Hedalen stavkyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Hedalen stavkirke)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hedalen stavkyrkje
Hedalen stavkirke.JPG
Foto: Dag Bertelsen (2001).
Stad: Hedalen
Byggeår: Kring 1165
Endringar: Påbygd 1699, restaurert 1902, 1908 og 2006–2011.
Kyrkjegard: Hedalen kyrkjegard.
Kyrkjesamfunn: Til 1538: Den katolske kirke
Fra 1538: Den norske kirke
Bispedøme: Hamar
Prosti: Valdres
Prestegjeld: [][Sør-Aurdal prestegjeld
Fellesråd: Sør-Aurdal
Sokn: Hedalen
Støpul: På kyrkjegarden, av nyare dato.
Takryttar: Frå 1738.
Portal: Vestportal med drageornament.
Preikestol: Kring 1766, av Hovel Christopher Gaarder.
Døypefont: 1100-talet, romansk i kleberstein.
Altartavle: Altarskåp frå 1200-talet, oppmåla kring 1766 av Hovel Christopher Gaarder.
Anna informasjon: Gotisk krusifiks frå 1200-talet. Gotisk Madonna med Jesusbarnet frå 1200-talet. Kyrkjemodell, truleg baldakinkroning, frå 1200-talet.

Hedalen stavkyrkje står i bygda Hedalen i Sør-Aurdal, sør i Valdres. Ho vart reist som ei einskipa langkyrkje kring 1165, og vart i 1699 ombygd til ei korskyrkje. Den vestre delen av skipet er den opphavlege stavkyrkja. Ho er framleis soknekyrkje for Hedalen sokn. Kyrkja trakk òg folk frå mellom anna Ådalen, dei andre delane av Sør-Aurdal, Etnedal og Hallingdal til feiring av jonsok og mikkelsmess heilt fram til «Hedalsmessa» vart avskaffa kring 1850.

Datering

Kyrkja vart stilhistorisk datert til kring 1165. Det er ikkje alltid lett å treffe blink med slik datering, men i dette høvet har seinare årringdatering vist at tømmeret vart hogd vintrane 1161/1162 og 1162/1163. Før ein tar til å bygge må tømmeret ligge eit par-tre år, så 1165 er så nær ein kan kome uten ei samtidig kjelde. Dei eldste myntene, som det særleg var mange av i det sør-vestre hjørnet, er frå Sverre Sigurdsson si regjeringstid, 1177–1202.

Den første skriftlege kjelda som nemner kyrkja er eit rekneskap frå den pavelege nuntius frå 1327.

Under restaureringa i 1902 vart det funne eit brannlag og ei bjørneklo, noko som kan tyde på ein førkristen kultstad.

Bygningen

Den opphavlege kyrkja var ei langkyrkje. I klassifiseringa av stavkyrkjer vert ho rekne som type A, enkel. Koret var noko smalare enn skipet, og det kan ha vore ein apside.

Eit rekneskap frå 1665 fortel at det då var naudsynt å gjere noko med kyrkja; særleg var svalgangen i dårleg stand. Vi veit at det i 1685 vart gjennomført ein større reparasjon, og at ein i 1686 kunne konstatere at kyrkja var i god stand.

I 1699 var det ei større om- og påbygging, truleg for å få plass til fleire. Kyrkja vart gjort om til korskyrkje. Det opphavlege koret vart rive, og erstatta med eit nytt i laft.

Takryttaren vart sett opp i 1738. Det var ein eldre takryttar på kyrkja, for i åra 1623–1628 vart det betalt for tre tønner tjære, og av desse gjekk ein til tånret. Rekneskapet frå 1675 nemner to små klokker i tårnet, og dei nemnast òg i seinare rekneskap. I kula på spiret på takryttaren frå 1738 skal det ligge eit dokument som fortel at Svein Tråset bygde det. Truleg vart takryttaren noko ombygd i 1768, då det vart kjøpt inn ein del tømmer til tårnet.

