ven og samtidige «nasjonalskalden» Olav Aukrust. Ein merkar dessutan ikkje sjeldan ein viss ironi og sjølvironi i høve til dette hjå Ørjasæter. Det gjeld til dømes i diktet «Røystene» frå Gudbrand Langleite, der diktaren gjev ei godmodig ertande framstilling av langhåra «skulehøge karar som stansar på sin stemneplass». Men Ørjasæter distanserer seg vel å merke ikkje frå den viktigaste bodskapen til desse karane. Vidare i diktet får vi ein gjenklang av den mest skulehøge av alle Ørjasæters inspiratorar, Christopher Bruun, i ei ikkje-ironisk framstilling av den etterlengta norrøne atterfødinga.

Modernitet og tradisjon, kunst og matstrev

Gudbrand Langleites store livsproblem er tvisynet hans når det gjeld det meste av det han held på med her i verda. Ved sida av å ha teknisk innsikt og gode eigenskapar som industrigründer, er han også kunstnar, nærare bestemt felespelar. Dermed blir han ståande i Brumillom-lende, som han seier, og plagast med vegvalet mellom det materielle - det daglege brød og alle trivialitetar knytta til det -, og det ideelle - dei åndelege og kunstnariske interessene. Dei to bruene han står mellom, er «matbrua» som knirkar under kornlassa som skal til mølla, og høgare opp er det «himmelbrua» som fører til lengre leite - vidare utsyn. Himmelbrua er den same som Bivrost frå norrøn mytologi, som fører frå manneheimen til guderiket.

Det er ein djup motsetnad og hard strid mellom ånd og yrke, mellom inspirasjon og kunstnargivnad på den eine sida og på den andre sida den intellektuelt-rasjonelle verksemda som har praktiske føremål. Mykje samanfallande med dette står eit anna dilemma for Gudbrand: Ynsket om å modernisere og skapa framsteg kjem i konflikt med trongen til å høyre til i ein tradisjon og ein ættesamanheng.

Som gründer og mølleeigar opplever Gudbrand Langleite også andre, påtrengjande sider ved verdskrigs- og mellomkrigssamfunnet som diktverket om han er blitt til innanfor. Arbeidarane på bruket hans, «det store Åstrabruket» går til streik. I lokal Skjåk-samanheng får diktet om dette, «Hjule som stansa», nesten profetisk kraft. Tre-fire år etter at diktet vart publisert, den fyrste streiken som nokon sinne hadde funne stad i Skjåk, ved «det store bruket», det nye sagbruket og høvleriet til Skjåk Almenning. Ein av streikeleiarane var Ole O. Langleite, fem år deretter sosialistisk ordførar i bygda. På arbeidsgjevarsida, i ålmenningsstyret, sat mellom andre Gudbrand Skjaak, odelsbonde, norskdomsdyrkar, bondepartipolitikar, forretningsmann og gründer.

Mann og kvinne

...

Bibliografi (ikkje fullstendig)

Diktsamlingar

  • Ættar-arv, 1908
  • I dalom, 1910
  • Gudbrand Langleite, 1913
  • Bru-millom. Gudbrand Langleite. Manndomsåra, 1920
  • Skiringsgangen. Eit draumkvæde, 1925
  • Skuggen. Gudbrand Langleite. Epilog, 1927
  • Elvesong, 1932
  • Livet skal vinne, 1939
  • Gudbrand Langleite, samla og omarbeidd utgåve av dei tre delane, 1941, 1966
  • Livsens tre, 1945
  • Ettersommar, 1953
  • Klårhaust, 1963
  • Den lange leid. Dikt i utval, 1966
  • Dikt i utval, 1970
  • Dikt i samling 1–2, 1985-1986 (band 2 er samleutgåva av Gudbrand Langleite)

Skodespel

  • Jo Gjende, 1917
  • Anne på Torp, 1930
  • Christophoros. Eit draumspel, 1948, 1962
  • Den lange bryllaupsreisa. Eit pasjonsspel, 1949
  • Brurekrona, 1956 (skrive for amatørteater)

Annan prosa

Fararen, prosastykke, 1922 Uppheimen på Sandnes. Forteljing um ein fantast (roman), 1933 Jonsokbrev. Nye fararskildringar, 1936

Kjelder og litteratur