Gunnar Røstad
Gunnar Marthinius Røstad (født 27. oktober 1874 i Øvrebø, død 19. mars 1947 i Oslo) var ein felemakar frå Øvrebø i Vennesla, som gjennom mange år hadde verkstad i Oslo. Han var son av Anders Gundersen Horne og Tomine Elisabeth Andreasdotter. Den 6. desember 1874 blei han døypt i Øvrebø kyrkje. Navneforma som er skriven ned i kyrkjeboka er Gunder Marthinius, men han nytta seinare forma Gunnar.
Han lærte kunsten å bygge feler av mellom anna faren og bestefaren, og han gjekk i lære hos flere dyktige spelemenn og felemakarar, mellom anna og Leif Sandsdalen [1]. Røstad blir av mange rekna som den beste felemakaren på 1900-talet.
Røstad dro heimanfra som sekstenåring, og tok arbeid i Kristiansand - på mekanisk verkstad, på hotell og på asyl. Han gjekk underoffiserskulen i Kristiansand frå 1895, og blei politikonstabel. Felearbeid måtte gjerast på fritida [2]. Til slutt hamna han i Kristiania. I folketellinga 1900 finst han på adressa Wilses gate 8 med yrket politikonstabel. Han var då ugift. I Kristiania tok han arbeid mellom anna som vaktmeister på Norsk Folkemuseum og i Hagens sportsforretning i Kirkegata - der han blei sett til å lage utstyr til Roald Amundsen og til kongefamilien [3].
Verkstad i Oslo
I 1907 opna han verkstad i Lille Grændsegate 4 i Kristiania. Verkstaden blei flytt fleire gonger, mellom anna til Eilert Sundts gate 27, Stortingsgata, Vålerenga, Rosenkrantz' gate, Nordahl Bruns gate 22 og sist til Brugata 6.
I folketellinga 1910 finn vi han i Korsgata 26 saman med kona Hilda Marie Røstad (1877-1950), født i Stokke, og fire born, alle født i Kristiania. Under yrke står det «Violinmaker arbeide for egen regning, arbeider alene».
Sjølv om han likte best å arbeide aleine, var fleire andre felemakarar i lære hos han i kortare periodar, som K.Ø. Rudi, Torleiv Frøysaa, Ole G. Skogly, Erik Kleven og Kjell Flatin. Mange kjente spelemenn har hatt feler laga av Røstad. Ein kan nemne Henrik Gjellesvik, Alfred Maurstad, Lorentz Hop, Arne Bjørndal, Klaus Sande, Jon Rosenlid, Haldor Meland, Truls Ørpen, Sjur Helgeland, Eilev Smedal, Gunleik Smedal og Torkjell Haugerud.
Norsk Folkemuseum dokumenterte verkstaden og arbeidet til Røstad, og kjøpte alt felemakarverktyg etter Gunnar Røstad etter at han døydde.
Gunnar Røstad er gravlagd på Vestre gravlund i Oslo med kona Hilda Marie.
Referanser
Kjelder
- Gunnar Røstad på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Øvrebø, Ministerialbok nr. A 8 (1874-1883), Fødte og døpte 1874, side 10 (Gunder Marthinius Anderssons dåp, 1874, linje 94.
- Gunnar M.A. Røstad i folketelling 1900 for Kristiania kjøpstad fra Digitalarkivet.
- Gunnar Marthinius Røstad i folketelling 1910 for Kristiana kjøpstad fra Digitalarkivet.
- Gunnar Røstad i Gravferdsetaten i Oslo kommunes gravregister.
- Kyvik, Steinar 1947. Soga om fela : felemakarar og felemakarkunst. Fonna forlag.
- Midtgaard, Kjell Chr. 1997. Gunnar Røstad: Hardingfelemakeren. Midtgaard.