Armfeldtfelttoget

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «General Armfeldts felttog»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Originalteikning av ruta Armfeldt fulgte frå Sverige til Steine skanse
Kart over framrykningen og tilbaketrekningen. Datoene er i henhold til juliansk kalender.

Armfeldtfelttoget er ei vanleg nemning på krigshandlingane som gjekk føre seg i Trøndelag under Den store nordiske krigen frå september 1718 til dødsmarsjen til karolinarane over Tydalsfjella i januar 1719. Ein styrke på om lag 10 000 soldatar, i samtida og ettertida ofte kalla Jemtlandsarméen, vart våren og sommaren 1718 samla kring Duved skanse i Jemtland for å foreta eit innfall i og erobre Trøndelag som ein del av det andre forsøket av Karl XII av Sverige på å ta Noreg under denne krigen. Arméen stod under kommando av generalløytnant Carl Gustaf Armfeldt, og felttoget har også fått namn etter han.

Også under det første forsøket Karl XII gjorde på å ta Noreg, var det planlagt ein operasjon i Trøndelag, men den kom aldri i gang. Men no skulle det også opprettast ein front her, også for å forhindre at dei norske avdelingane i regionen vart sendt sørover for å forsterke forsvaret i Sør-Noreg. I utgangspunktet var Karl XIIs plan at Jemtlandsarméen skulle avmarsjere frå Duved 15. august og erobre Trøndelag innan 28. september, altså på seks veker. Det skulle altså vise seg å vere umuleg.

Vêr og føreforhold

Sommaren 1718 hadde ikkje vore optimal for jordbruket i Trøndelag, med mykje regn og kaldt ver. Det hadde òg ført til at dei dårlege vegane vart enda dårlegare, særleg utanom dei sentrale bygdene. Utover hausten og førjulsvinteren skifta vere mykje, mellom regn, snø, mildvêr og frost. Dette skapte store problem for arméen på to måtar: dei hadde i betydeleg grad basert seg på å skaffe forsyningar i landsdelen mot betaling, rett nok i dårleg svensk mynt, og det vart vanskeleg å flytte med så store avdelingar med folk og forsyningsmateriell (tren).

Dei norske styrkane

Generalmajor Vincents Budde vart utnemnt til kommanderande general nordafjells 21. mars i 1718, og i regionane stod følgjande avdelingar: [1]

  • Det nordenfjellske dragonregiment under oberst Peter Motzfeldt med 5 kompani á ca. 100 mann
  • 1. (nordre) Trondhjemske nasjonale infanteriregiment under oberst Baltzer Meitzner med 12 kompani á 130 regulære soldatar og 40 reservemannskap, til saman 2040 mann
  • 2. (søndre) Trondhjemske nasjonale infanteriregiment under oberst Christian Ulrich Storm med same mannskapsstyrke som 1. regiment
  • Soldatane i dei opphavlege 9 landdragonkompania nordafjells vart fordelte med 80 mann på kvart av dei nasjonale infanterikompania
  • I Trondheim by: eit artillerikompani på 40 mann, eit frikompani på 120 mann og 2 borgarkompani kvart på 100 mann
  • 2 skilauparkompani skulle opprettast etter kgl. res. av 15. august, men vart ikkje ordentleg organisert før på nyåret 1719

Samla utgjorde dei norske styrkane ved starten på stridigheitene om lag 6900 mann.[2]

Dei svenske styrkane

Dei styrkane som skulle samlast ved Duved skanse var både svenske og finske, og var etter oppsettingsplanen 14.500 mann, men det var ikkje meir enn 7300 stridene og ca. 2000 trossknekter og andre ikkje-stridande.[3] Einingane var:[4]

  • Åbo och Björneborgs läns regemente till häst
  • Nylands och Tavastehus kavalleriregemente
  • Karelska kavalleriregementet
  • Jämtlands kavallerikompani
  • Åbo läns infanteriregemente
  • Björneborgs infanteriregemente
  • Tavastehus infanteriregemente
  • Nylands infanteriregemente
  • Viborgs infanteriregemente
  • Savolax infanteriregemente
  • Österbottens infanteriregemente
  • Finska värvade bataljonen
  • Peter Långströms frikompani
  • Hälsinge regemente
  • Hälsinge bataljon
  • Jämtlands regemente med kavalleri-kompani

Ei populær samlenemning på desse soldatane var karolinarar (frå latinske forma Carolus for Karl[5]), og det dekte da både svenskar og finnar.

