Frøya kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Frøya
1620 Froya komm.png
Basisdata
Kommunenummer 5014
Fylke Trøndelag
Kommunesenter Sistranda
Areal 229.8  km²
Areal land 229.8  km²
Areal vann 0  km²
Folketall 5 391 (2023)
Målform bokmål
Nettside Nettside

Frøya (uttale: fosenm. ['fɾøyɑ] (nom./akk./dat.); ndm. ['fɾʌya] nominativ/akkusativ, [fɾʌ’n] (dat.)) er ein øykommune i Trøndelag fylke. Han ligg ytst ute på kysten, rett nordom Hitra og vestom innløpet til Trondheimsfjorden.

Natur

Kommunen er samansett av hovudøya Frøya og øygruppa Froan i nordaust — eit øyrike av til saman kring 5 400 holmar og skjær, som grensar til Frohavet i aust, Frøyfjorden i sør og Norskehavet i nordvest.

Landskapet på Frøya er hovudsakleg skoglaust og småkupert med myrar, vatn og fjell. I nyare tid er det planta store mengder leskog fleire stader. Det høgaste punktet i kommunen, Bremnesstua er 74 meter over havet.

Det finst 163 fiskevatn og tjørner — dei fleste av dei med fiskbar bestand av aure. Ein del av den store hjortestammenHitra har utvandra til Frøya. Han har etablert seg som ein liten men levedyktig stamme som det no blir drive jakt på, om enn i mykje mindre målestokk enn i nabokommunen.

Sularevet utanfor Frøya var lenge kjent som verdas største djupvasskorallrev.

Froan har det største samanhengande havområdet som er freda som naturreservat i Noreg. Froan naturreservat og landskapsvernområde vart oppretta i 1979 og omfattar 400 km² frå Vingleia fyr i sørvest til Halten i nordaust. I tillegg kjem eit 80 km² område søraust for naturreservatet som er freda som landskapsvernområde. Området har eit rikt fugleliv med et lågt tal hekkende artar, kring 50, men med eit enormt tal fuglar av kvar art. Med eit par tusen hekkande skarv husar Froan 10 % av bestanden i Noreg, og med eit par småe unntak er området det sørlegaste hekkeområdet for skarv i Noreg. Området er dessutan kjerneområdet for selarten havert. Det er avgrensingar av fri ferdsel på land på enkelte tider av året.

Inntian, aust for øya Frøya, ligg ei lita kystmyr på vel 0,5 km² som heiter Stormyra og som har vore freda som naturreservat sidan 1990.

Historie

1700-talet

Sokneprest Peder Schvane Bang skreiv i 1780 den omfattande Beskrivelse over Hitterens Præstegield, eit viktig historisk dokument om Hitra og Frøya (som utgjorde Hitra prestegjeld) på denne tida.

Kommunehistorie

Frå 1837 låg Frøya under Hitra formannskapsdistrikt. Frøya vart utskilt som eige formannsskapsdistrikt med 3 949 innbyggjarar den 1. januar 1877.

Den 1. januar 1906 vart kommunen delt i kommunane Sør-Frøya (2 091 innbyggjarar) og Nord-Frøya (3 972 innbyggjarar). I 1930-åra vart det vurdert å skilje ut Sula, Mausund og Froan frå Nord-Frøya som eigen kommune. Dei store avstandane vart bruka som argument for dette. Plana vart avvist av Kommunaldepartementet. Den 1. januar 1964 vart de to Frøya-kommunane slegne saman att. I sør var det da 2 208 innbyggjarar og i nord 4 348, slik at den nye storkommunen fikk eit innbyggjartal på totalt 6 556 ved opprettinga.

Historisk folketal (17692007)

1769: 1 208 1875: 3 968 1950: 6 804 2007: 4 058
1801: 1 718 1890: 4 696 1960: 6 669
1815: 2 007 1900: 4 880 1970: 4 537
1835: 2 174 1910: 6 063 1980: 4 749
1845: 2 593 1920: 6 441 1990: 4 245
1855: 2 859 1930: 6 999 2001: 4 108
1865: 3 352 1946: 7 124 2006: 4 059

Samfunn

Busetting

Tettstaden Sistranda ligg aust på hovudøya og er det kommunale sentrumsområdet med offentlege kontor, skular og eit variert tilbod innanfor handels- og servicenæringane. Størstedelen av befolkninga bur langs søraustkysten på hovudøya, særleg konsentrert til strekninga frå Flatval i sør, videre austover til Hammarvika og Sistranda og nordover til Nesset. Elles ligg busettinga nærme sjøen. Fleire av fiskeværa kring hovudøya er avfolka, slik som Kya, Halten og Inntian, medan andre har ei svært lita befolkning, som Bogøy, Sauøy og Gjæsingen, medan dei største øysamfunna Sula, Mausund og Sørburøy, har større befolkning. Øya Uttian, som ligg austom fast-Frøya, fikk brusamband til hovudøya i 1973, noko som bidrog til å stoppe fråflyttinga. Det same galdt vegsambandet utover til Nord-Dyrøy og Sør-Dyrøy.

Religion og livssyn

Utdjupande artikkel: Kyrkjene på Frøya

I seinmellomalderen hørte Frøya til Hitra prestegjeld saman med dei noverande kommunane Hitra, Hemne og Snillfjord. Seinare vart Hemne og Snillfjord frådelt som Hemne prestegjeld. I dag er Frøya skilt ut som eige prestegjeld. Det er to kyrkjer og fire kapell i kommunen. Sletta kirke (1990) er det største og yngste kyrkjebygget i kommunen etter atteroppbygginga etter brannen i den gamle trekyrkja i 1984, medan den andre kyrkja er Hallaren kyrkje (1881). Dei fire kapella er Sula kapell (1925), Titran kapell (1873), Froan kapell (1904) og Måøy kapell (1975).

Politikk

Frøya har tradisjonelt vore ein sterk kommune for Arbeidarpartiet, Kristeleg folkeparti og Venstre. Kommunestyret har hatt vekslande fleirtal sidan kommunesamanslåinga i 1964, sjølv om Arbeiderpartiet har sete ved makta lengst.

Media

Tradisjonelt laut frøyværingane lesa byavisene («byen» var dels Kristiansund, dels Trondheim) for å lesa om nyheiter frå kommunen. Lenge fungerte òg meinigheitsblada som formidlar av vanlege nyheiter i tillegg til kyrkjeleg stoff. Trondheimsavisene Arbeider-Avisa (inntil ho gikk inn i 1996) og Adresseavisen inkluderer Frøya i dekningsområdet sitt.

I 1973 vart lokalavisa Frøyavisa etablert som dugnadsprosjekt med utgjeving annankvar fredag. I 1980-åra ville avisa i nabokommunen Hitra, Hitra-Nytt, etablere ei felles avis for regionen, men aksjonærane i Frøyaavisa avviste dette, ettersom avisproduksjonen ville bli flytta ut or kommunen. Hitra-Nytt endra deretter namn til Hitra-Frøya og inkluderte frå 1985 Frøya i dekningsområdet, og i tillegg auka dei utgjevingsfrekvensen til to utgåver i veka. I 1988 var Frøyaavisa utkonkurrert og restane vart kjøpte av Hitra-Frøya. Avisa har avdelingskontor med journalist i kommunesenteret Sistranda.

Næringsliv

Fiske, havbruk og fiskeforedling har vore og er framleis den dominerande næringsvegen i kommunen. SalMar har hovedkontor her.

Organisasjonsliv

Frøya kystlag holder til i kommunen.

Kjente frøyværingar

Litteratur

Kjelder