Asjkenaziske jødar

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Asjkenasím»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Lafta asjkenazisk sjul (synagoge) i Kurkle (jiddisch; litauisk Kurkliai) i Litauen.
Foto: Hagen Pelka, 2004

Asjkenaziske jødar eller asjkenazím, òg kalla (høg)tyske jødar og austjødar, er den gruppa av jødar som tradisjonelt har jiddisch til morsmål og som dei siste kring 1000 åra tradisjonelt har heldt til i Sentral- og Aust-Europa. Asjkenazim hadde i nokre kortare periodar innreiserett til Noreg føre 1814, vanligvis med leidebrevsplikt. I 1851 fikk asjkenaziske jødar full innreise-, busettings- og arbeidsrett i Noreg. Fleirtalet av dei norske jødane i dag er asjkenaziske.

Omgrep

Språk

Musikk

Generell historie

Asjkenazim i Skandinavia

Synagogen i Bergstien i Oslo, innvigd i 1919.
Foto: Olve Utne

Frå kristendommen vart innført på 1000-talet fram til midten av 1800-talet var asjkenaziske jødar stort sett utelukka frå Noreg anna enn etter spesiell søknad om leidebrev. Etter grunnlovsendringa i 1851 fekk dei asjkenaziske jødane innreise-, bu- og arbeidsrett, og ei moderat innvandring i dei neste tiåra førte til etablering av mosaiske trussamfunn i Kristiania og Trondheim. Grunnstammen i desse trussamfunna er askenasím — hovudsakleg frå Sverige, Danmark, Tyskland, Polen, Estland, Latvia og Litauen. Mindre busetnader av asjkenazim fanst òg i Bergen, Kristiansund, Drammen, Narvik, Tromsø og andre stader, men dei fleste av desse jødiske samfunna vart meir eller mindre utsletta under andre verdskrigen.

Fotnotar


Lenkjer

Sjå òg