Jul på Toten
I arkivet på Mjøsmuseet er det to gode kjelder som fortel korleis julefeiringa kunne arte seg i andre halvdelen av 1800-talet. Den eine er intervju Johannes Sivesind gjorde med Dina Blåvarp (1860-1960) og Gustav Westheim (1882-1964) i 1957.[1] Det meste vart skrivi opp etter Dina. Gustav supplerte. Den andre kjelda er ein serie kåseri Pål Gihle (1908-2001) har haldi, der han fortel om jula på Gile, slik far hans Peder Gihle (1872-1957) fortalde det. Dette tradisjonsstoffet har ikkje vori offentleggjort tidlegare.
Det juletradisjonsstoff frå arkivet på Mjøsmuseet og totenstoff i Norsk Folkeminnesamling på Universitet i Oslo. Vi startar med tradisjonen etter Dina Blåvarp og Gustav Westheim. Dina var frå Øver-Sund på Eina, ho vart gift åt Blåvarp. Gustav var skreddar og budde på ein husmannsplass under Sivesin. Her er det nytta einadialekt, utan dativ, omtrent slik Johannes Sivesind skreiv det ned.
Artikkelen skal nyskrivast før jul i 2020, delta gjerne med tradisjonsstoff frå julefeiring på Toten.
Jula på Eina på 1860–1870-talet
Tida føre jul.
Griseslaktinga. Dom jaga grisa i snøen tæll dom var så oppgjøve at dom fekk ti dom. Vi flaug hali hæl øss, vi òg. Så tok dom grisen og gjørde’n fast tæll slakterkrakken og stakk ‘n og der låg ‘n tæll blodet hadde gått ta’n. Dom var oppe ved fire-tida og bynte å jaga. Slaktinga var ei stynd føre jul.
Mat og klæ’ær. Føre jul sku’ det vara simplere mat. Simplere og simplere tæll lengre det lei innpå jula. Dom gikk i ælminnelige hårdagsklæ’ær føre jul. Men dom sku’ ha no nytt tæll jul. Skomaker og skredder sku’ dom ha like innpå jula.
Dei fattige ba åt seg Og var det no’n fattige, så gikk dom og ba tæll jul. Dom ba om ull og om mat. A Tæger-Ragnild hadde vøri hos Muus-Teiterud og bedt. «Å dra tæl Helvetes», sa hæinn. «Ja, reis føre du som har nykkjula», svara a Ragnild. Men da fekk a så my’ mat som a bære ville ha.
Fiskjing og rakafisk. Kara fiskje føre jul. A mor hadde rakafisk støtt tæll jul. Hæinn far smaka itte rakafisk. Hæinn åt itte rå fisk, sa’n. Det var ta danna røya neri der, danna som var så raud i kjøttet.
Ølbrygging og bakaing. Vi sku’ brygge øl, da, tæll jul støtt. Det var godt øl, da ma. Når dom sætte gang på juleølet, var det korsing, og fyring sku det tæll da òg (svingte f. eks. med ei ljøslykt over ølet). Så sku’ dom baka fattigmæinn og strull. Bóna fekk veltkakur tæll jul. Dom var ta såmmå deigen som dei æindre kakun. Men julekakua var finere hæll helles.
Brennvin. Det var uttak på brenneria føre jul. Når kara kom att frå brenneriet, var vi glade vi var innadørs, for vi hørde dom lang veg når dom fór forbi.
Ved. Æilt sku gjøras føre jul. Veden sku’ høugges og bæras inn. Dom la’n i la inni gangen så det var lettfengt å ta’n att.
Ljøsstøyping. A mor hadde tre ljøs i eitt. Hu batt i hop veika fysst før a duppe dom og bøygde dom tæll. Hu kælte det Hellig tre kongers ljøs.
Jul’æftan. Kua sku’ ha litt bære steill jul’kvæ’æl. Hæinn Krestjan Sund høugg ei øks over stæilldøra om jul’æftan, og når’n tok ut hesten om jul’dagsmårrån, kaste’n no’ stål framafor hestebeina.
Julebæinda sætte dom på staurer, ofte ved kjøkkenglaset og eit på hår side ått låvskotten. Da var det itte lengi før det var fræmen’ i fugulbæindet. Fugulbæindet sku sættas opp ved to-tida, så fugul’n sku få mat tæll kvælds.
Om julæftan slutte dom å arbe klukka to, sa a Pauline Næs.
A Dina har førtælt om maten om jul’æftan: Frå mårån var det ælminnelig mat. Tæll dugurds var det mølju. Je kjæm hau’ vi båkå møljubrød. Litt tjukkere hæll ellers og ta kveit’mjøl. Så braut vi det groft og helte kjøttkraft over så brødet vart vèl vått. Så helte vi feittet ta sylta over, så det stod stivt oppi. Vi åt det med gaffel. Det var godt. Vi måtte ha no’ å høulle under, for det draup feite ta hår bæta. Så fekk vi øl attåt. Dugurden var ved ølløv-tida.
Neste målet var ved tre-tida. Da var det ælminnelig tørrmat, med kvitost og ændre ting.
Tæll jul’kvælds sku vi ha gjort ifrå øss i fjøset og bytt om før vi gikk tæll bords. Så sku det synges fysst. A mor var så flink tæll å synge. Å ‘n far var så svær tæll å læsa. Så var det ribbe og fint sikte ært’brød. Så vart det søngi no’ att. Klukka vart nok sikkert åtte før vi sætte øss tæll bords, og når vi var ferduge ved bordet, var det kvæ’æl.
Her vart det itte sett ut julegraut åt nissen.
Jul’dagen. Jul’dagen var vi oppe som vanlig vi som hadde fjøset, og kara sku’ åt stæillen. Det var bære ein ta dom om seinna. Så reiste vi tæll kjørkja ælle somma. Hæinn far stelte tæll to skysser, ei sluffe og ein akesla’a. Det var att no’n heme og laga mat. Om jul’dagen sku ingen gå bort. Da vart ‘n julegunner.
Når det stakk fræmen’ innom i jula. Dom kjøfte så dom hadde litt stert. Når det kom ein fræmen’, så fekk’n ein dram, så drakk dom ‘n ut og sætte tællbarsatt, og tok med seg ein fattigmæinn og sa «takk for skjenken». Så gikk dom tællbarsatt på stol’n og åt opp fattigmæ’ænn.
Og så var det slutt på jula Det er forbi med glakaka nå, sa a Johanna Maria Romshus da jula gikk ut.
Rundt julekveldsbordet på Øver-Sund sat det elleve mennske i 1865. Det var gardbrukaren sjølv, ‘n Anders Jakobsen Sund og kjerringa hans, Dorte Pedersdotter, båe to var 66 år gamle. Så har vi son deira, Johannes Andersen på 32 år, kjerringa hans, Karen Hansdotter frå oppi Land, 34 år. Ungfolka hadde to ungar, Dina var 5 og Karoline 2 år gammal. Vidare finn vi bror åt gardbrukaren, ‘n Hans Jakobsen på 63 år, og dotter åt gardbrukaren, a Pauline Andersdotter, 29 år gammal. Det var to tenestejenter på garden, 15 og 17 år gamle, og ein legdgut på 10 år.