I 1902 fann ei større restaurering stad under leiing av Carl Berner. Spontaket vart erstatta med skifer. Det gamle sakristiet vart erstatta av eit nytt kor. Resten av kyrkja fekk ein skikkelig overhaling. Restaureringa kom etter at kyrkjelyden hadde sett at kyrkja var i dårleg stand. I 1859–1860 var det større reparasjonar, utan at vi veit kva dei gjorde då, men tre tiår seinare var kyrkja i forfall att. I 1894 søkte dei om eit bidrag på 6000 kroner frå Kyrkjedepartementet for å få på plass ei ny kyrkje. Dei fekk 3000 kroner. Dette var for lite, og i 1896 vart saka lagt bort. I bygda var det ikkje alle som var einige med soknestyret i at ein skulle bygge ny kyrkje. Mange ville heller restaurere den gamle, og ein hadde eit forslag til dette frå arkitekt Johan Meyer. Ein del trua med å melde seg ut av kyrkja om ikkje stavkyrkja vart sett i stand. I 1898 søkte soknet nok ein gong om pengar til ny kyrkje, men denne gongen bad dei om pengar til ein restaureringsplan om det ikkje var mogleg å få ny kyrkje. Departementet valde den billigaste løysinga, og gav støtte til restaurering. Det kan nemnast at teikningane til ei ny kyrkje var utarbeida av Henrik Thrap-Meyer, og var inspirert av stavkyrkja.

Arkitekt Carl Berner rekna på kor mykje det ville koste, og ende opp med eit overslag på 11 291,90 kroner. Det må ha vore eit særs detaljert budsjett, ned til kvart minste øre. Soknestyret fekk det til seg den 9. desember 1899. Truleg var kostnaden noko mindre enn om ein skulle bygge ei ny kyrkje, og med så mange i bygda som ville ha gamlekyrkja valde dei å sette i gang med å skaffe pengane. Først i 1902 kunne arbeidet gå i gang med Herman Major Schirmer som byggeleiar og Berner som utøvandre arkitekt. Den 30. oktober 1902 vart kyrkja vigsla på ny.

Berner sitt arbeid på kyrkje fekk mykje kritikk, både frå kyrkjeleg og antikvarisk hald. Henrik Jürgensen vart sendt til Hedalen av Fortidsminneforeningen i 1907 for å undersøke arbeidet. Han la særleg merke til at koret ikkje var bra, og meinte at det burde rivast og settast opp etter Berner sin plan. Ein må altså tilgje Berner for ein del av problema, for koret vart ikkje bygd slik han hadde teikna det – og slik er det framleis. I den vestre delen, stavkyrkjedelen, vart det i 1908 gjennomført ei ny restaurering for å få fram mellomalderkarakteren betre. Riksantikvar Harry Fett sa seg særs lite nøgd med arbeidet då han nokre år seinare inspiserte kyrkja.

Ein del materialer frå Hedalen, som ein ikkje trengde etter restaureringa, vart nytta til rekonstruksjon av Øye stavkyrkje lenger nord i Valdres. Vestportalen tok dei godt vare på under både ombygginga i 1699 og den seinare restaureringa, og han vert rekna som ein av dei flottaste i landet. Portalen har samanfallande trekk med dei frå Hopperstad stavkyrkje og Borgund stavkyrkje.

Frå 2006 til 2011 vart kyrkje restaurert og konservert av Riksantivaren gjennom stavkyrkjeprogrammet.

Interiør

Skip og kor, frå Gamle norske kirker, utg. 1922.

Kyrkja er ganske lita, og er enkelt innreia. Kyrkjebenkane er frå 1800-talet, er er gråmalte.

Altarskåpet er frå 1200-talet, og var oppmåla av rosemålaren Hovel Christopher Gaarder frå Nordre Land kring 1766. Framfor altaret står eit krusifiks som truleg har hengt i koropninga i den opphavlege kyrkja. Det er i gotisk stil, og er datert til 1200-talet.

Kyrkja har òg ei Madonna med Jesusbarnet, Hedalen-madonnaen, i gotisk stil frå 1230–1240. Ho var lenge vekk frå kyrkja fordi klimaet der skada ho, men er nå attende i eit klimasikra skåp. Tidlegare sto ein kopi frå 1990 i kyrkja.

Ein kyrkjemodell frå 1200-talet var truleg kroninga på ein baldakin, kanskje over det som no er altarskåpet.

Hedalen-skrinet er med i Sør-Aurdal sitt kommunevåpen.

