Ivar Dahle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Ivar Dahle.
Foto: Ukjent.

Ivar Dahle (fødd 16. mai 1877 i Gulen, Sogn, død i Heidal i nåverande Sel kommune 26. august 1949) var folkeskulelærar og lokalpolitikar. Han var ordførar i Heidal i nær 25 år, fyrst som arbeidardemokrat, sidan som kommunist og arbeidarpartimann. Dahle var ein av dei fyrste av ganske mange sosialistiske vestlandslærarar som gjorde seg gjeldande i Norddals-bygdene i mellomkrigstida.

Han gjekk i bresjen for ei rekkje store tiltak i Heidal, som bureising, vegbygging, skuleutbygging og anna. På regional basis markerte han seg særleg i samferdselspolitikken, som talsmann for kommunal rutebildrift. Han var målmann og gjorde mykje for å få til språkskiftet til nynorsk i kommunen.

Han var ein særs omtykt og på same tid sterkt omstridd ordførar i ei vanskeleg tid for bygda. Dahle vart til slutt pressa ut av politikken som følgje av kvasse fraksjonsstridar i den lokale arbeidarrørsla rett før krigen. Under krigen vart han fråteken heim og arbeid, og han vart fengsla av Gestapo.

Familie

Ivar Dahle var bondeson. Foreldra var Henrik Jakobsen Dahle (fødd 1842) og Berte Maline Klausdotter fødd Nyhamar (1834-1903). Dei dreiv ein etter måten stor gard (15-20 kyr) i Dalsbygda i Gulen. Ivar hadde to halvsysken (frå mora sitt fyrste ekteskap) og fem sysken. Han var nest yngst i syskenflokken.[1]

Ivar Dahle gifta seg i 1908 med Laura Ulven frå Ringsaker, dotter til bonde Per Ulven og hustru.

Utdanning og lærargjerning

Dahle gjekk lærarskulen på Notodden, og var ferdig der i 1898. Seinare (1902) tok han mellomskuleeksamen, som han må ha lese til privat ved sida av lærarjobb. Han hadde spesialkurs i gymnastikk, sløyd, song og musikk (orgel), teikning og hagebruk. I 1917 var han på stipendreise for å studere skulevesenet i Sverige og Danmark

Fyrste stillinga han fekk etter lærareksamen, var ved framhaldsskulen i Gulen 1898-1899. I tre år (1899-1902) var han lærar i Tonstad, Sirdal, og deretter ei kort tid i Ulvik i Hardanger (1903). Hausten 1903 byrja han som lærar og kyrkjesongar i Heidal, der han sidan vart verande.

Politikk og ideologi

Frå Venstre over NKP til Arbeidarpartiet

Som så mange sosialistar av sin generasjon hadde Ivar Dahle ei fortid som venstremann, eller meir presist arbeidardemokrat. Kva tid han byrja rekne seg som sosialist, er usikkert, men det har etter alt å dømme skjedd ein gong mellom 1920 og 1923. Det vart starta sosialistlag i Heidal tidleg i på året 1920,[2] men ordførar Dahle er ikkje nemnd som formann så tidleg. Han er heller ikkje omtala i Gudbrandsdalen Arbeidarpartis historie som arbeidarpartiordførar .

Ved kommunevalet to år etter (1922) står han øvst på ei liste som i sosialistavisa Gudbrandsdalens Social-Demokrat blir omtala som ein einskapsfront mot «kaksepartiet» (Bondepartiet) i Heidal,[3] og avisa er arg av di Gudbrandsdalens Folkeblad (distriktsavisa til Arbeidardemokratane/Radikale folkeparti) har omtala dette som ei folkepartiliste. Gudbrandsdalens Social-Demokrat framheld at einskapslista med Dahle på topp konkurrerer med «Smaabrukerenes og husmændenes liste». Det er venteleg den eigentlege folkepartilista, ei liste som etter sosialistavisas oppfatning er samansett av «moderate og avblekede demokrater».