Det var to husmannsplassar under Øver-Sund. Der budde det i alt 10 menneske. Øver-Sund var ein middels stor gard. I 1865 var det 3 hestar, 11 storfe, 12 sauer og 3 grisar på garden. Dei sådde rug, bygg, blandkorn og erter på omtrent 33 mål åker, og så vart det sett 5 tynner potetar. | ||
Jula på Gile på 1870-tali.
Forteljinga om jula på Gile på 1880-talet bygger på fleire kåseri Pål Gihle har haldi. Somme av kåseria er skrivne på bokmål, andre er skrivne på dialekt med bokmålsinnslag. Når Pål Gihle framførte kåseria sine, brukte han støtt totendialekta si. Her har vi valt å nytte totendialekt – med dativ, omtrent slik det vart tala rundt 1950.
‘N Pål Gihle (1908-1998) har fortælt etter far sinne, Peder Gihle (1872-1957).
Far min var født i 1872 og ein gong fekk je ‘n tæll å fortælja om jul’kvæ’æl:
I dei siste dågåom føre jul hadde kara’a kjørt fór på fjøstrevet så det sku’ rekke i 14 da’ar. Ved var kløyvd små og fin tæll kjøkkenved, men omnsveden kunne vara både grov og knudrete.
Tidlig på daga skysse stæillkar’n mor hass far rundt med gaver åt hemmom der det kunne trengs litt ekstra. Etter høgstdags sætte stæillkar’n opp fuggulbænda, eitt på hår side ta dei to låvedørom. Hårt bænd var sætt på ei raje som rakk over taket. Ein kunne ta varsel ta fuggulbændom. Kom det straks mye småfuggul som slo seg ner i bænda og åt og var livlige, varsle det godt år. Kom skjør og kråke fysst, var det itte så bra. Det var børi inn mye ved og vatn. Væga var pusse opp om det var nødvendig. Framma døren’ var det lagt bar. Om jul’kvæ’æl var mædda’n tæll kvelds, så det var lettere mat før på daga. Ved den vanlige mæddagstida var det berre smør og kaku og mjølk’villing. Tenestejinten’ gikk med dei styggeste klæom sine tæll ut på æftan. Da vaske dom seg og bytte om og hadde på seg dei nye plagga dom hadde fått. Dom vart som ændre menneskjer, det syntes at dom hadde klædd seg åt helgjen.
Dei som stelte i fjøsi og i stæilla ga støtt dyra ein ekstra godbæta jul’kvæ’æl. Kua fekk ein omframt god høyplukk og hesta fekk haver. «Et væl og trevs væl, i kvæld er det julekvæld», sa budeia åt ku’n, og sætte soplima utafor døra. Når dom var ferduge og hadde vaske seg og bytt om, kom æille inn i kjøkkenet for å eta. Der var da familien og æille som bodde på garda samle. Dom satt rundt eit langt bord og ‘n Pær fa’bro’ (Gammel-Pær) satt ved bordeina. (Tre brør, Per, Pål og Ole, brukte garden, ‘n Pær var eldst, hæinn og ‘n Ole var ungkarer). Ved den ændre bordein’ satt a mor. Hu lés for maten før dom bynte å eta. Hvis det datt ner no’ ved julekveldsbordi, var det itte verdt å ta det oppatt, dæ sku’ ligge tæll dom var færduge med å eta. På bordi var det kvit duk, ljøs i messingstakar, og det var sætt fram tallikker åt æille.
Julekveldsmaten var ribbe og pølse og potitter, og mjølkegryn. Ta flatbrød var det sætt fram ert’brød og potittbrød, potittbrød var gromt og berre brukt i selskap. Dom hadde hembrygt øl som ‘n Ole fa’bro’ hadde brygt, dæ vart sendt rundt ti i krus, og æille som ville ha, drakk ta krusi. Ved ‘a gammel-Pær stod det ei flaske med akevitt og eitt dramglas. Før dom var ferduge med ribben, slo’n ti ein dram, lette opp glaset og sa «Glædelig jul æille somma». Så tok ‘n ut drammen, sendte flaska og glaset åt nestemæinn som gjorde like eins og sa det såmmå ønskjet. Slik gikk flaska bordet rundt, itte æille tok dram, men æille høuldt opp glaset og ønskjte glædelig jul!
Etter dom var ferduge ved julekvældsbordi, var dom samle i storstuggun tæll hyggelig samvær med prat og historier. Der lufte det reint og godt, nystrøkne gardiner, ljøs i stakar og ljøskrone, blankpolert omn, duker på bordom. Kaffe og kaker vart sætt fram, og så lés ‘n gammel-Pær juleevangeliet tur den gamle familiebibæl’ der slekta var skrivin inn. Den gongen var det itte juletre og det vart itte delt ut julegaver. Men det var gitt gaver før, helst klæsplagg – huggutørkler var jævt åt jintom.
Maten fekk stå på bordi natta over tæll usynlige gjester! Ein stor bjørkekabbe vart lagt i omnen.
Slik gjorde dom det da, og slik var det gjort frå langt tællbars i tid’n, i æillefæll der på garda, gammelkara’a høuldt nøye på skikka, sa’n far.
Fysste jul’dagsmårån sku’n itte gå ut fastenes. Dei som kunne kåmmå ifrå, reiste åt kjørkjen, men ingen måtte gå bort æ’ænstan, da vart det jul’gunner, sa dom uti Kolbu.
På Gile sat det elleve personar rundt kjøkkenbordet julekvelden i 1875. Det var tre brør som dreiv garden, berre ein av dei var gift. Ved eine bordenden sat den eldste av brukarane, ‘n «Gammel-Pær». Han var 63 år gammal. Ved andre bordenden sat kjerringa på garden, 31 år gamle Helena Maria. Så har vi mannen hennes, Pål, 60 år gammal, og den yngste av brørne, Ole, 53 år. Pål og Helena Maria hadde to smågutar, Pær på 3 og Even på 1 år. Det er vel tvilsamt om smågutane sat med ved bordet. Det var to tenestejenter, 27 og 23 år gamle, to tenestegutar, 25 og 20 år, og ein legdgut, 14 år gammal.
Det var sju husmannsplassar under Gile. Der budde det i alt 29 personar, slik at det samla var 40 folk som vart brødfødde på garden. Gile var ein av dei største gardane på Toten. I 1865 var det 12 hestar, 42 storfe, 8 sauer og 5 grisar på garden. Dei hadde omtrent 160 mål med kornåker. Der dyrka dei kveite, rug, bygg, blandkorn, havre og erter. Og så vart det sett 33 tynner poteter. | ||
Fest i romjula
Tollskrivar H. A. Sommerfeldt har fortalt om da han var på Toten jula i 1827. Han var 16 år den gongen og var på juleball både hos sorenskrivaren på Billerud og hos doktoren på Evenrud. Det vart dansa til klokka 8 om morgonen. Ein dag var han i julekalas hos sokneprest Galskjøtt på Sostad. Der spelte dei kort, boston og halvtolv. Når gjestane fyrst hadde fått opp farten, gjekk både maten og tente talgljos veggimellom i prestegarden, fortel Sommerfeldt. (Sivesind/Sommerfeldt 1954, s. 102-104).