Hedalen-skrinet er eit relikvieskrin i tre med dekor i messing. Skrinet vart, saman med Reinli stavkyrkje, nytta som inspirasjon til kommunevåpenet. Bland motiva i dekoren er bibelske scener og drapet på den engelske erkebiskopen og martyren Thomas Becket (1118–1170).

Døypefonten er i romansk stil, i kleberstein, og er frå 1100-talet. Lokket er i tre, truleg frå midten av 1200-talet.

Preikestolen i tre er fra 1966, og vart måla av Hovel Christopher Gaarder kring 1766.

Det er funne seks runeinnskrifter i kyrkja. Ein av dei er datert til 1200-talet.

På den austre gavlveggen er det målt ein løve i romansk stil og ein mann med kort kjortel. Stilen har sammanfallande trekk med Bauyeux-tapetet, og kan vere måla av portalmesteren.

Det er seks målerier frå 1600- og 1700-talet i kyrkja. «Lasarus og den rike mann» er frå 1623. «Kvinna som hadde bedrive hor» har ein innskrift som ender med «AN 16..», og er altså òg frå 1600-talet. «Nattverden» er frå 1630, og vart gitt til kyrkja som altartavle av Engelbret Bleiken, Elline Christophersdotter Bleiken og Kari Bleiken frå Gran. «Jesus i Getsemane» er frå 1694, og vart gitt av Stephan Ingebretssøn Hadeland og Anne Gudmundsdatter Hadeland. «Jacobs draum» er måla i 1701, og sjølv om mykje av innskrifta er vekk, må gjevarane vere Ole Iverssøn og Kiersti Gulbrandsdotter, som òg gav eit bilete til Viker kyrkje i Ådalen i 1701. Nok eit bilete av «Nattverden» er frå 1730, og var ein gåve frå Harald Olsson Haugsrud og Oste Erichsdotter Haugsrud.

Ljosgluggene i langveggane er truleg opphavlege. Dei vart dekka til av den ytre bordkledinga, og etter reformasjonen vart det sett inn blyglasvindauge. Desse vart reparert fleire gonger; i 1699 vart det sett inn fjorten nye ruter, i 1740 seks og i 1823 seksten. Fleire eldre vindauge er no blokkert.

Opphavleg var det ikkje himling i kyrkja, men ein åpen takkonstruksjon. Berner nemnde i 1899 ein himling, som må ha vore satt opp ein gong for hans tid. Truleg er dette den himlinga som er nemnd i eit rekneskap frå 1779. Det vart sett opp ny himling i delar av kyrkja i 1902, men denne vart fjerna i 1908 for å få fram stavkyrkjekonstruksjonen. I korsarmane er det framleis himlingar.

Det var truleg plankegolv frå starten; ofte kunne stavkyrkjene har jordgolv. Dagens golv er frå 1902, og ligg kring 10–40 cm over det opphavlege golvnivået.

Eit røkelseskar i bronse er datert til kring 1200, og er eit Limoges-arbeid.

Kyrkja har ei såkalla Pax-tavle eller kysseplate (osculatorium), truleg frå 1200-talet. Plata er utskore i bjørk, forma som ei han som held ei firkanta plata med plass til å legge ein relikvie. På kantane står med runer «Bárdr Andrésson gerdi mik», 'Bård Andresson lagde meg'.

Kyrkja sitt første orgel vart bygd av Erland Knudsen Landsen i 1798, og gjeve til kyrkja av han i 1808. Fasaden er bevart. I ein formannskapsprotokoll frå 1863 nemnast det at kyrkja skal ha fått eit orgel av Ole Ellingsen Brager sin far, men dette veit ein ikkje meir om. Eit nytt orgel av P. Berntsen vart sett opp i kyrkja i 1906. Fasaden frå dette er montert på det noverande orgelet. Det er frå 1977 og er bygd av Norsk orgel-harmoniumfabrikk, byggenummer 388. Det har tolv stemmer.

Klokker

I ei inventarliste frå kring 1620 er det nemnd tre klokker, og i ei liste frå 1675 fire klokker. Det er då presisert at det var to små i tårnet, ei noko større i klokkehuset og ei lita handklokka i kyrkja. Vi kan tolke dette som at det hang to klokker i takryttaren, ei noko større i ein støpul og at var var ei sanctusklokke i koret som vart nytta ved forvandlinga av nattverdselementa.

