Cathrine Bradsberg (1775–1818)
Cathrine Bradsberg gift Qvale (fødd 20. januar 1775, død 15. juli 1818) var prestekone i Hammerfest og på Nesna.
Ho vart gift med Christian Qvale 18. august 1802, han var då sokneprest i Hammerfest prestegjeld. Under napoleonskrigane gjorde to engelske krigsskip strandhogg i Hammerfest sumaren 1809. Qvale hadde pådrivar for å få to kanonbatteri satt opp til forsvar for byen. Då dei gjekk tomme for ammunisjon kunne engelskmennene gå uhindra i land. Dei for hardt fram, Reidar Svare skriv:
Det første engelskmennene gjorde etter dei kom i land, var å ta dei to batteria og setta sine eigne folk ved kanonane. Og så ga dei seg til å plyndra byen og øva vald mot folk. Det gjekk særleg hardt utover prestefamilien. Det var vel ein hemn for at presten sette så mykje inn på å forsvara byen. Segna [Notert av Bendik Strøm] seier at det kom 8 engelske offiserar til prestegarden. Der mishandla dei prestefrua og rana med seg alt sølvtyet og andre verdfulle ting då dei for sin veg. [1]
Kva slag mishandling ho vart utsett for går ikkje fram, men denne hendinga gjorde såpass inntrykk på prestefamilien at Qvale søkte avskjed i 1810. Seinare samme året vart han sokneprest i Nesna prestegjeld, og dei flytta dit.
Hun fødde mange born, men mange døyde som spebarn. Siste fødsel var sonen Christen i 1817, han døyde 27 dagar gammel. Av barna som vaks opp er sonen Anders Christian Qvale som vart lege, og døtrene Maria og Trine som i 1859 underteiknar bekjentgjeringa av dødsfallet til Qvale si andre hustru, Petrine Fredrikke Fredriksen.
Referansar
- ↑ Svare s.199
Kilder
- Erlandsen, Andreas. Biographiske Efterretninger om Geistligheden i Tromsø Stift. Utg. Chr. Tønsbergs Forl .. Christiania. 1857. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Jenssen, Øyvind. Nesna bygdebok. Utg. Nesna kommune. Nesna. 1998. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Svare, Reidar. Skulestellet i Vefsn fram til 1900. Utg. Vefsn kommune. Mosjøen. 1970. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Qvale, Einar. Slekten Qvale. Oslo. 1950. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Cathrine Bradsberg i Historisk befolkningsregister
Artikkelen Cathrine Bradsberg (1775–1818) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |