Blandaball

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Blandaball servert med potet, kålrabi, gulrøter, flatbrød og vatn.
Foto: Olve Utne (2009)

Blandaball (utt. ["bɽɑɲ:aˌbɑʎ:]), stundom skrive blainnabaill o.l., er ein fiske- og potetrett frå Ytre Nordmøre og Fosen, og til dels òg i Romsdal. Hovudingrediensane i blandaballen er fisk (gjerne hyse eller lyr), potet og grynmjøl og/eller kveitemjøl. Ball, og særleg blandaball, er spesielt populær mat i Kristiansund, som ofte spøkefullt blir kalla Baillsund.

Tysdag er fast blandaballdag på Nordmørskafeen i Kristiansund.
Foto: Olve Utne

Variantar

I mange familiar er det vanleg å plassere feite av nitjefeitt (bitar av feitt frå mageområdet på sau) i sentrum av blandaballen. Det er vanleg at nokre ballar blir laga utan feite for dei som føretrekkjer det. Om ein lagar ball både med og utan feite i lag, blir gjerne ballane utan feite laga avlange og kalla langball. Ein variant utan kjøtt er elles å erstatte nitjefeittet med småe terningar med smør. Ein del brukar òg fleskefeitt av gris i staden.

Oppskrift

Kjelder

  • familietradisjon (Olve Utne)

Sjå òg