Det er i dag fem klokker i kyrkja, tre frå mellomalderen og to av nyare dato.

  • Ei bronseklokke av gotisk type heng i takryttaren. Ho har ein diameter på 45 cm og høgd på 56 cm med krona. Klokka ringast manuelt. Dette er ei av de to små klokkene i tårnet.
  • Ei bronseklokke med diameter 63 cm og høgd 66 cm med krona heng i støpulen. På kappa står det «NICHOLAUS ANGELUS ME FECIT», 'Nikolaus Angelus lagde meg'. Dette må vere den noko større klokka i klokkehuset.
  • Ei mindre bronseklokke heng ved korskillet; diameter 16,5 cm og høgd med krona 14,5 cm. Dette må vere den lille handklokka.
  • Ei bronseklokke i tårnet, diameter 38 cm og høgd med krona 35 cm, heng i tårnet. Innskrifta er «FECIT AMSTELODAMI 1718», så ho er laga i 1718. Ei av de to klokkene i tårnet på 1600-talet må vere tapt, og denne er hengd opp i staden.
  • Ei bronseklokke med diameter 67 cm og høgd med krona 59,5 cm heng i støpulen. Innskrifta seier: « STØBT AF M K SØBERG AAR 1821».

I eit udatert manuskript i Hammers samling er det nemnd ei klokke frå 1669 eller 1665, med innskrifta «DOOR SCHIPPER. SÝMON. ÝTS.BSETEL.AO 1669. HENRICK TER HORST ME FCIT. DAVENTRIÆ». Årstalet skal ha vore uklart, og kan altså ha vore 1665.

Støpul

Støpulen som står ved kyrkja i dag er truleg frå 1600-talet; som nemnd over var det i 1675 ei klokke som hang i klokkehuset, og det må vere støpulen. Det er all grunn til å tru at det allereie på 1100-talet var ein støpul, og nokre av delane i dagens støpul ser ut til å vere frå ein stavkonstruksjon, kanskje frå den opphavlege støpulen. Denne vart truleg riven allereie før 1600-talet, sidan han ikkje er nemnd i noko rekneskap.

Prestestugua

Prestestugua er ein fleire hundre år gamal, lafta bygning utafor kyrkjegarden. Her kunne presten overnatte, og bygningen var òg nytta mellom anna som tingstove. I dag er det eit lite museum for kyrkja der, med mellom anna den gamle kyrkjedøra og tekstil frå 1600-talet. Det er ikkje lett å datere bygningen, men han er truleg nemnd i 1765, de det vart betalt for vask av «kammeret», truleg presten sitt rom der.

Kyrkjegarden

Kyrkja med kyrkjegarden, frå Gamle norske kirker, utg. 1922.

Hedalen kyrkjegard går attende til mellomalderen, og er framleis i bruk.

Det eldste eksisterande gravminnet er ei steinhelle sør for kyrkja. Det har eit latins kors og følgjande innskrift rissa inn: «ABS 1723 OAS 1742 Gas XXXX 175». Det er altså tre menn som er minne her, då dei alle har s for son som siste bokstav i initialane.

Bårehuset er frå 1976.

Kyrkjesegnet

Hedalen-segna fortel at under Svartedauden vart Hedalen tømt for folk, og krattskogen fekk vakse fritt. Ein dag skaut ein jeger ein pil etter ein fugl, og traff kyrkjeklokka. Han følgde lyden, og fann att den gløymde kyrkja. Han trudde det var ei huldrekyrkje, og kasta flintstålet sitt over kyrkje for å verje seg mot vonde makter. Der stålet fall ned vart det seinare lagt ein gard kalla Eldjarnstad. Jegeren gjekk inn i kyrkja, der det låg ein bjørn i hi ved altaret. Han skaut bjørnen, og rester av skinnet heng framleis i glas og ramme sakristiet.

Hedalen er ein sidedal til Vassfaret, som er kjend for bjørn, så at ein har med ein bjørn i ei segn her er ikkje så rart. Det ser òg ut til at det stemmer at dalen låg øyde i kring halvanna århundre etter Svartedauden. Men kva som er elles sant eller ikkje i segna er det ikkje lett å vite. Det vart første gong skrive ned av sokneprest til Aurdal Peder Joachim Christophersen Landt i 1743.

Litteratur og kjelder