Tosten Olsen Oppnåsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Tosten Olsen Oppnåsen (fødd i Skjåk 11. april 1829, død i Lom 1918) var husmann og jordarbeidar. Frå ung alder fekk han ord på seg for å vere ein rabagast og notorisk tjuvradd. Rettsprotokollane viser at ryktet ikkje var heilt ugrunna. I likskap med ei rekkje samtidige representantar for bygdeproletariatet i Lom og Skjåk, har Tosten vorte udøyeleggjord som ein av aktørane i Olav Aukrusts dikt «Aksion på Tande» under oppnamnet Musken.

Oppnamnet

«Dei kalla’n Musken au, og Brisken, etter hamliten og faktene», skriv Olav T. Kvaale, lærar og lokalhistorikar, som sjølv kjende han Tosten Olsen på hans eldre dagar.

Musken (Muskeguten, Muske-Tosten) kjem av substantivet musk, som mellom anna tyder boss, rusk, og dertil i følgje Ivar Aasen (Norsk Ordbog) «Dunkelhed i Farve, et mørkt eller taaget Udseende, en mørk Plet og deslige.» Så oppnamnet kan vel ha samanheng med Tostens ikkje spesielt pertentlege ytre, eller at han var mørk i hud og hår. Brisken kan kome av verbet å briske (seg), dvs. hovere, skryte, framstå som ein fan-te-kar.

Ettermæle

«Aksion på Tande» skildrar eit orgiastisk kalas på plassen Tande i Bøverdalen ein gong rundt hundreårsskiftet 1900, der mellom andre Musken opptrår som slåsskjempe:

Og slusken dansa so sveitten hylja
og fyrkjun’ hivde vart høgt i tak.
Og Storén bråka, og Bruén bølja
og braut ’n Brenn-Amon att-å-bak.
og fem ha’ fullkome nok med Brua,
og Musken rein, og ’n Raud-Hans hua,
og det vart riving
og hogg og hiving,
og Muskeguten seige ende ned,
og Nygjordsvetlen sa: ”Hvil i fred.”
Ordforklaringar:
fyrkjun’ = jentene (litt uhøgtideleg nemning)
bølje = brøle
rein = preteritum av å rine, dvs skrike i høgt tonelægje (i fistel), «hvine».

Det er fortalt om Musken at når det hadde vore fest ein stad, og han sjølv ikkje hadde vore med, spurde han: «Slost døm bra der?». Olav T. Kvaale, som hermar dette, gjev elles denne karakteristikken av den særmerkte personlegdomen: «Muske-Tosten var flink til å skryte, betre til å skrøne, låkare til å stela og låkast til å koma frå det. – Oss lyg og stell alt for lite alle samen, hermer dei etter ’om.»