Kronologi

I kjelder og litteratur om felttoget er det litt varierande datering, særleg for starten av felttoget. Det kjem av at Sverige nytta den julianske kalenderen, medan Noreg hadde gått over til den gregorianske. Dateringar i svensk omtale ligg da 11 dagar etter norsk. Nedafor er det forsøkt å bruke norske datoar.

Den svenske innmarsjen

Etter ordre frå kongen skulle arméen avmarsjere frå Duved 15. august, men dei kom seg ikkje av garde før i slutten av månaden, nesten to veker etter planen. Marsjen gjekk sakte på grunn av dårleg veg og sjukdom blant soldatane. Først 7. september kunne styrken krysse grensa. På grunn av norske sperringar valde ikkje Armfeldt den normale vegtraseen over Sul, men gjekk fjelleies gjennom Merraskardet til Feren og rundt Hermannssnasa for å kome inn mot Verdalen nokså rett frå sør. Vegvalet kan godt ha vore planlagt for å forvirre og spreie dei norske styrkane, som var utplassert også i Stjørdalen/Meråkeravsnittet.[6]

11. september fekk Budde melding om at svenskane var på veg mot Verdalen og Steine, og beordra tenning av vetene over heile Trøndelag. Det var siste gang slik varsling om krig vart nytta.[7] To dagar seinare kom hovudstyrken ned i Inndalen, der den viktige vegen frå Sverige kom ned mot Verdalen, og kryssa elva Inna ved Molda.

Trefninga ved Steine skanse

Rekonstruksjon av Steine skanse. Foto: Einar M. Finstad 2011.

Steine skanse låg på Steine, der elva Trongdøla kjem ned frå Tromsdalen og renn inn i Inna eit par km nordvest for Molda. Her gjer Inna samstundes ein skarp sving mot nordaust. Skansen låg nord for elvesamanløpet, men alt våren 1717 hadde norske avdelingar bygd forhugningar i terreng som førte fram mot skansen: i Tromsdalen, på Bergugleberget, ved Molda på nordaustsida av Inna, ved Holmen ved Verdalselva, ved Vuku kyrkje og ved Kvellmoen.[8]

Ved Molda hadde Budde plassert 300 mann. Da Armfeldt stod framanfor forhugningen gjorde han bare eit skinnangrep med ei mindre avdeling. Hovudstyrken sendte han vestover mot Tromsdalen og ned over ei bru over Trongdøla, slik at han kunne angripe skansen bakfrå. Budde beordra motangrep med ei dragonavdeling, men dei flykta. Da hovudstyrken vart trua, beordra Budde tilbaketrekning, og det klarte dei fleste. Svenskane fekk altså kontroll med skansen utan nemneverdige tap, og den vart seinare hovudbasen for forsyningstenesten til arméen. Men svenskane lot òg dei norske styrkane kome seg unna, sjølv om dei kunne påført dei betydeleg skade. Om lag 20 norske dragonar fall og ein del vart tatt til fange. Svenskane mista bare 1 død og 2 såra, og dei erobra tre kanonar, ammunisjon og proviant.[9]

Skånes skanse blir overgjeve, svenskane går vidare

På Skånes skanse hadde dei norske styrkane lagt opp betydelege mengder militære forsyningar, både matvarer og ammunisjon. Det var utplassert 168 landdragonar under kommando av tre eldre offiserar. 14. september rykka svenskane inn mot skansen og fyrte av fire salver mot bastionane.[10] Da flykta 50 av dragonane, og sjølv om kommandanten prøvde å få resten av soldatane til å slåss, ville dei ikkje, og han overgav da skansen. Armfeldt let offiserane og soldatane gå heim. I tillegg til forsyningane fekk svenskane her fire kanonar. Dei sette att ein major og 100 mann.[11]

Men general Budde hadde iverksett hinder for svenskane: alle båtar i bygdene var enten rekvirerte eller øydelagde, slik at han hadde kontroll på Trondheimsfjorden. Det hadde ikkje svanskane venta, og det hindra den vidare framrykninga.[12]

Den svenske hovudstyrken gjekk så i biuvakk ved Skånes. Dei rykte vidare sørover 16. september og slo leir ved Alstadhaug kyrkje i Skogn om kvelden.

