Ingeborg Møller

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingeborg Møller ca. 1930-1935.
Foto: Ukjent.

Ingeborg Møller (fødd 29. desember 1878 i Oslo (Kristiania), død i Oslo 18. februar 1964) var forfattar, lærar, samfunns- og kulturdebattant. I tidsrommet frå 1904 til ca. 1920 brukte ho ektemannens etternamn Lindholm. Møller var ein av grunnleggjarane av den antroposofiske rørsla i Noreg på det tidlege 1900-talet. Ho verka mykje til at delar av norskdomsrørsla, spesielt det grundtvigianske miljøet i Gudbrandsdalen, vart influert av denne åndsretninga. Mellom anna arbeidde ho saman med lyrikaren Olav Aukrust og kunstmålaren Hallvard Blekastad ved Dovre folkehøgskule.

Møller gav ut ca. 15 bøker i tidsrommet 1923-1958, av desse ei rekkje historiske romanar, biografiske framstillingar og andre sjangrar.

Bakgrunn og familie

Hovedbygningen på Tose før brannen i 1899. Far til Ingeborg Møller var herifrå, og sjølv hadde ho også delar av oppveksten sin her, etter at faren døydde og mora vart sjuk. Foto:Ukjent

Døypenamnet hennar var Ingeborg Kataharina Elisabet Storm Møller. Ho var barn av infanterikaptein Thorvald Fredrik Møller (1821–1879) og Nathalia Munch (1836–1904).[1] Ho hadde ein seks år eldre bror, Helle.[2]

Faren Thorvald Møller var nesteldste son på storgarden Tose (Thorsø herregård) i nåverande Fredrikstad kommune. Der var Ingeborg også delvis oppvaksen. Milada Blekastad skriv slik om dette i ein karakteristikk av Ingeborg Lindholm: «Ho var født Møller, barnebarnet til P.A.Munch og vokse opp i det kultiverte miljø på Thorsø herregard. Alt kva den gamle norske embetsmannskulturen kunne gje henne, hadde ho i blodet.»[3]

Faren døydde som psykiatrisk pasient på Gaustad Sinnsykeasyl året etter at ho vart fødd. Da Ingeborg var om lag fem år gammal, fekk også mora ei alvorleg sinnsliding, og andre måtte ta seg av barnet. Det er bakgrunnen for oppveksten i farens familie på Tose. I folketeljinga 1900 er ho oppført som pleiedotter hjå brukseiar og trelasthandlar Jens Gram og hustru Karen Juliane fødd Munch (morsyster av Ingeborg Møller?). Dei budde i Skoger ved Drammen.[4]

Ingeborg Møller gifta seg i Drammen 4. oktober 1904 med offiseren (rittmeister) Daniel Kildal Lindholm (1875-1919). Som følgje av hans yrke flytta familien rundt omkring til fleire plassar i landet. Dei fekk tre søner, Dan Lindholm fødd 1908, Inge Lindholm fødd 1910 og Helge Michael Lindholm fødd 1912.

Ekteskapet med Kildal Lindholm vart oppløyst, og han døydde i 1919. Ingeborg Lindholm, som ho hadde heitt frå ho gifta seg, tok attende jentenamnet sitt og skreiv seg sidan Ingeborg Møller.

Utdanning og lærargjerning

Dovre folkehøgskule på Romundgard i Sel skuleåret 1919-1920.Ingeborg Møller (Lindholm) i andre rekkja, nummer fem frå høgre (ved sida av Andreas Austlid, med skjegg).
Foto: Ukjent

På slutten av 1890-talet gjekk Ingeborg Møller to år på Olaf Bergs lærerinneskole. Ho var deretter fyrst ei tid i Geneve, mellom anna for å lære språk. Så var ho guvernante hjå ein legefamilie i nærleiken av Tromsø, før ho vart tilsett som privatsekretær for professor Amund Helland medan han arbeidde med verket Norges land og folk. I denne tida byrja Møller også på forfattarskapet sitt med skodespelet Fru Karen, som vart oppført på Centralteateret i Kristiania det same året som ho gifta seg i 1904. (Ho tillet seinare ikkje at skodespelet skulle bli oppført.)

Dei fyrste åra som hustru og mor trekte Møller seg attende frå aktivt yrkesliv. Men etter separasjonen vart det om å gjere å skaffe seg eit minsteutkome. I nokre år frå 1915 var ho sterkt engasjert i eit folkehøgskuleprosjekt på Dovre og i Sel, saman med mellom andre Olav Aukrust. Ho åtte ei tid garden Kleivmellom i Sel kommune, og hadde planar om å byggje folkehøgskulen der. Desse planane vart ikkje realiserte, og skulen heldt fram andre stader i kommunen til 1922.

