Aagot Skavlan Holst

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Aagot Skavlan Holst, ca. 1937.

Aagot Skavlan Holst (fødd i Kristiania 9. november 1892, død 30. desember 1965 i Bærum) var fysioterapeut og folkeminnesamlar.

Bakgrunn og oppvekst

Frå venstre: Aagot Skavlan Holst, Marie (Maja) Michelet Holst og Elling Holst. Ca. 1904-05.

Holst sine foreldre var den kjende matematikaren og barnebokforfattaren Elling Bolt Holst (1849-1915) og Inger Skavlan (1853-99), dotter av litteraturhistorikaren Olaf Skavlan. Då mora døydde i 1899, var Holst berre 6 år gammal.[1] Året etter gifta faren seg igjen med Marie (Maia) Michelet (1872-1960).[2] Holst hadde to brør, men begge døydde unge. Barndomsheimen var Holtet i Bærum, der ho òg budde etter faren og stemora døydde.[3]

Utdanning

Aagot Skavlan Holst som student, ca. 1916.

Holst tok artium ved Frogner skole, der ho gjekk reallinja. Sidan studerte ho til å bli sykegymnast (fysioterapeut) ved Christiania Orthopædisk-medico-mekaniske-institut, der ho tok i eksamen i 1916. I 1918 fekk ho legeautorisasjon.[4]

Virke som folkeminnesamlar

Ved sida av arbeidet som fysioterapeut med eigen praksis i Bærum,[5] samla Holst folkeminne som hobby. Ho leverte folkeminna til Norsk Folkeminnesamling.[4] Minna ho samla er daterte frå 1924 til 1936 og frå mellom anna Bærum, Høland, Eiker, Valdres, Flå, Moss, Oslo, Solør, Hemsedal, Eidsvoll og Horten. Ho samla òg noko materiale frå Värmland i Sverige. Eit gjennomgåande tema er sjukdom og lækjedom, men ho har òg samla mykje materiale om folketru (som nissen og huldra), arbeid og livsforteljingar. Ho intervjua fleire arbeidarar frå Bærums Verk.[6] Holst har samla fleire forteljingar frå folk som fortel om besøk hos kloke koner, her er eit glimt frå venterommet:

En ældre mand (han kunde vel være mellem 60 og 70 aar) fortalte om et besøk hos en klok kone ved Ekeberg. Brandfjeld het hun til efternavn. Datteren hadde ondt i et knæ. De maatte vente en stund mens hun holdt paa med en i sideværelset. Døren stod aapen saa de hørte alt. "Men hvad er dette da?" spurgte konen. "Aa! Har De været hos læge først? Da kan ikke jeg hjælpe Dem."[7]

Materialet Holst samla inn har blitt brukt i fleire publikasjonar, som i Norske sagn av R. Th. Christiansen (red.) frå 1938, Fiske og jakt: Norske folketradisjoner av Ørnulf Hodne frå 1997 og Vår gamle trolldomsmedisin av I. Reichborn-Kjennerud frå 1947.

Kjelder

  1. Digitalarkivet, "Ministerialbok for Asker prestegjeld, Østre Bærum sokn 1892-1904 (0220P): Inger Holst Skavlan" URL: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000003081002
  2. Digitalarkivet, "Ministerialbok for Bakklandet (Bakke) prestegjeld 1893-1900 (1601M1): Elling Bolt Holst" URL:https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000971596
  3. Nilsen, Karl (red.). Vest for byen: 6. Asker: Asker og Bærums trykkeri, 1986. s. 176-180.
  4. 4,0 4,1 Jansen, Jonas (red). Studentene fra 1912 : biografiske oplysninger samlet til 25-års-jubileet 1937. Oslo:Bokkomiteen for studentene fra 1912, 1937. s. 151.
  5. Asker og Bærums budstikke, fredag 28. august 1936
  6. NFS Holst 1-8 (Norsk Folkeminnesamling, Universitetet i Oslo).
  7. NFS Holst 1 (Norsk Folkeminnesamling, Universitetet i Oslo).


Litteratur og kilder