Framrykking til Stjørdalen og retur til Verdalen

Etter trefninga ved Steine trekte Budde den norske hovudstyrken tilbake til Stjørdalen, kryssa Stjørdalselva og gjekk i forsvarsstilling på vestsida av elva nedanfor Gjevingåsen den 16. september.

Framleis var det godt vêr, og den svenske hovudstyrken gjekk relativt sakte sørover til Åsen, der dei heldt kviledag søndag 18. september. Dagen etter marsjerte dei nedover mot Fættenfjorden, der vegen gjekk over i ein smal sti, knapt nok kløvsti, forbi bergformasjonen Langsteinen. Her hadde Budde lagt ein styrke i forsvar, og Armfeldt var svært bekymra over om det var muleg å kome forbi. Han klatra sjølv opp ovanfor berget og fekk oversikt, og fann ut at han kunne rykke fram og kome over nordmennene. Da han gjorde det, trakk nordmennene seg tilbake utan kamp. Men det tok lang tid for svenskane å få hovudstyrken forbi Langsteinen. Tysdag 20. september var framleis ikkje meir enn halvparten kome fram til Skatval, og da slo veret om og eit langvarig regnvêr sette inn. Det førte til at Stjørdalselva voks så mykje at svenskane ikkje klarte å krysse, sjølv om dei prøvde med ei flytebru av same type som dei seinare klarte å krysse Nidelva med.[13]

På denne tida hadde forsyningssituasjonen for svenskane blitt prekær. Alt dei kunne finne i Stjørdalsbygdene hadde dei rekvirert, men det skal mykje til for å halde nesten 10.000 mann med mat og brenneved. Da tok Armfeldt ei skjebnesvanger avgjerd: armèen skulle gå tilbake til Verdalen der det var lettare å få forsyningar over frå Duved. 2. oktober starta returen frå Stjørdalen.[14]

Opphaldet i Verdalen, trefninga på Ytterøya

Marsjen nordover tok tid. 7. oktober var Armfeldt i Åsen da han fekk eit skarpt brev frå Karl 12. med beskjed om å angripe Trondheim. Dagen etter rykte armèen likevel vidare nordover. Vêret var framleis svært dårleg, og tilstanden mellom soldatane var dårleg. Mange var sjuke, og fleire døydde.

Nokre dagar før hadde ei finsk avdeling på nokre hundre mann blitt beordra over til Ytterøya med båtar for å sanke inn det som måtte finnast av forsyningar der. General Budde sendte da ein styrke på 200 mann med båtar frå Trondheim for å ta finnane. Dei prøvde å komme seg tilbake til Skånes, men i alt 84 soldatar og offiserar og underoffiserar vart fanga på fjorden og ført til Trondheim som krigsfangar.[15]

Armfeldt mønstra armèen på Levanger 23. oktober, og sette opp ein tabell over styrken:[16] totalt knapt 8800 mann, men av desse var over 800 disponert som vaktstyrke på Steine og Skånes skansar og langs Jemtlandsvegen, over 400 var fråverande, dei fleste utan løyve, 26 var arresterte og nesten 1450 var sjuke. Nokre dagar seinare vart avgangen registrert: 54 døde, 3 hengde fordi dei hadde prøvd å desertere, 92 hadde desertert og 94 var tekne av nordmennene, til saman 243 mann.

Etter at Armfeldt returnerte til Levanger rykka Budde straks ut og tok stilling i Stjørdalen att, og i dagane 4.-7. november drog general Budde med 1000 mann sjøvegen frå Trondheim til Inderøya for å hindre at dei svenske avdelingane på nordsida av Verdalselva skulle gå mot dei gode jordbruksbygdene der for å samle forsyningar. Samstundes opererte mindre norske avdelingar mot svenskane frå skogsstrekningane kring Levanger.[17]

Framrykkinga mot Trondheim

Etter streng ordre frå kongen måtte Armfeldt gå mot Trondheim, utan omsyn til forsyningstilstanden. Han sendte derfor ein kavaleristyrke frå Skogn 9. november, men valde ei anna rute mot Stjørdalen med hovudstyrken for å unngå Langsteinen: over gjennom Markabygda fjellet til Hegra. Kavaleriavdelinga kom fram 12. november. Dei norske styrkane som låg i nedre Stjørdalen vart varsla av presten i Verdalen og rakk å trekke seg unna. Hovudstyrken starta frå Skogn 10. november og klaret turen til Hegra på tre døgn; ein imponerande prestasjon sjølv om det var barfrost og eigentleg gode forhold.[18]