Ved partisplittinga i 1923 følgde sosialistpartiet i Heidal NKP, og ved stortingsvalet i 1924 står Dahle på andreplassen på lista til «Norges kommunistiske parti. Avdeling av den 3. internasjonale.»[4]

To-tre år seinare (1927) vart han vald til leiar i det nyskipa Heidal arbeidarparti (av DNA). Han var samstundes formann i det lokale Midtre Heidal arbeidarlag skipa same året.[5] Han heldt sidan fast ved Arbeidarparti-tilknytinga. Ved stortingsvalet 1933 vart han stilt som kandidat på 6. plass på lista for Arbeidarpartiet i Oppland.[6] Men indre partistrid gjorde at han midt på 1930-talet fronta ei «upolitisk» liste lokalt, Krisepartiet, sjå nedanfor.

Ordførarvervet og andre offentlege oppåver

Ivar Dahle var med i kommunestyret i Heidal frå 1910. I 1913 vart han vald til ordførar, som den andre ordføraren etter at Heidal vart eiga kommune i 1907. Han vart attvald som ordførar fram til 1926, og på nytt frå 1929 til 1938. På den tida han melde overgang frå NKP til DNA (1926-1928), hadde han «fri» som ordførar. Han må reknast som den fyrste sosialistiske ordføraren i Gudbrandsdalen. Det er litt i strid med partihistoria til Arbeidarpartiet i dalen frå 1963, som framheld at det var Albert Guddal i Dovre og Arthur Janson i Sel, som båe kom inn ved kommunevalet 1925.[7]

Ivar Dahle var formann i skulestyret i 1913, 1919-1920, 1923-1925 og 1929 til 1937 (?). Vidare var han overformyndar, doms- og lagrettemann med meir.

I alle åra som ordførar sat Dahle i fylkestinget, der han fekk godt høve til å arbeide for sine hjartesaker - samferdsel, skulestell og småbrukarinteressene.

Småbrukar- og norskdomssosialist

Småbrukarsaka låg Dahle særleg på hjarta gjennom heile karrieren som aktivt samfunnsmenneske. Hans opphavlege parti, Arbeidardemokratane, var rekna for å vere nettopp «småbrukarpartiet». Han var i følgje Norske skolefolk medlem av «’Småbruksnemnda’ 1917». Om dette var lokalt, eller på regionalt eller nasjonalt nivå, framgår ikkje av kjelda. Dahle var nestleiar i fylkets plannemnd for jordbruks-, skogbruks- og husmoropplæring.

Småbrukarsaka vart også på ymse måtar drivkraft i fleire dei store og omdiskuterte tiltaka han gjekk i bresjen for som ordførar. Kommunen under Dahles leiing nytta seg av forkjøpsretten til gardar som det ikkje kvilte odelsrett på. I kommunestyreperioden 1913-1916 vart garden Midtre Ekre kjøpt til gamleheim. Meir kontroversielt var det da dei større gardane Steinfinnsbø og Ellingsbø vart kjøpte i 1917, for å bli utparsellert til ni nye småbruk/arbeidarbruk. I tillegg til dei oppdelte hovudbruka kom det fem tidlegare husmannsplassar under dei to gardane som nå vart sjølvstendige einingar. Det vart altså i alt danna 14 nye småbrukarheimar.

Den største småbrukarsaka var likevel bureisinga i Murudalen i 1930-åra, som resulterte i eit 40-tals nye gardsbruk 600-800 meter over havet. Til å byggje veg inn til bureisingsfeltet frå Leirflata i hovuddalføret, vart Arbeidsfylkingen engasjert i tre somrar på rad. Det dreia seg om arbeidslaus og/eller idealistisk ungdom som vart mobilisert til frivillig, samfunnsnyttig arbeidsinnsats. Arbeidsfylkingen var inspirert av høgreradikale rørsler i Europa, men var offentleg forankra i Sosialdepartementet under bondepartiregjeringa. Arbeidarpartiet var skeptisk til dette tiltaket, og Arbeidsfylkingen vart oppløyst i 1937. Dahles bruk av dette tiltaket kan ha gjort sitt til å nøre den lokale partistriden i Heidal.