Anders Enge, fødd 1894, opplevde juleballa på gardane i Vestbygda tidleg på 1900-talet:
«Juledag måtte alle til kirka og ut i romjula begynte selskapene. Det måtte være et selskap på hver gard i greina. Disse var meget fine, med fin musikk av 4-mannsorkester. Herrene var kledd i galla, som hette snippkjole eller bonjour. Damene i silkekjoler med slep. Maten var hva huset formådde og til drikke var det toddy. Det ble aldri drukket for meget, fordi det var ansett for skam å vise seg beruset. Det var alltid dans. Man åpnet med polenaise og senere kom de andre turdanser og utpå natta runddanser som vals og reinlender. Alle offiserer og embetsmenn hadde uniformen på. Det var en egen sjarm og stil, og alle ville vise seg fra den muntre side til ære for vertsfolket og de andre gjester.
Det kom alltid skyssgutter etter gjestene og skyssgutten måtte bes inn på skjenk og kaker. Det ble gjerne morgen før de siste begav seg på hjemtur. Siste dansen var alltid med gråbeinskinnpelsen og kjørestøvlene på og skyssen ventende utenfor storstuedøra.»
Juletre, julegåver og juletrefest
Pål Gihle har fortalt dette:
Juletreet som bler pynte mæ lys og æ’ænn stas, har forholdsvis ung tradisjon, det kom åt Norge rundt 1850. Åt Toten kom det seinere, embetsmænnsfamilier hadde juletre i 1880, men je trur itte det var i vanlig bruk før omkring 1900. | ||
Juletre og juletrefestar må det ha vori på skolane frå tidleg på 1900-talet. Theodor O. Hagen var fødd i 1894, han begynte på skolen rundt 1901. 1. til 3. klasse gjekk han på Vilberg, 4. til 7. klasse på Kirkenær. Han har fortalt at «hver jul var det juletrefest på skolen, der gikk vi rundt juletreet og sang og så fikk vi enten appelsin eller et eple og så en liten kurv med no’ godt i, og så var det god bevertning». Også Aksel Sveum, som gjekk på Solvoll frå omtrent 1915, fortel at «på skolen var det juletrefest hver jul og den så vi fram til som det helt store i julen. Den var for både barna og de voksne».13
A Dina og ‘n Gustav seier ikkje noko om julegåver, men Dina fortel at alle skulle ha noko nytt å ha på seg til jul. Det same fortalde Peder Gihle, alle fekk noko nytt til jul, men dei fekk det føre julekvelden. Det var helst klesplagg, hugutørkler var gjevt åt jentene. Da Pål Gihle (1908-1998) var smågut, låg det pakker under juletreet på Gile, og foreldra hans sa at det var nissen som hadde komi med dei. Men det var berre ei pakke åt kvar av ungane.
Julebrev fra Jørgine til Magnhild Fjeldstad ca. 1905
Kjære Mangnhild
Dette er en liden julegave til dig, for di du er flink og snild til at være med og vaske op og jeg tror du vil stræbe at blive endnu flinkere, og bede jesus gjøre dig til et snilt og lydigst Barn.
En glædelig Jul ønskes Dig av din Moder
Jula på Haug i 1920-åra
Gardbrukar Even Olsen Haug (1877-1958) frå Nordlia skreiv dagbok gjennom heile sitt vaksne liv. Han noterte mellom anna ein del om juleførebuingane og julefeiringa på garden Haug, og dette er det han skreiv i 1922:
«21 Desember torsdag, idag kom juleføret og har det snet trut i hele dag om ikke no forfærdeligt snefald netop. 4 a 5 grader koldt som er passende Jeg har idag vært i skogen aa hugget julegran til Olaf Nøkleby som nu er 3die gang skal ha saadan herfra og saa har jeg vært i Nøklebergsengen aa kvistet op nogle graner underkvistet aa karerne har 1 vært efter drank aa en kjørt turnips derefter kjørte de tur myra i Nøklebergsengen nogle kvistlas. Jeg vært paa posthuset efter betaling fra Christopher Brun til O Ødegaard aa Haaken Gunnerussen 1 lampe i gangen her i 2den etacie ombyttet av mig idag
22 Desember 1922 fredag, karerne har idag kjørt en venning poteter paa brenderiet efterat ha kjørt 2 tønder drank. sne og vondt veir om det bare er 3 grader koldt.
23 lørdag Idag har karerne kjørt 2 venninger drank altsaa nu 6 las paa slæde og 6 las paa kjærre. Jeg har kjørt 2 tønder drank aa vært om Hexhus med min runde 30 liters spand for aa ha sprit i 25 liter. idag lint veir mildt juleveir Karerne fik 1/2 liter Cognack hver.
24 søndag Juleaften Idag som en almindelig helg jeg har baade hestestellet aa lit av hvert ellers igaarvar her en gut ifra O Nøkleby Evang for hente en julegran som nu er 3die aar han faar herfra. Far og Janna har Raua til Nordlien kirke
25 mandag juledag. Idag har far aa Petra raua til Hoffs kirke mens jeg har holdt mig hjemme. veiret 3 grader varmt og da det bare var 15 centimeter dyp sne saa blir det tæren [??] på den
26 desember Idag 2den juledag, jeg har vært i Nordliens kirke og var Kristian med aa var vi bedt til Breilid hvor Præsten Hovden og frua var budne
27 Desember, onsdag og 3die juledag, Jeg har nu vært alenekar disse juledager aa er det fremdeles har vært paa brenderiet efter 2 tønder drank og kl 12 reiste jeg til Hexhus for aa hente hjem 20 kilo sprit tildet som utbytte i Hexhus brendri, det skal vist bli 10 kilo pr aktie å da blir det paa mig 40 kilo eller nær 50 liter. naar dette saa kommer eierne i hende blir det vel et daarligt forbud herover. nu er det halve igjen hjemkommet.
28 Desember torsdag idag har skomaker Nilsen haft den brune hoppe i vedkjøring Kr Haakensen har igjen vært paa Baakind med purka nu 3die gangen, og jeg vært paa brenderiet efter drank
28 Idag har vi tillavet cognack av 1 liter sprit aa Curacao av 1 liter sprit aa da er det nok julebrendevin denne gangen, sne kommer ogsaa idag og vært 1 grad varmt.
29 Desember, jeg har kjørt 1 tønde drank aa skomaker Nilsen har haft den raue aa kjørt ved med baade igaar og idag. ruskevær hele dagen men med lite forslag, næsten lint.
30 Desember. Idag har jeg kjørt hjem 2 tønder drank i svært sneveir aa Kristian Haakensen har først kjørt melken derefter vært paa Baakind efter purken som nu er der anden tur. Griser blir det vel efter dette først sidst i april som vel ogsaa gaar an Breili folkene var her igaarkveld og P. Solberg og Kristian Haug.21 Desember torsdag, idag kom juleføret og har det snet trut i hele dag om ikke no forfærdeligt snefald netop. 4 a 5 grader koldt som er passende Jeg har idag vært i skogen aa hugget julegran til Olaf Nøkleby som nu er 3die gang skal ha saadan herfra og saa har jeg vært i Nøklebergsengen aa kvistet op nogle graner underkvistet aa karerne har 1 vært efter drank aa en kjørt turnips derefter kjørte de tur myra i Nøklebergsengen nogle kvistlas. Jeg vært paa posthuset efter betaling fra Christopher Brun til O Ødegaard aa Haaken Gunnerussen 1 lampe i gangen her i 2den etacie ombyttet av mig idag».
Jula i Totenvika på slutten av 1930-tallet
I min barndom besto familien Wedøe på Søndre Oppegård i Totenvika av far, mor og oss tre barna. Far het Einar Arthur Wedøe (1891-1966). Han var født på garden og levde stort sett der hele sitt liv. Som voksen tok han over garden og giftet seg med mor i 1922. Min mor, Ingrid Johanne Wedøe, var født Fiskeseth og kom fra Seim ved Bergen (1899-1971). Hun kom til å virke som lærerinne i Totenskolene i 42 år, først en kort tid på Fagernes skole, så noen år på Stange skole og tilslutt den lengste tiden på Fredsvoll skole som etter hvert ble døpt Totenviken skole etter sammenslåing med Fagernes skole.
Min storebror Odvar (1923-1992) tok over garden etter far og giftet seg med Ingebjørg Skaaren-Fystro (f. 1938). Mange vil i dag kjenne henne fra tiden hun virket som hjemmesykepleier på Kapp. Min storesøster er Anna Clementz (f. 1926) som i mange år var ansatt som biblioteksjef på Gjøvik. Jeg var minstebarnet, døpt Petra Camilla (f.1931). Etter hvert havnet jeg som lektor i Halden. Fra 1957 bodde jeg i 10 år på Stenberg mens min mann, Johannes Sivesind, var konservator der. Det som kanskje er spesielt med vår familie er at min oldemor Augusta Antoinette Vedøe, født Wergeland, var søster av Henrik Wergeland og Camilla Collett. Sammen med min oldefar, Edvard Vilhelm Vedøe, sogneprest til Biri, kjøpte de i 1863 Oppegård. Min farfar, Otto Johan Bendik Wedøe, ble neste gardbruker på Oppegård. Min farmor het Julie Petra Faarlund og var vokst opp på garden Faarlund ved Bilitt. 1920 og 1930 – tallet var vanskelige tider i jordbruket og mange måtte gå fra gardene sine. Mors yrke ga rede penger i en tid da kontanter var mangelvare for de fleste. Derfor, men også fordi hun var en engasjert lærer, kom hun til å fortsette i sin lærergjerning. For å få gjort alt som trengtes i husholdningen måtte det til både innejente, barnepike og ellers en del ekstrahjelp. Dette skapte liv og rytme i huset i min barndom og det er det jeg har laget en skisse av.
Alle skulle ha noen nye klesplagg til jul Den første som kom var Olga Fjellstad som var sydama vår i alle år. Hun kom forresten to ganger i året medbringende en haug slitte motejournaler og ei alvorlig stor saks. Olga rigget seg til ved kammersbordet med mors sveivesymaskin. Etter hvert ble den byttet ut med en tråmaskin, begge var av merket Singer. Nå begynte letingen etter fasonger i «La Mode Chick» og andre moteblader. Olga kunne sette sammen overdelen fra en fasong med nederdelen til en annen. Stoffene hadde mor skaffet til veie før Olga kom. Når man leverte inn ull og kanskje også ullfiller til Gudbrandsdalens Uldvarefabrik kunne man få tilbake stoffer i mange forskjellige farger og mønstre. Alle klær til oss unger ble sydd med store oppbretter for å ha noe å vokse i. Stor var gleden når jeg på selveste julekvelden kunne ta på meg de nye klærne.
Slaktingen og tilberedning av kjøttet var en omfattende prosess Den neste som kom var slakteren, han Helge Engen. I grålysningen kunne jeg på god avstand se travle mennesker bevege seg rundt slaktekrakken nede ved størhuset. Pekefingrene var klare til å stoppe i ørene til smellene kom, hvis jeg da ikke lå oppe i senga med ei pute over øret. Inne i størhuset sto bryggepanna klar med skollevatn. Det skulle røres i blod, tarmer skulle renses og kjøtt skjæres for så å bli kjørt til Skreia til hakka hos Nikkerud. Slakteren hastet videre til neste gard etter litt traktering, om han tok seg tid til det da. I kjøkkenet ble det etter hvert liflige dufter av krydret, stekt og kokt kjøtt og det ble smakebiter å få på gaffel. Kjøttkaker, koteletter, benløse fugler og ribbe og pølse ble gjort klart i hermetikkbokser og overhelt med kraft. Da dukket han gamle Ole Langseth opp og tok til å lodde lokkene fast på boksene før de ble hermetisert i kokende vatn, noe som tok flere timer. Boksematen ble ut over året kjærkomne søndagsmiddager, men også lettvint mat på sætra om sommeren. På sætra ble boksene åpnet uten bruk av loddebolt. Det fastloddede tinnet ble smeltet ved at en passelig stor, nesten rødglødende ovnsring ble lagt oppå lokket. En annen måte å bevare ferskt, kokt eller stekt kjøttmat på var å legge det under fettlokk, men da var holdbarheten sterkt begrenset. Sylte og rull innebar også en stor prosess å få ferdig. For at sylta skulle holde seg sammen var det nødvendig å blande grisekjøttet opp med kalvekjøtt eller annen type egnet kjøtt. Skinker og flesk som ikke skulle hermetiseres ble lagt i saltbalje. Skinkene ble senere hengt til tørk og skulle være ferdig speket når gauken gol på forsommeren. Men saltmaten virket litt for salt for ei barnetunge, så ved slike middager besto måltidet for mitt vedkommende mest av «tilbehøret».
Ingen jul uten ferske lefser og flatbrød Bakstekona, Agusta (Augusta) Hjellsbakken, kom over jordene tidlig på morgenkvisten i førjulsmørket. Det meste måtte være på plass ved bakstefjøla i størhuset til hun kom. Potetene til flatbrød og lefse hadde innejenta, Ragna Kalløkken, malt dagen i forveien. Agusta var svært nøye på at bakstveden, som det skulle fyres med under takka, måtte være helt tørr og finkløvd, nesten som stikker. Var den ikke det, så ble Agusta sur og ikke lett å blidgjøre. Tante Palma Pettersen sto for stekingen. Ingen av de to gikk fra arbeidet til måltidene oppe i kjøkkenet i løpet av dagen, for varmen skulle holdes ved like. Maten ble derfor brakt ned i størhuset på brett. Ekstraforpleining i form av kaffe og kaker var det mest stas om mor kom med. I det hele tatt skulle det være god mat og ekstra med kaffeservering for slike som Agusta og håndverkere som gjorde en ekstrajobb på garden. Både jeg og de andre på garden ble ventet innom størhuset i løpet av dagen for å smake på det sprø, tynne flatbrødet og de deilige potetlefsene og kanskje også kom me med noen rosende ord.
Rundvasken satte hele huset på ende Maria Bakka og Hjørdis Oppigarden (Oppegård) var parhester som kom og satte huset på hodet, for nå skulle husvasken i gang. Gardiner og bilder ble tatt ned, møbler flyttet på og jeg fløy i veien alle steder. Kaldt og guffent ble det også. Når det ble fyrt opp igjen i ovnene luktet det ovnssverte og de nypussede vinduene sto og gapte tomt i vintermørket helt til nyvaskede og nystivede gardiner igjen kom på plass.
Alle de «sju slagene» måtte være på plass i kakeboksene når julekvelden kom Asta Høibo var «finbakeren» som bakte alle de sju slagene og mer til. Stekingen foregikk som regel i bakerovnen i kjelleren i vilkårsbygningen. Ovnen måtte fyres opp flere timer før glørne ble raket ut og ovnen var klar til å ta imot første stekeomgang. Først måtte småkringlene stekes, for de måtte ha det bråvarmt. Så kom alle småkakene: terteringene, sofiakakene, serinakakene, sirups - snippene, kokosmakronene og så helt til slutt fløtekakene som nærmest skulle tørke i den svake restvarmen. Struller, goro og fattigmann er trolig de eldste kakesortene, for de kunne stekes på brannjern i peisen før folk vanligvis hadde skaffet seg bakerovn eller svartovn med stekovn. De ble laget på kjøkkenet og krevde i følge oppskriftene ekstra mye godt i røra, blant annet konjakk. Brødbakingen og baking av totenkringler foregikk hver uke hele året rundt. Brøddeigen ble satt i et trau kvelden i forveien og plassert godt tildekket ved siden av komfyren. Det første innejenta gjorde om morgenen var å kna den opp og så bake den ut når kjøkkenet var godt og varmt og deigen hadde est opp igjen. De ferdige brødene ble oppbevart i kjelleren i ei diger nøle med trelokk. Like inn i jula ble det også bakt to store julekaker spekket med mye smør, rosiner og sukat.
Barna fløy i veien for de voksne og ble satt til å bære ved De siste dagene før jul ble vi barna holdt beskjeftiget med å fylle opp gangene med tørr, nykløvd ved så ingen skulle behøve å drive med vedbæring i løpet av juledagene. Da maste jeg aldri så lite for jeg gikk trett og syntes hele tida at nå måtte det da være nok. Mor måtte gang på gang overtale meg til å fortsette.
Endelig nærmet julekvelden seg Når så julekvelden endelig kom ble dagen uendelig lang for en unge. Midt på dagen hadde vi et måltid der vi smakte på lefsa, sylta og annet godt pålegg. Nå spraket det i den gamle oldefarsovnen inne i storstua og det luktet rent hus og granbar av nypyntet juletre. Jeg satt i den amerikanske gyngestolen og leste min store favoritt «Knoll og Tott» og de andre juleheftene som jeg allerede hadde sniktittet litt i. Jeg bladde også i de to tunge bindene med glanset papir av «Norge vårt land» og merket meg de skrekkelige rasene i Loen i 1905 og i 1936. Da klok ka var 17 sto vi på trappa og hørte kirkeklokka i Totenviken kapell ringe jula inn. Men enda var det lenge å vente, for alt skulle være unnagjort med dyrestellet før vi kunne gå til bords. Som regel kom det også slektninger fra Oslo med Eidsvollsruta klokka 19. Men da var det til gangs jul i huset og den varte for oss ungene til alle juletrefestene var over utpå nyåret.
Olaf Nøkleby og etterkrigstida
Olaf Nøkleby (født 1945) er barnebarnet til den Olaf Nøkleby som Even Haug leverte juletre åt i 1920-åra. Han fortel om ei skarpt skilje mellom førjulstida og sjølve jula:
«Førejulstida har forandra seg mykje dei siste 150, for ikkje å seia dei siste 50 åra. Da eg var smågut, på 1950-talet, var tida føre jul ei travel tid. Til utpå eftassida julekvelden var det svartaste søkna. Endatil siste sundagen føre jul var det heilt i orden at ‘n dreiv på, den sundagen vart kalt svartsynnda’n. Alt skulle gjerast i stand før jula vart ringt inn klokka fem om julekveldseftan. Fyrst da kunne folk roa seg ned og ta helg. Julemat åt vi ikkje føre jul. Det var aldri tale om å røre ribba og pølsa føre julekveldsmiddagen.»
Slakting
Til utpå 1960-talet hadde dei fleste gardane og småbruka på Toten husdyr. Det var heller ikkje uvanleg at også dei som ikkje hadde gard eller småbruk hadde ein eller eit par grisar som vart slakta til jul. Grisen vart oftast slakta heime. Når slaktet vart finskori, sat kvinnfolka rundt eit digert bord og skar kjøtet reint for hinner, sener og brusk og anna som ikkje skulle vera med i maten. Somme delar av slaktet vart til steik, andre delar vart ribbe, og rull- og syltevørkje. Det som skulle bli kjøtkaker, karbonadar og pølser, vart hakka, spedd og krydra, så det vart kjøtdeig, innmatdeig og medisterdeig. Dei fleste fekk nok gjort den delen av slakteprosessen hos slaktaren. Medisterdeigen kom att på 50-liters spann. Det vart laga kjøtkaker som vart hermetiserte på blikkboksar. Tarmane vart vrengde, vaska og skrapa, pølsehornet vart sett på kjøtkverna, og så vart det laga pølser. Rullvørkjet vart krydra, sydd inn i ei slagside, kokt og pressa. Likeeins var det med sylta, til den var det fyrst og fremst hugukjøtet av grisen som vart brukt.
Julebaksten
A Dina fortel at det vart kokt fattigmann og steikt strull til jul. ‘n Pål seier at etter julekveldsmiddagen gjekk alle inn i stugua og fekk kaffe og kaker. Kanskje var det ikkje komfyr ennå på Sund da a Dina var småjente. Det var fyrst på den tida komfyren med steikeomn vart vanleg på Toten. I 1846 fanst det berre ein komfyr på Østre Toten. Utover på 1850-talet kom det eit par til. Det var fyrst i 1870-åra det vart komfyr på dei fleste gardane. (Gihle, 1978, s. 199). Ingen ting skulle tilseia at det var annleis i Vestre Toten.
Med den svarte komfyren med steikeomn, og god tilgang på importert kveitemjøl og sukker, kom òg alle småkakene. Da eg var smågut, sørgde dei fleste kjerringane for å ha minst sju kakeslag til jul. Sjå artikkelen om julebaksten.