Armèen slo seg til i Stjørdalen, mellom anna for å samle forsyningar. «Fra Dalsaune og ned til Hegra ble det gjort reint hus i fjøs og stabbur på de fleste gardene».[19] Det er registrert mange segner om dette opphaldet, som berre vart fram til 14. november da styrken braut opp att for å gå mot Trondheim. Armfeldt var forsiktig, han venta at nordmennene hadde stilling på Gjevingåsen, og førte styrkane om Frigården og Julkleiva til Hommelvika.[20]

Frå Hommelvika gjekk armèen vidare mot Trondheim. Dei første kavaleriavdelingane kom fram til byen 15. november og oppdaga at alle norske styrkar var forskansa i byen innafor elva på Kristiansten festning. To dagar seinare braut hovudarmèen opp og marsjerte fram til og gjekk i biuvakk ved Teslia, om lag fem km fra bysentrum.[21]

Beleiringa av Trondheim

General Budde hadde betydeleg styrkar til disposisjon, og hadde brukt tida til å førebu forsvaret av byen. Nidelva var den viktigaste topografiske hindringa, og for å unngå at svenskane skulle kome seg inn mot elva vart heile den uregulerte bydelen Bakklandet øydelagt. Berre kyrkja fekk stå. Vidare var det 1000 mann og tungt artilleri på Kristiansten festning, og to større og eitt mindre krigsskip hadde kome oppover frå Københamn. Desse låg slik til at dei med kanonane sine kunne dekke Skansen og elveutløpet. Talmessig bestod den norske styrken av ca. 8000 mann, medan Armfeldt neppe hadde meir enn 5500 kampdyktige mann[22], han stod ovafor ei komplisert oppgåve for å oppfylle svenskekongens ordre.

Søndag 20. november gav Armfeldt grenaderane ordre om å klargjere granatar og eksplosivar, medan andre lagde stormstigar og prammar for elvekryssinga. Måndagen reid Armfeldt med dei øvste offiserane opp på høgdedraget ved Blussuvoll/Tyholt for å få eit overblikk over byen og - har ein trudd - detaljplanlegge angrepet, som var venta å bli sett i gang fredagen 25. november. Men intet skjedde; den dagen vart hovudarméen i staden flytta sørvestover til Hoegga, og tre dagar seinare flytta han heile arméen over Nidelva til Tiller, sjå nedanfor. [23]

Svensk kryssinga av Nidelva

Svensk teikning av kryssinga av Nidelva.

Etter at storminga av Trondheim tydelegvis var avlyst, trekte Armfeldt altså hovudstyrken sørvestover mot Hoegga og Utleira. Det vart av Budde oppfatta som ein plan om å krysse Nidelva, følgje den nedover på vestsida og så angripe Skansen. Mottiltaket var å å øydelegge den eine brua mellom Strinda- og Tillersida og plassere Nordenfjeldske dragonregiment og 300 bønder i forsvarsstilling på vestsida av elva. Også Stjørdalske kompani, eit verva kompani og nokre mindre avdelingar stod vest for elva for å hindre svensk kryssing.[24]

Det viste seg at svenskane sikta seg inn på Øvre Leirfossen for å krysse. Det var truleg like ovanfor fossen det skjedde, der det låg ein husmannsplass, Jonsplassen, på Strindasida, og Sjetnøya eller Møllehaugen på Tillersida. Natta til 28. november bygde svenskane så ei stor flytebru på same vis som dei hadde prøvd ved Stjørdalselva. Den var om lag 100 m (160 alen) brei nok til at fire dragonar eller seks soldatar kunne storme over i breidda. Brua vart så lagt langs elvebreidda, festa i nedre kant og sleppt laus øverst. Straumen tok tak i bruka og ført ho over mot Tillersida. Her låg ein liten styrke frå Gauldalske kompani som opna eld, og samstundes kom ei dragonavdeling på hest for å stoppe svenskane. Men svenskane hadde kanoner på Strindasida, og elden frå dei skremde hestane slik at dei stakk av. Dei norske trakk seg da unna opp mot Tiller gard der dragonregimentet låg.[25]

