Erling August Moi (1918–1944)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Erling August Moi, fra Våre falne.
Erling Moi er ein av dei fem som minnast på krigsminnesmerket ved Kvinesdal kyrkje.
Foto: Chris Nyborg (2019).

Erling August Moi (fødd 30. juni 1918 i Kvinesdal, død 8. september 1944) var under andre verdskrigen aktiv i Milorg. Han vart arrestert og dømt, og omkom under fangetransport då D/S «Westphalen» forliste.

Han var son av Emanuel Moi (1884–1935) og Mathilde Moi f. Espeland (f. 1891).

Etter mellomskule og Uldals handelsskole i Stavanger avtente han vernepliktaGimlemoen. Han byrja så på realskule i Sandane, og skulle ta eksamen våren 1940. Då krigen braut ut melde han seg straks til teneste, og deltok på Voss og i Valdres. Han var i sambandstenesta, og fekk der erfaring med bruk av radiosendar. I Valdres vart mange tekne til fange, men Moi kom seg unna og dro heim til Kvinesdal. Sumaren 1940 byrja han på handelsgymnas i Oslo. Der måtte han sin sjef frå militæret våren 1940, og vart overtala til å slutte seg til den framveksande motstandsrørsla. Han drog heim til Kvinesdal, og fekk jobb på jernbanekontoret til SørlandsbanenÅmot. Dette vart etter kvart kjend som eit viktig sted for motstanden i Kvinesdal.

I 1941 var han leiar i Kvina frlynte ungdomslag, og var utdanna leikinstruktør. Etter at nazifiseringa av ungdomslaga tok til i 1941, la dei ned aktiviteten, og han via seg heilt til motstandsarbeid. Den første tida var han under dekknamnet «August» kurer mellom Sørlandet og Oslo, noko som vart gjort lettare av at han jobba for jernbanen. Frå 1942 hadde han òg radiosendar. Den sto først på hybelen hans, noko som var ein enorm risiko – hadde tyskarane funne sendaren der ville det ikkje vere nokon sjanse til å sleppe unna. Sendaren vart så gøymd under scena på Lillemoen ungdomshus, og så under eit utbygg på eit bedehus. Seinare sende dei frå forskjellige hytter på heia. Så seint som i 1995 vart det funne ein sendar i den gamle bustaden hans, så godt gøymd at det altså tok eit halvt hundreår før nokon kom over han. Denne sendaren vart gjeven til Flekkefjord museum.

Den 30. mars 1944 vart han arrestert. Det skjedde heilt tilfeldig. Under ein razzia mot heimen til Thoralf Johansen i Flekkefjord var Moi der, og Gestapo tok med han òg. Moi skulle eigentleg til Sandnes for å kjøpe seg ny dress, og skulle overnatte i Flekkefjord. At han skulla dra så langt skuldast at han fekk ein rekvisisjon til ein butikk der. Tyskarane hadde rekvirert heile Bondeheimen, og Moi sto utan tak over hovudet og måtte oppsøke Johansen. Dermed gikk det galt. Han vart først overført frå arresten i Flekkefjord til Arkivet i Kristiansand. Moi vart så sendt til Grini den 3. juni 1944, der han fekk fangenummer 11220.

Etter å ha fått dommen vart han sendt i retning Tyskland. Fangetransporten med D/S «Westphalen», som la ut den 6. september 1944, endte to dagar seinare i tragedie då skipet anten vart torpedert eller gjekk på ei mine. 45 norske fangar omkom då skipet gikk ned. Erling Moi var ein av de 35 norske omkomne som ble funnet. Etter krigen vart han henta heim. Gravferda fann stad på Liknes den 29. september 1945. Så godt som heile bygda, og sikkert mange frå andre stader, møtte fram i gravferda. Ifølgje Fædrelandsvennen var det minst tusen menneske til stades. Mellom anna ordførar Hans Egeland heldt tale.[1] Urna vart sett ned på Kvinesdal kyrkjegard. Kvinesdal kommune tok rekninga for gravferda.

Referansar

  1. «Den største gravferd i Kvinesdal» i Fædrelandsvennen 1945-08-30. Digital versjonNettbiblioteket.

Litteratur og kjelder