Ivar Dahle var aktiv i den frilynte ungdomsrørsla, og han var målmann. Da språkskiftet til nynorsk i kommunen skjedde ved vedtak om nynorsk i alle tre skulekrinsane i 1933, var utan tvil Dahle ei drivkraft i dette.

Krisepartiet

Heidal var den kommunen i Norddalen som vart hardast råka av mellomkrigskrisa. I perioden 1929-1936 stod kommunen under administrasjon. Gjeldskrisa hadde råka ikkje minst dei mange nye småbruka som var starta med kommunalt garanterte lån frå Småbruks- og bustadbanken. Det vart mange tvangsauksjonar, og Bygdefolkets krisehjelp vart mobilisert i samband med dette.

Rundt 1930 var det harde streikeaksjonar blant skogsarbeidarane og fløytarane i Heidal, med militante aksjonar mot streikebrytarar og tilkalling av statspolitiet. Kommunen under Dahles leiing støtta dei fagorganiserte, mellom anna ved å forlange organisering også av dei kommunalt tilsette.

Eit par byggjesaker (kyrkje og skule), skulesentralisering, danning av kommunalt rutebilselskap og andre saker som Dahle var sterkt engasjert i, skapte poltisk strid og splid. Striden gjekk rett inn i det lokale arbeidarpartiet, og dette vart i praksis splitta frå 1936.[8] Dahle representerte den fløya som bygdebokforfattaren Ivar Teigum kallar «sterkt ideologisk forankra». Varaordførar Ole Hjellet representerte den andre fløya, som fekk støtte av partiet i fylket og på sentralt hald.

Ved kommunevalet 1937 vart Hjellet vald til ordførar. Dahle hadde da stilt seg i spissen for ei konkurrerande liste, kalla Krisepartiet. Der sat han saman med mellom andre storbonden Thor TofteBjølstad, som nokre år seinare skulle bli den førande NS-mann i bygda. Krisepartiet i Heidal har likskapstrekk med samtidige listedanningar i andre Norddals-bygder. I Dovre vart Dovrepartiet oppfatta som eit dårleg kamuflert NS-lag.[9] Samlingslista i Skjåk var toppa av Gudbrand Skjaak, bondepartimann som vart NS-ordførar. Men Skjaak hadde med seg både sosialistar og venstrefolk på den same lista, og var neppe nokon variant av Quislings parti.[10] Heller ikkje Krisepartiet i Heidal kan med god rett kallast eit høgreradikalt parti, og Dahle gjekk ikkje under nokor ny fane, og han melde seg aldri ut av Arbeidarpartiet. Men da han etter krigen i 1945 ønskte å ta opp att eit aktivt medlemskap, «vart han ikkje ønskt velkomen», som Ivar Teigum uttrykkjer det i bygdehistoria.

Krigen

Under krigen vart Ivar Dahle ein hard motstandar av NS-regimet og den fremste lokale representanten for dette, Thor Tofte. Dahle vart omtala av det nye styret som ein farleg oppviglar. I 1942 vart han avsett som lærar i samband med læraraksjonen, og han sat tre månader fengsla av Gestapo. Han fekk ikkje att arbeidet og bustaden sin etter fengselsopphaldet, men fekk etter krigen kompensert for den tapte arbeidsfortenesta. Enkja fekk etter rettssak også kompensasjon for det tapet dei hadde vorte utsette for ved å bli fråtekne lærarjorda (klokkargarden).

Referansar

  1. Kleiva, I. 1973 side 182-190.
  2. Gudbrandsdalen Social-Demokrat 11.5.1920
  3. Gudbrandsdalens Social-Demokrat 6.9.1922
  4. NOS VII 176. Stortingsvalget 1924.
  5. Gudbrandsdal Arbeidarparti 40 år, 1963, side 99.
  6. NOS IX 26. Stortingsvalget 1933
  7. Gudbrandsdal Arbeidarparti 40 år, 1963, side 21.
  8. Teigum, I. 2009, side 188-192.
  9. Moren, G. 2006.
  10. Gudbrandsdølen 28.9.1934

Kjelder og litteratur