Framrykkinga mot Gauldalen

Armfeldt gjekk i kvarter på Tiller, og rekvirerte/plyndra systematisk gardane i nærområdet for korn, høy, kjøt og flesk. Etter nokre dagar trakk dei vidare til Melhus og vidare oppover Gauldalen til Holtålen, der arméen feira jul (etter den julianske kalenderen).[26] Eit finsk regiment gjorde òg streiftog til Orkdalsføret, først og fremst for å finne forsyningar, men òg for å støtte dei som følgde dragonane mot Oppdal.[27]Løkken Verk mobiliserte bergkompaniet, noe finnane truleg visste og gjekk utanom verket.[28]

Dei nordenfjellske dragonane blir jaga over Dovrefjellet

Etter at Armfeldt hadde kryssa Nidelva, trakk Nordenfjeldske dragonregiment med fem kompani opp i Gauldalen. Men her følgde ein svensk kavaleristyrke tett på dei norske, som flykta i stort tempo opp Soknedalen over Berkåk og Oppdal. Talet på svenske kavaleristar som jaga nordmennene har vore omdiskutert; nokre har påstått at det berre var 350 karolinarar. Meir sannsynleg var talet 6-700. Fredag 2. desember var dei i alle fall komne til Oppdal, medan nordmennene den dagen passerte Drivdalen og sette fyr på den nedste fjellstua der, Drivstua. Dagen etter var dei komne til Hjerkinn etter å ha svidd av Kongsvoll, og ein dag etter (4. desember) tente dei på Hjerkinn og Fokstugu og kom seg ned til Sel. Det er litt uavklart kor langt oppover Drivdalen dei svenske følgde etter nordmennene, truleg var det til ein stad Klemma, om lag 4 km ovanfor Drivstua.[29]

Dei svenske avdelingane forlet Oppdal etter 11 dagar og rykte over Innset og Kvikne til Røros og frå der nordover att til dei slutta seg til hovudarméen i Holtålen.[30]

Jemtlandsarméens undergang

Utdypende artikkel: Karolinernes dødsmarsj

Siste fase av operasjonen starta med at hovudhæren marsjerte over fjellet Bukkhåmåren til Flora i Selbu. Her var det ikkje tidlegare rekvirert forsyningar, så svenskane vart hjelpte. Frå her kunne dei gått tilbake til Skånes og Steine skansar, der det hadde kome betydeleg med forsyningar frå Duved. Men ein teori går ut på at Armfeldt vart såpass forstyrra av norske avdelingar som angreip flankene og forsyningspatruljane, at han i staden gjekk til fjells. Ei framstøt mot Hilmo i Selbu vart avvist.[31]

Det var nyttårskvelden etter den julianske kalenderen at svenskane starta påden skjebnesvangre marsjen over fjellet. Sjå utdjupande artikkel.

Skadeomfang og erstatningar

Om våren året etter den svenske arméen hadde forlatt Trøndelag nedsette stiftamtmannen ein kommisjon som skulle kartlegge og taksere skader som hadde blitt påført bygdene og Trondheim by. Kommisjonen kom mellom anna til at det bare i Strinda og Selbu futedømme var påført skader for 66638 daler, noko som etter datidas pengeverdi svarte til ikkje mindre enn 19000 kyr. Og fleire stader var det ikkje svenskane, men dei norske styrkane som påførte sivilsamfunnet størst skader.[32] Og statskassa var som vanleg tom, så det var bare bagatellar som vart erstatta. Det var i form av nedsette skattar i dei påfølgjande åra.

Kjelder og litteratur

Primærkjeldematerialet til kunnskap om denne operasjonen er i hovudsak korrespondansen mellom stabane på kvar side og hovudkvartera i kvart land, ei bevart ordrebok for Hälsinge regiment, dei skaderegistreringane som kommisjonen utførte våren 1719, og nokre rimeleg samtidige nedteikningar av embetsmenn i bygdene svenskane for igjennom. I tillegg er mykje tradisjonsstoff registrert i bygdebøker frå dei områda arméen låg lengst, særleg Skogn (Hallan) og Stjørdalen (Leirfall).