Kyrkjegang i jula
Da eg var smågut, var det stappande fullt i Hoffkjørkja under juledagsmessa. Nå er det glissi i benkjeradane. Men nå går folk åt kjørkja juleftaseftan. Det er to gudstenester i Hoffkjørkja før kiminga begynner klokka fem, og det er fullt hus på begge messene. 1959 var fyrste året med juleftasmesse i Hoff. Da tok messa til klokka tre, to timar før jula vart ringt inn.
Kva gjer vi med dette?
Noko tas inn i artikkelen, noko tas vekk.
Tradisjonselement som har vorti borte
Korleis har det gått med dei juletradisjonane a Dina og ‘n Gustav og ‘n Pål har fortalt om her? Vi veit at somme element i julefeiringa har vorti borte, andre har haldi seg, men kanskje vorti forandra ein del. Og så har det komi til nye tradisjonselement. Vi skal freiste sjå litt på dette. Korleis har det gått med dei juletradisjonane a Dina og ‘n Gustav og ‘n Pål har fortalt om her? Vi veit at somme element i julefeiringa har vorti borte, andre har haldi seg, men kanskje vorti forandra ein del. Og så har det komi til nye tradisjonselement. Vi skal freiste sjå litt på dette.
Stål og tjyrukors. Stål over stalldøra julekvelden og stål frammafor hestebeina juledagen, som a Dina fortel om frå Ner-Sund på Eina, har vori ein eldgammal skikk. Stålet skulle verje mot det vonde som var ute julenatta. ‘n Pål har fortalt at i rekneskapsbøker på Gile frå 1830-åra har han sett at husmennene på garden tok ut ein pott med tjyru til jul. Elles i året tok dei ikkje ut tjyru. ‘n Pål meiner det kan tyde på at det vart sett tjyrukors over stall- og fjøsdører julekvelden. Far hans Pål nemnde ikkje noko om tjyru, så den skikken hadde kanskje gått or bruk sist på 1800-talet. ‘n Martin Stangjordet har fortalt at ‘n Kristian Heksum (1837-1911) støtt brukte å hogge øksene i kors over skåledøra juleftan, og laga kors over budøra og bryggerhusdøra med køl.
’n Pål hadde vori med ein dyrlege på ein gard uti Kolbu i romjula ein gong. Der hadde dei spikra opp grankvistar over kvart spelltau i stallen. ‘n Pål hadde spurt kvifor dei gjorde det, men det var det ingen som kunne svara på, det var ein skikk dei hadde der på garden. Kan dette vera eit minne om murukvasten , som vart sett opp over hestane som eit vern mot vonde makter? Kristen Svarteberg, konservator på Toten Museum frå 1952 til 1954, har skrivi opp dette etter Peder Gihle (1872-1957): «Murukvast sette dom opp ved hesten så itte murua skull’ kåmmå tel». I eldre tradisjon heiter det at murua var ute og fór julenatta. Grankvistene Pål såg oppi Kolbu, kan ha vori noko som hong att etter trua på murua.
Kanskje gjekk den gamle skikken med murukvast over til å bli julepynt. Helge Hilsen fortalde om korleis dei gjorde det på Serstad rundt 1920: «På Serstad brukte vi å pynte med grantopper og grankvister både i stall og fjøs. Jeg satte opp grantopper på stolpene bak hestene. Grankvister ble festet til stolpene og lagt i kryss. Slik også hos kyrne. Det skulle være jul hos dyra med. Vi kastet litt vatt oppå kvistene».
Rituell drikking. Rituell drikking av øl og akevitt julekvelden, som ‘n Pål fortel om, har nok òg vorti borte. Dette med å drikke i jula, både rituelt og ikkje-rituelt, er den eldste juletradisjonen vi kjenner til. Seremoniell drikking av juleøl var ein fast skikk alt i førkristen tid. (Bø, 1986, s. 9). Det kunne lett bli vel mykje av denne midtvintersdrikkinga. I 1293 var hertug Håkon Magnusson på Hamar. I samråd med hedmerkjingar og totningar gav han ei rettarbot, eller ei særlov, for Hedmark og Toten. I eit avsnitt i denne rettarbota åtvara hertugen mot styrlaus øldrikking i jula, for det endte ofte i ugreie og slagsmål, så folk fekk bøter. Hertugen forlangte at det måtte bli mindre av slikt, og da særleg av kappdrikkinga om kven som var mest ølfør, det vil seia som greidde å få i seg mest øl.
Det er velkjent frå Vestlandet at grannane gjekk til kvarandre for å smaka på ølet når det vart hatt på tynner. Slik kan det ha vori her òg. Frå Fluberg har vi denne oppskrifta frå 1937: «En maaneds tid før jul bynte naboene at smage paa hinandens julebryg og da kom ikke sjelden julebukke».
Om den rituelle øldrikkinga har vorti borte, er det mange som brygger øl til jul, ennå i dag.
Slakting heime. Dina fortalde at på Øver-Sund jaga dei grisen så han vart heilt oppgjøv før dei batt han til slaktebenken og stakk han. Det same har vorti fortalt frå Kvemsgardane. «En eldre slakter fortalte at det var vanlig i Kvemsgardom ca 1870 å slippe ut grisen og jaga den til den ble helt oppgjøv og så binde den fast på en stega, da stakk de uten å slå grisen i svime først. Ved å jaga grisen gikk blodet lettest av, mente de», har Pål Gihle fortalt. Men det var mest vanleg å ta eit tryntau på grisen for å få han bortåt slaktekrakken, og så slå han i svime før han vart stukken. Grisane som vart slakta, var oftast 3-4 år gamle og godt gjødde purker. Slakta kunne vega opp mot 240 kg, og var skikkeleg feite. Det gjekk med mykje mjøl til å gjø grisen. (Gihle, 1988 s. 52 og 54).
I dag er det få som slaktar heime. Bygdeslaktaren som drog frå gard til gard, er så godt som borte.
Skarpt skille mellom førejulstida og jula.
Men dette har endra seg. «Med nåtidens overdådighet i mat og drikke, blir det mere jevn overgang mellom høgtid og hverdag», sa Aksel Sveum frå Veståsen i ei minneoppgåve frå 1981.
Tradisjonselement som har haldi seg
Fugleband. Fugleband blir det selt mange av føre jul. Somme har spesialisert seg på å dyrke havre, skjera med sjølvbindar og laga fugleband til jul. Men i dag kjem fuglebanda opp lenge føre jul mange stader, og det er vel ingen som tek varsel av korleis småfuglane ter seg i julebanda heller. I vårt velstandssamfunn er det forresten så mange som fórar småfuglane med importert solsikkefrø heile vinteren, at eit skarve havreband ikkje er så storvegas for ein matlei gråsporv. Når eg set opp eit fugleband på kvar side av låvedøra på føremiddagen julekvelden, er det mest som ein dekorasjon, og sjølvsagt fordi det støtt har vori fugleband der, det høyrer med. Det er slikt vi kaller tradisjon.
