Andreas Elias Røvde

Andreas Elias Røvde (fødd 26. mars 1872 i Vanylven, død mai 1959) var fotograf i Bergen, Rosendal og Nordfjordeid.

Han var son av Hans Chr. Røvde og Dorthea Aareflot. Gift l) i 1899 med Amanda Johannessen (d. 1903), 2) i 1905 med Marie Baade, dotter av Johan B. og Marie Eckhoff. Han fekk ein son og fem døtrer.

I lære frå 1888 hos Kristian Muriås i Ålesund, deretter fotograf på landsbygda ei tid, eit par år på Nordfjordeid, studiar i forskjellige byar. Overtok i 1901 Atelier Thor i Bergen (eigde det kan hende saman med Louis Jacobsen), selde det i 1904. I 1905 starta han eiga forretning i Store Markevei 13, seinare i Smaastrandgd. 2. Flytta så til Rosendal, der han starta forretning i 1909. I 1940 vart sonen Johan Baade Røvde medeigar.

Verkestader:

  • 1890 ca-1900 ca: Nordfjordeid
  • 1901-1909: Bergen
  • 1909-1959: Rosendal

Kjelder


  Andreas Elias Røvde er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som var tilgjengelig i en nå nedlagt database på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.