  • Rentekammeret inntil 1814, Realistisk ordnet avdeling. Ki: Krigsvesen. L0012: S10: Kommisjonsforretning over skader påført allmuen nordafjells i krigsåret 1718. Arkivreferanse: RA/EA-4070/Ki/L0012
  • Bull, Ida: «Krig og enevelde». I Trøndelags historie bind 2. Fra pest til poteter. Tapir akademisk forlag 2005.
  • Gullikstad, K. J.: Tydalsboka 1. Bygda gjennom tidene. Tydal kommune, 1972. Digital versjonNettbiblioteket, særleg side 213-225.
  • Hallan, Nils: Skogn historie. 4 B : Ålmenn bygdesoge for Skogn, Frol og Levanger. 1969. Digital versjonNettbiblioteket
  • Haarstad, Kjell: «Armfeldt og Budde – to hærførere i Trøndelag», i Clios tro tjener. Festskrift til Per Fuglum. Universitetet i Trondheim, Historisk institutt 1994. Digital versjonNettbiblioteket side 111–122.
  • Jensås, Henry Kristian: Tiller. Bygd - og by. Trondheim kommune, 1980. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Jensås, Henry Kristian: Trondheim som regional festningsby. Distriktskommando Trøndelag, 1996. Digital versjonNettbiblioteket
  • Klüver, Johan Wilhelm: Et Øievidnes Beskrivelse over den svenske Armées Tog under Generallieutenant Armfelts Commando, som indfaldt ved Steene Skandse udi Tronhiems Stift, den 12 September 1718. Minerva II s. 19-73 Kjøbenhavn 1806. Nettside, lest 7.12.2018.
  • Korstad, Reidar: Armfeldt og karolinernes innfall i Trøndelag 1718. Stjørdal. 1984. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Leirfall, Jon: Stjørdalsboka : gards- og slektshistorie. B. 1 Del 1 : Liv og lagnad i Stjørdalsbygdene. Digital versjonNettbiblioteket
  • Osnes, H.: Strinda bygdebok. Bind III. Trondheim 1948. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Pollen, Geir: Armfeldts armé. Historien om en katastrofe. Gyldendal 2014.
  • Sletbak, Nils: Omkring den svenske okkupasjonen i Oppdal i 1718. Armfeldt-toget og Oppdal i Heimen 1964 nr. 1 side 1-30.
  • Sommerschildt, Wilhelm Tode: Av Nordre Trondhjems Infanteriregiments historie. Steinkjer 1928.
  • Sunde, Hjalmar I.: Av Sør-Trøndelag infanteriregiment nr 12's historie : med møre- og trøndersoldater fra muskett til rakett. 1984. Digital versjonNettbiblioteket
  • Wahl, J. O.: «X. General Armfeldt indfald i det nordenfjeldske Norge» og «General Armfeldts retræt. Slutning», i Felttogene 1716 og 1718, Særtryk af Norsk militært tidsskrift. Grøndal 1903 Digital versjonNettbiblioteket side 167–88 og 233–41.
  • Øverland, O. A.: Armfeldts tog Nordenfjelds 1718. Kristiania 1879. Særtrykk av Norsk historisk tidsskrift R.2, B.2. Digital versjonNettbiblioteket

Referansar

  1. Wahl side 170f.
  2. Øverland side 9.
  3. Wahl side 171f.
  4. Nettside frisenheim.se, lest 6.12.2018.
  5. Karoliner - soldat i Store norske leksikon
  6. Leirfall side 367 og 367.
  7. Haarstad side 114.
  8. Sommerschild s. 69.
  9. Øverland s. 20f.
  10. Hallan side 272f.
  11. Øverland s. 23.
  12. Hallan side 274.
  13. Leifall side 371f.
  14. Smst.
  15. Klüver og Hallan side 227.
  16. Summert etter Hallan side 277f, han oppgir å ha tala etter ein svensk publikasjon frå 1795 med breva Armfeldt sendte til kongen.
  17. Leirfall side 372.
  18. Leifall side 373f.
  19. Leifall side 375.
  20. Leifall side 376f.
  21. Jenshus 1996 side 56 (Jenshus må referere til den julianske kalenderen).
  22. jensås 1996 side 59.
  23. Jensås 1996 side 60f.
  24. Nemnt i rapport frå Budde til Lützow 22. november, ref. Sletbak s. 4.
  25. Jenshus side 99f.
  26. Jensås side 64-66.
  27. Øverland side 41.
  28. Løkken verk. En norsk grube gjennom 300 år (1954) side 88.
  29. Dette avsnittet er etter Sletbak. Talet på karolinarar side 6. Sjå òg Øverland.
  30. Sletbak side 16, Øverland side 41.
  31. Jensås side 65f.
  32. Bull side 233.