Julebukk. Pål og Dina har ikkje sagt noko om å gå julebukk, men det var vanleg, særleg for born og ungdom. P. Fladlien frå Snertingdal har beskrivi julebukken slik:
Ungdommen har ofte gåt «julbok» i julen. Det almindeligste var og er ved forskjellig dragt og påheng at gjøre sig så ukjendelig som muligt og med såvit muligt tildækket ansigt – i det senere også med masker – gutter ofte i kvindeklæder og jenter i gutteklæder – kun i julehelgen.
De gik ind og «spjågte» lidt omkring på gulvet undertiden med pudsige bemerkninger med forvendt mål, hvorefter de uten videre gik igjen. Undertiden kunne de på anmodning ta av sig og delta i moroa. | ||
På 50- og 60-talet gjekk både born og ungdom julebukk, men i dag er det langt mellom julebukkane. Den irsk/amerikanske halloweentradisjonen har komi inn og fortrengt den gamle juleskikken.
Ribbe og pølse. Julekveldsmiddagen er kanskje den av juletradisjonane som har haldi seg best. Ribbe og pølse og surkål er sjølvskriven julekveldsmat for dei aller fleste totningar. Heime lyt det vera både medisterpølse og innmatpølse. Ribbe av gris har vori festmat for totningane frå gammal tid. Gris har totningane hatt så lenge det har vori drivi jordbruk her på bygda. I det gamle jordbruket finn vi gris i dei bygdene som hadde overskott på korn. Det skulle til mjøl for å feite opp grisen. I 1657 hadde nesten halvparten av alle gardane på Toten gris , og med ein kvardagskost som var svært mager, måtte det feite grisekjøtet vera det grommaste dei kunne tenkje seg. I dag er det ikkje mangel på feitt i det daglege kosthaldet, men julekvelden blir ikkje den same utan ei god ribbe på tallerkenen, og lukta av ribbe og surkål i huset.
Julebaksten. A Dina fortel at det vart kokt fattigmann og steikt strull til jul. ‘n Pål seier at etter julekveldsmiddagen gjekk alle inn i stugua og fekk kaffe og kaker. Kanskje var det ikkje komfyr ennå på Sund da a Dina var småjente. Det var fyrst på den tida komfyren med steikeomn vart vanleg på Toten. I 1846 fanst det berre ein komfyr på Østre Toten. Utover på 1850-talet kom det eit par til. Det var fyrst i 1870-åra det vart komfyr på dei fleste gardane. (Gihle, 1978, s. 199). Ingen ting skulle tilseia at det var annleis i Vestre Toten.
Med den svarte komfyren med steikeomn, og god tilgang på importert kveitemjøl og sukker, kom òg alle småkakene. Da eg var smågut, sørgde dei fleste kjerringane for å ha minst sju kakeslag til jul. I dag ser det ikkje ut til at dei tørre småkakene er så gromme lenger. Mange held ennå på skikken med å kunna setja fram eit velfylt kakefat i jula, men det er nok helst vi som dreg litt på åra som bryr oss med å baka meir enn eit par slag. Mange kjøper julekakene på butikken. For lokale bakeri har tradisjonelle småkaker vorti ein stor artikkel.
Fest i romjula. Korkje a Dina og ‘n Gustav eller ‘n Pål har fortalt om kva dei gjorde i romjula, frå andredag og så lenge jula vara. Men vi veit at dét var tida for juleball, dansemoro og familieselskap. «- - - och när julen bjöd oss upp til dans, kunde vi få råkas, rodna le och språkas», skriv Alf Prøysen frå husmannsmiljøet på Hedmarken. Tollskrivar H. A. Sommerfeldt har fortalt om da han var på Toten jula i 1827. Han var 16 år den gongen og var på juleball både hos sorenskrivaren på Billerud og hos doktoren på Evenrud. Det vart dansa til klokka 8 om morgonen. Ein dag var han i julekalas hos sokneprest Galskjøtt på Sostad. Der spelte dei kort, boston og halvtolv. Når gjestane fyrst hadde fått opp farten, gjekk både maten og tente talgljos veggimellom i prestegarden, fortel Sommerfeldt. (Sivesind/Sommerfeldt 1954, s. 102-104).
I 1960-åra, da eg sjølv var i ungdommen, starta moroa med andredagsfest i Teten. Og så gjekk det slag i slag til utpå nyåret. Høgdepunktet var fjordedagsballet i Teten. Der var vi rundt tusen stivpynta ungdommar og dansegolvet var smekkfullt.
Fjordedagsballet i Teten er borte. Det er dei fleste offentlege festane òg. Men romjula er ennå den travlaste gåborttida i året, både for gammal og ung. Familiemiddagar og kaffeslabras, og dei som er i ungdommen dreg på den eine dansemoroa etter den andre, som ungdom støtt har gjort i romjula.
Kyrkjegang i jula
Skikken med å gå åt kyrkja på juledagen, og å halde seg heime etterpå, er nok på det vi gjerne kaller «vikande front» i dag, sjølv om det ikkje er mange som finn på å stelle til juleball 1. dag jul. Da eg var smågut, var det stappande fullt i Hoffkjørkja under juledagsmessa. Nå er det glissi i benkjeradane. Men nå går folk åt kjørkja juleftaseftan. Det er to gudstenester i Hoffkjørkja før kiminga begynner klokka fem, og det er fullt hus på begge messene. 1959 var fyrste året med juleftasmesse i Hoff. Da tok messa til klokka tre, to timar før jula vart ringt inn.
Tradisjonselement som har komi til. Juletre og julegåver.
A Dina og ‘n Gustav seier ingenting om juletre. ‘n Pål har fortalt dette:
Juletreet som bler pynte mæ lys og æ’ænn stas, har forholdsvis ung tradisjon, det kom åt Norge rundt 1850. Åt Toten kom det seinere, embetsmænnsfamilier hadde juletre i 1880, men je trur itte det var i vanlig bruk før omkring 1900. | ||
Juletre og juletrefestar må det ha vori på skolane frå tidleg på 1900-talet. Theodor O. Hagen var fødd i 1894, han begynte på skolen rundt 1901. 1. til 3. klasse gjekk han på Vilberg, 4. til 7. klasse på Kirkenær. Han har fortalt at «hver jul var det juletrefest på skolen, der gikk vi rundt juletreet og sang og så fikk vi enten appelsin eller et eple og så en liten kurv med no’ godt i, og så var det god bevertning». Også Aksel Sveum, som gjekk på Solvoll frå omtrent 1915, fortel at «på skolen var det juletrefest hver jul og den så vi fram til som det helt store i julen. Den var for både barna og de voksne».13
A Dina og ‘n Gustav seier ikkje noko om julegåver, men Dina fortel at alle skulle ha noko nytt å ha på seg til jul. Det same fortalde Peder Gihle, alle fekk noko nytt til jul, men dei fekk det føre julekvelden. Det var helst klesplagg, hugutørkler var gjevt åt jentene. Da Pål Gihle (1908-1998) var smågut, låg det pakker under juletreet på Gile, og foreldra hans sa at det var nissen som hadde komi med dei. Men det var berre ei pakke åt kvar av ungane. Da eg voks opp, hadde nok pakkehaugen under juletreet vorti større, men mange av pakkene var mjuke og inneheldt klede som vi hadde fått i alle tilfelle. Dei store haugane med julegåver, for ikkje å tala om adventsgåver, som vi ser i dag, høyrer vårt overflodssamfunn til.
