Johan Magnus Nerbøvik

Johan Magnus Nerbøvik (fødd 12. juli 1902 i Volda, død 1979) var fotograf på Volda frå 1924 til 1975.

Han var son av Johan Halvorsen Nerbøvik og Martha Vartdal. Gift i 1936 med Ingebjørg Ulla, datter av Severine og Karl Ulla. Dei fekk to søner og to døtrer. Utlært hos faren, overtok i 1924 den forretninga han hadde starta i 1898.

Målaren William H. Johnson, 1937. Fotografert av Johan Magnus Nerbøvik.

Sonen Jostein Nerbøvik (1938 - 2004) har teke vare på arkivet, ca. 30 000 negativ, og gav i 2001 ut boka Løyndom og røyndom. To fotografar i Volda 1898-1979, ei bok om sin far og farfar sin verksemd som bygdefotografar i Voldasamfunnet. Boka utgjer bind 3 i serien Volda-soga 1800-1945

Fotografen Nerbøvik

Nerbøvik tok over atelieret til faren midt i Volda sentrum. Arbeidet hans frå denne basen er bliitt ein viktig dokumentasjon på utviklinga i bygdebyen Volda og området rundt. Den største produksjonen er portrett. Portrett frå heile livsløpet til folk i området. Mykje av det er atelierproduksjon, men han farta også rundt i bygdene og oppsøkte folk i heimane. Nerbøvik hadde eit godt grep på denne genren, slik at han fekk fleire prisar på foto-utstillingar. Illustrasjonane til denne artikkelen er døme på det.

Men motiv-krinsen hans var mykje vidare. Produksjonen til Nerbøvik skildrar "alle" slags aktivitetar i det området han dekka: Utviklinga av næringslivet. Utviklinga av kulturlivet; som skular, kyrkjeliv, idrett, song og musikk osv. Biletarkivet etter Nerbøvik er såleis ei rik kjelde for den som vil sjå tilbake på den nære fortida.

Nerbøvik som borgar i lokalsamfunnet.

Nicolai Rødseth fotografert av Johan Magnus Nerbøvik, 1950.

Ein fotograf er ein betraktar. Nerbøvik var også i høgste grad ein aktør i sitt lokalsamfunn. Han hadde mange evner og interesser, og han tok seg tid til å vere aktiv i samsvar med interessene sine. Dette galdt først og fremst innanfor song og musikk. Han var såleis med på å stifte Volda Mannskor og var aktiv som songar gjennom 30 år. Vidare var han habil som pianist og cellist, og han utnytta desse evnene frå å vere pianist ved stumfilmkino til cellist i Volda Symfoniorkester. Han var også aktiv innanfor idrett, m.a. i fotball og tennis, i tillegg til å vere ein dedikert friluftsmann. På alle desse felta var han aktiv i lokalmiljøet og var med dette med på å forme det Volda som han som fotograf dokumenterte.

Kjelder

  • Avisa Møre. Nekrolog 6.11.79
  Johan Magnus Nerbøvik er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som var tilgjengelig i en nå nedlagt database på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.


  Johan Magnus Nerbøvik er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!