Smakebiter fra artikler
|
Spelemenna e mest dei einaste «kunstnaradn» so Valdres ha aatt; men taa dei ha dei okso hatt fleire enn noko anna bygdelag, o kanskji væl so goe okso so nokor are sta'n. O felespele e kji døydd burt, o mykji taa dei gamle laatto ha halde se te no, o spelast enno, taa dei so e noko tess te o bruke fela.
Me ska me ei nokre or tala lite um noko taa dei likaste felespelaro før o hjølpe te, at dei inkji bli burt-gløymde. Før um so hende, vilde de væra stor synd, daa dei ha vøre dei gjildaste te o halde live i ein gamall «kultur», o ale fram de finaste o beste hjaa følke.
Den mest namngjetne speleman i Valdres e han Jørn Hilme so levde i Ulnesbygdn so før eit hundre aar sia. De va noko reint umframt me spele hass Jørn, o han e den, so ha vøre far aat alt, so e fin felelaatt i Valdres o mykji viare. Les mer …
Nils Endresson Sveji ( 1801- 1886) var ein spelemann frå Vang i Valdres. Han var noko av ein meisterspelemann. Han var mellom anna ein av læremeisterane til Ola Strand på Søyne. Nils var komen frå Hermundstad-Haugen og fekk plassen Rødningen under Uvdal. Sidan kjøpte han nordre Sveji. Av far sin Endre Knutsson Eltun, f. 1769, lærde han felespel, men vart snart mykje betre enn han. Mori heitte Kari Knutsdtr. Høle, g. 1799. Då Nils gjekk for presten, vart det sendt klage til presten over at Nils spelte fele i bryllaup. Men Nils var så god til å lesa at presten, Wilhelm Friedrik Muller, ikkje brydde seg om klaga. Les mer …
Johan-Henrik Eltun Kvam (fødd 10. april 1850, død 6. november 1948) var spelemann og gardbrukar på nordre Kvam i Vang i Valdres. Kvam tok til å spela fele då han var 10-11 år. Han brukte då fela åt far sin, Trond Eltun på søre Øye. Då han var 21 år, fekk han seg ei Telemarks-fele, som han gav kr. 30 for. Han kjøpte ho av ein Oslo-mann. Ho var laga av Johan Ellefsson Steintjønndalen, Bø i Telemark. Det var ei retteleg god fele. Far hans, han Trond, fekk ho då han fór til Amerika 1876. Men då kjøpte Johan-Henrik seg att ei ny Telemarks-fele, som Knut Helland hadde laga. Johan-Henrik lærde fyrst og fremst felespel av far sin. Men han lærde og av mange bygdespelemenn, såleis av Ola Strand på Søyne, Krosshaug-sønene Lars og Andris og av Rengjistadane o.a. Les mer …
|
|
|
Eksterne ressurser
|
|
|
Kategorier for Folkemusikk i Valdres
|
|
|
|
Mest lest
|
|
|