Tosten Olsen Oppnåsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Tosten Olsen Oppnåsen (fødd i Skjåk 11. april 1829, død i Lom 1918) var husmann og jordarbeidar. Frå ung alder fekk han ord på seg for å vere ein rabagast og notorisk tjuvradd. Rettsprotokollane viser at ryktet ikkje var heilt ugrunna. I likskap med ei rekkje samtidige representantar for bygdeproletariatet i Lom og Skjåk, har Tosten vorte udøyeleggjord som ein av aktørane i Olav Aukrusts dikt «Aksion på Tande» under oppnamnet Musken.

Oppnamnet

«Dei kalla’n Musken au, og Brisken, etter hamliten og faktene», skriv Olav T. Kvaale, lærar og lokalhistorikar, som sjølv kjende han Tosten Olsen på hans eldre dagar.

Musken (Muskeguten, Muske-Tosten) kjem av substantivet musk, som mellom anna tyder boss, rusk, og dertil i følgje Ivar Aasen (Norsk Ordbog) «Dunkelhed i Farve, et mørkt eller taaget Udseende, en mørk Plet og deslige.» Så oppnamnet kan vel ha samanheng med Tostens ikkje spesielt pertentlege ytre, eller at han var mørk i hud og hår. Brisken kan kome av verbet å briske (seg), dvs. hovere, skryte, framstå som ein fan-te-kar.

Ettermæle

«Aksion på Tande» skildrar eit orgiastisk kalas på plassen Tande i Bøverdalen ein gong rundt hundreårsskiftet 1900, der mellom andre Musken opptrår som slåsskjempe:

Og slusken dansa so sveitten hylja
og fyrkjun’ hivde vart høgt i tak.
Og Storén bråka, og Bruén bølja
og braut ’n Brenn-Amon att-å-bak.
og fem ha’ fullkome nok med Brua,
og Musken rein, og ’n Raud-Hans hua,
og det vart riving
og hogg og hiving,
og Muskeguten seige ende ned,
og Nygjordsvetlen sa: ”Hvil i fred.”
Ordforklaringar:
fyrkjun’ = jentene (litt uhøgtideleg nemning)
bølje = brøle
rein = preteritum av å rine, dvs skrike i høgt tonelægje (i fistel), «hvine».

Det er fortalt om Musken at når det hadde vore fest ein stad, og han sjølv ikkje hadde vore med, spurde han: «Slost døm bra der?». Olav T. Kvaale, som hermar dette, gjev elles denne karakteristikken av den særmerkte personlegdomen: «Muske-Tosten var flink til å skryte, betre til å skrøne, låkare til å stela og låkast til å koma frå det. – Oss lyg og stell alt for lite alle samen, hermer dei etter ’om.»

Bakgrunn og familie

Tosten Olsen var fødd på husmannsplassen Oppnåse i Skjåk-ålmenninga.[1] Foreldra var husmann Ola Tostensen (1793-1850) og kone Elisabeth (Lisbet) Jakobsdotter (1795-1830).[2] Tosten var den sjuande i rekkja av åtte heilsysken og ein halvbror. Mora døydde i barselseng året etter at Tosten var fødd.

Han gifta seg i 1861 i Lom med Oline Ottarsdotter (1828-1882). [3]) Ho var fødd på Frøyse i Lom (blant «uplasserte» under den garden i bygdeboka) og døydde på plassen Blakarseige. Tosten kalla visst kona si for Olea. Folk herma dette etter han (han likte å knote bymål):

Briskens skare ut på vakt
Olea min kone , vær ei forsagt

Og: «Olea min kone og Lea min datter.» Men «Lea» stemmer dårleg med opplysningane om familien i kyrkjebøkene og folketeljingane. Tosten og Oline fekk to born: Barbro (fødd 1861) og Ola (fødd 1872).[4]

Tre år etter at Oline døydde, gifta Tosten seg på nytt i 1885 med Marit Persdotter. Ho var fødd på Nedre Haugen i Lom i 1828. Ho døydde allereie tre år etter at ho og Tosten gifta seg.

Bustader og levebrød

Når Tosten flytta ut frå ålmenningsplassen Oppnåse veit vi ikkje, anna enn at han høgst sannsynleg måtte ut og tene allerie som smågut. Han budde iallfall i Skjåk til ut i tjueårsalderen, da han vart teken for tjuveri der i 1853(sjå nedanfor). Da vart han send til Christiania på straff, og kanskje slo han seg ikkje til i heimbygda på nytt etter det. Han har truleg søkt levebrød fleire stader. Han skal mellom anna ha vore i Molde, og han likte sjølv å fortelje at han endatil hadde vore med på Lofot-fiske. Det var vanleg for karar av hans stand og stilling å reise lange vegar for å søkje lykka, eller iallfall arbeid. Ja, ikkje berre karar. Oline var i ungdomen i Trondheim ei tid, frå 1851.

Også familiefolk innan dette sosiale sjiktet flytta gjerne mykje rundt, oftast innanfor heimbygda. Det blir til fulle illustrert ved dei bustadene vi har registrert at Tosten og familien budde på.

Ved ekteskapsinngåinga i 1861 er både Tosten og Oline nemnde Haugom, og det er namnet på eit småbruk i Øvergrenda i Lom hovudsokn. I bygdeboka står det at Tosten og Oline ei tid budde som innerstar i Haugomkvea, ein plass eller småbruk der som syster til Tosten og hennar familie dreiv. Vi har ikkje funne familien i folketeljinga 1865. I den neste teljinga, 1875, har bur Tosten og Oline med småborna sine på plassen «Gjeilen», eller Geilstugu under Stamstad i det same grannelaget. Tosten er da titulert jordarbeider.

Kjelder og litteratur

Referansar

  1. Kyrkjebok for Lom
  2. Ættebok for Skjåk I side182
  3. Klokkarbok for Lom hovudsokn nr. 12
  4. Kolden, J. 2002:487.