Johan Holmberg Møbelverksted
Johan Holmberg Møbelverksted var ein møbelverkstad på Aure i Sykkylven. Johan Holmberg sette i gang lenestolfabrikasjon i lag med fosterfar sin, Karl Ramstad, i 1941. Produksjonen var etter kvart spreidd på fire forskjellige plassar, i kjellaren til Sykkylven Hotell, i kjellaren til Søkkelven og Omegns Privatbank, i kjellaren til Jens Klokkerhaug og i bustadhuset til Holmberg på Vik.
Det mest vellukka produktet til bedrifta var ein patentert gyngestol utan meiar. Elles vart det laga salongar og lenestolar. Holmberg var arbeidsgjevar for fem personer i 1942. Seinare under krigen var arbeidsstyrken mellom 5-15 personer. Karl Ramstad gjekk ut av bedrifta i 1942.
I 1946 flytta Holmberg til Skodje. Då var det meininga at L.K. Hjelle Møbelfabrikk skulle halde fram med tilvirking av gyngestolen, men det vart det ikkje noko av.
Kjelde
- Høidal, Eldar: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990. Digital versjon på Nettbiblioteket