I 1921 dreiv Møller ein Steiner-inspirert liten barneskule på Lillehammer, mellom anna for borna til forretningsmannen, kunstmesénen og antroposofen Einar Lunde.

Frå midten av 1920-åra satsa Møller fullt og heilt på forfattarskapet, bortsett frå noko undervisning som ho frå 1926 hadde på den fyrste Steiner-skulen i Noreg.

Forfattarskapet

Ingeborg Møller gav ut 15 bøker i tidsrommet 1923-1958 (ikkje medrekna Fru Karen 1904), og dertil eit ukjent tal artiklar i tidsskrift og blad. Forfattarskapet omfatta fleire romanar, biografiar, essays og historier av sagn- og legendekarakter. Blant romanane er det to trilogiar, den fyrste (1925-1929) om Jon Sveinungsson med motiv frå idébrytingar i eit bondemiljø på 1700-talet, den andre (1931-1934) sentrert rundt menneske og hendingar i 1814 og utover fyrste halvparten av 1800-talet. Det foregår mellom anna i eit herregardsmiljø, der Møller kunne trekkja vekslar frå si familietilknyting og delvise oppvekst på Tose og i brukseigarfamilien ved Drammen. Også andre av romanane hennar er historisk karakterer.

Antroposofien

Møller slutta seg tidleg til Det teosofiske selskaps losje i Kristiania, truleg om lag på det tidspunktet ho gifta seg. I 1908 var ho på ein teososisk kongress i England, der ho for fyrste gong høyrde om Rudolf Steiner. Ho møtte han personleg i Düsseldorf i året etter, og stod seinare i nær kontakt med han. Mellom anna gjorde ho Draumkvedet tilgjengeleg for han.

Saman med Marta Steinsvik ivra ho i 1910 for at teosofisk selskap skulle overta tidsskriftet Kringsjaa. Tanken var å gjere dette til ein kanal for Rudolf Steiners tankar. Planane lykkast, og Steinsvik vart redaktør. [5] Det kom til eit skilje mellom teosofien og den nydanna antroposofien, og Møller følgde fullt og heilt med på Steiners retning.

Både via Kringsjaa og på andre måtar gjorde Møller mykje til å gjere antroposofien kjend. Det gjeld ikkje minst innan folkehøgskule- og andre norskdomskrinsar. Ho verka personleg særleg til at åndsretninga vann god klangbotn i den yngre generasjonen av det grundtvigianske miljøet i Gudbrandsdalen, sentrert rundt familiane Blekastad, Aukrust og Ofigsbø. Det er liten tvil om at ho påverka direkte Olav Aukrust og Hallvard Blekastad og fleire i familane til desse to i antroposofisk lei. Møller samarbeidde nært med Einar Lunde på Lillehammer. Mellom anna var ho aktiv i samband på eit stort antroposofisk møte på Lillehammer i 1920, som Lunde fekk i stand. Til stades der var Olav Aukrust og Hallvard Blekastad, og jamvel ein veteran frå den førre generasjonen i folkehøgskule- og norskdomsrørsla Andreas Austlid.

Referansar

  1. Slektsoversyn på internettet
  2. Thorvald Fred. Møller i folketelling 1875 for Kristiania kjøpstad fra Digitalarkivet
  3. Blekastad, M. 1983 side 115.
  4. Ingeborg Møller i folketelling 1900 for Skoger herred fra Digitalarkivet
  5. Christensen, T.1988.

Kjelder og litteratur

  • Blekastad, Milada: Halvard Blekastad. Glimt frå eit kunstnarliv. Universitetsforlaget 1983.
  • Christensen, Terje:«Fra antroposofiens første tid i Norge - 3. Arbeide og strid - Det nye selskap», i Libra 4/1988, nettutgave.
  • Christensen, Terje: Ingeborg Møller-Lindholm, biografisk artikkel på nettstaden Forschungsstelle Kulturimpuls - Biographien Dokumentation
  • Groth, Helge: Artikkel om Ingeborg Møller i Norsk biografisk leksikon (1940).
  • Sørbø, Jan Inge: Ørneflukt og ormegard. Ein biografi om Olav Aukrust. Samlaget 2009.

Eksterne lenker