Ambros Jonsson Dølen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ambros Jonsson Dølen (fødd 7. februar 1901 i Hjartdal, død 1986) var gardbrukar i Hjartdal i Telemark. Han var òg skribent mellom anna for Decorah-Posten og lokalavisene i Telemark, og han fotograferte i bygda.

Han var son av Jon Ambrosson Dølen (f. 1861) og Anne Olsdotter Dølen, og vart gift med Anne T. Aabø (1897–1965). Paret fekk seks born.

I 1935 tok han over Nord-Lofthus, der han og kona dreiv garden i lag. Dei dreiv med kyr og smørproduksjon fram til ho døydde i 1965.

Under andre verdskrigen sat han i heradstinget i Hjartdal, som var utpeika av Nasjonal Samling. Etter krigen vart han tiltala for å ha medverka i forsøket på å nazifisere kyrkja gjennom sitt arbeide i det NS-oppnemnde menighetsrådet. Som medlem av heradstinget var han med på å gje penger til Frontkjemperkontoret, og han var med på å tvinge lærar Kari Storruste til å slutte i skulen av politiske grunnar. Han påla lærarane i heradet å nytte den nazistiske boka Slekt og individ i skulen. Då tre lærarar nekta, kjøpte han inn boka og trakk det frå løna deira. Han melde òg sokneprest Kobro i Hjartal til departementet. Domen fall ikkje før i 1948, og då hadde ting mildna seg. Aktor la ned påstand om fengsel i 8 månader og rettigheitstap i 10 år, men retten fann at det rette var 5 månader betinga fengsel og rettiigheitstapet.

Kjelder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Ambros Jonsson Dølen er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som var tilgjengelig i en nå nedlagt database på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.