Eileen Bjørnson (1883–1944)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ekteparet Eileen og Bjørn Bjørnson fotografert i Munchen i 1921.
Foto: Ukjent/Nasjonalbiblioteket

Eileen Bjørnson (fødd 1883, truleg i Tyskland; død 1944 i Stockholm) var ei tysk skodespelarinne som i Noreg er mest kjent for ekteskapet med Bjørn Bjørnson og for boka ho skreiv om honom da ho var flyktning i Sverige under andre verdskrigen.

Eileen Cohn vart fødd den 29. juli 1883, truleg i Tyskland. Ho gifta seg med [?] Bendix, og dei fekk sonen Jan Bendix ca. 1906. Som skodespelar møtte ho Bjørn Bjørnson, og dei fekk ekteskapsløyve frå den norske regjeringa i 1909. I ein avisnotis er ho nemnt som frå Berlin, og bryllaupet fann stad i Rauchstraße i Berlin tysdagen den 28. desember 1909 etterfølgt av bryllaupsreisa til Wien der Bjørn Bjørnson skulle iscenesette forestillinga Wenn der neue Wein blüht (Naar den ny vin blomstrer) av faren Bjørnstjerne Bjørnson på Burgtheater etterfølgt av ein turné kring i Tyskland.[1]

I 1939 flytta Eileen og Bjørn til Noreg att og busette seg i Madserud allé 18 i Oslo. Bjørn Bjørnson døydde der den 14. april 1942, og ikkje lenge etter flykta Eileen med Carl Fredriksens Transport til Sverige. Der skreiv ho Boken om Bjørn føre ho sovna inn i Stockholm den 6. januar 1944.

Referansar

  1. Berliner Börsen-Zeitung, Morgen-Ausgabe, 25.12.1909, s. 8.

Kjelder og lenkjer