‘n Pål meinte at det nok kunne vera meir vanleg med julegåver hos embetsmennene. Det tidlegaste han hadde høyrt om julegåver på Toten, var hos amtmann Weidemann på Steinberg. Rundt 1830 fekk ungane der pengar i julegåve, opp til 1 daler.
Julenisse og julekort. Julenissen er ein kar som korkje Dina Blåvarp eller Peder Gihle kjende til da dei var små. - Nei, vi sætte itte ut graut åt nissen, sa a Dina.
Nissen er gammal nok. Han har vori med oss i hundrevis av år, men julenisse har han ikkje vori, og han har hatt ulike namn. Nissenamnet er ikkje så vederstyggeleg gammalt. Den gamle nissen var ein liten kall i knebukse som paste på garden sin og alt som der var, både folk og fe og avling. Einsrudnissen og Dystnissen stal høy av einannan, og så møttest dei på Dystbrua og gauv i hop og sloss så alt høyet dreiv nedpå elveisen. (Dyste, 1956, s. 223). Og Gilenissen likte ikkje at framandfolk forstyrra natteroa på garden. Ein vinter prøvde karane på Li seg med å ta beinvegen over garden på Gile når dei skulle utpå åsen etter ved. Dei la i veg ved 2-tida om natta. Men det var berre to gonger dei prøvde den snarvegen. Andre natta vart gampen åt han som kjørte fyrst, fråspent og iattspent med huggu mot sleden. Det skjedde på ein blonk, og det var nissen som gjorde det, sa liskarane. Så den vegen tok dei ikkje meir.
Julenissen som vi kjenner i dag, dukka fyrst opp på julekort. Det var i 1870. Nå er han over alt, seier Pål Gihle. I dag ser vi meir av nissen i vekene føre jul enn i sjølve jula. Alt i november dukkar den raudkledde amerikanissen med langt kvitt skjegg opp på kjøpesenter og julegateopningar og andre kremmararrangement. Julenissen lever og trivst, i alle fall i tida føre jul. Det sørgjer fyrst og fremst handelsstanden for. Men så snart julehelga er ringt inn, har julenissen gjort frå seg, ser det ut til.
Dei siste åra har julekorta nesten vorti borte. I dag tek internett meir og meir over som distributør av julehelsingar.
Julebord og julegater. Det som har endra seg mest dei siste 50-60 åra, er korleis vi tér oss dei siste vekene føre jul. I 1986 skreiv professor i folkeminne, Olav Bø (1986, s. 176):
Dette at ein ikkje skulle byrje julefeiringa før tida var komen til det, står i skarp motsetning til våre dagars bruk av adventstida til festlege samkomer like mykje som til kjøp av gåver. For nokre år sidan kom det i aviser og andre media til uttrykk ein reaksjon mot førjulsfestinga, konsentrert om juleborda. Det ser ikkje ut til at det vart noko skifte. Juleborda er like vanlege eller meir vanlege enn tidlegare, men vi må vel kunne seie at dei framleis er for dei få.
I dag kan vi ikkje seia at julebord i vekene føre jul, med god mat og godt drikke, er «for dei få» eller eit typisk urbant fenomen. Dei siste 10-15 åra har denne skikken breidd seg over heile landet. Bedrifter, foreiningar og institusjonar ber inn til julebord, attåt ei enklare juleavslutning ein av dei aller siste dagane føre jul. Og nå er det ikkje tale om å la vera å smaka på ribba før om julekvelden.
Somme synest dei har fått nok «norsk jul» i tida føre jul. Julehelga og romjula nyttar dei til å dra på ferie åt Thailand eller Kanariøyane, eller ein annan stad langt unna ribbe, goro og snø. Dét er i alle fall eit velstandsfenomen.
Kva med jula hos dei som ikkje hadde noko? I dei tradisjonsoppskriftene vi starta med, er vi på to gardar, ein mellomstor og ein stor. På båe gardane var sjølvfolk og tenestefolk samla om det som hadde med jul å gjera, både det som laut gjerast føre jul og festmåltidet julekvelden. Men korleis vart jula feira hos dei som ingenting hadde? Korleis var det i dei heimane som a Helena Maria Gihle drog åt med julesending fyrst på dagen om juleftan? Korleis hadde a Tæger-Ragnild det om julekvelden, ho som gjekk og bad åt seg på Teiterud føre jul? Det er ikkje mange som har fortalt om det.
Korleis var jula for husmannsguten Andreas Romshus frå ei fattig stugu under Sivesin? ‘n Andreas hadde berre eitt klæsplagg, vinter som sommar, det var ei striskjorte. Han hadde ikkje sko, men gjekk berrføtt i snøen om vinteren. Han likte å aka, men kjelke hadde ’n ikkje. Han tok med seg ein bom og fekk ofte sitja på med eit tømmerlass opp bakkane. Så var’n innom og vermde dei blåfrosne føtene sine før’n ók nedattover. Korleis feira han jul, tru?
Det vi kan seia heilt sikkert, er at korleis denne midtvinterfesten har vori og blir feira, er avhengig av kor mykje ressursar vi har å ta av, kor god råd vi har. Derfor vart feiringa annleis hos ei einsleg mor i ei inderststugu enn i eit gardsfellesskap. Feiringa var annleis i det tilnærma sjølvforsynte gardssamfunnet vi hadde på 1870- og 80-talet, utan elektrisitet, bil, fjernsyn og i-pad, enn i vårt ljosglitrende overflodssamfunn der nesten alt som er materielt kan kjøpast for pengar. Det vi kaller juletradisjonar endrar seg og tilpassar seg endringane i samfunnet og det økonomiske overskottet vi har å bruke på midtvinterfesten. Slik har det vori til alle tider, og slik blir det nok i framtida òg.
Noter
Mjøsmuseet, Dokumentasjonssenteret, OATM 00790/G/0002. Mjøsmuseet, Dokumentasjonssenteret, OATM 00372, boks IV og IX. Utslitne, utkjørde. Dina fortel at dei starta med å jaga grisen ved 4-tida om morgonen. Det var ikkje noko særsyn at arbeidsdagen tok til så tidleg. Særleg i slåttonna om sommaren og under trøskinga om vinteren var det vanleg å starte dagen ved 4-tida. (Tollersrud, 1968, s. 134). Å sætta gang på: Setja til gjær. Kristian Ner-Sund, f. 1795. Ordet julegunner finst ikkje i Norsk Ordbok, heller ikkje i ordboka åt Ivar Aasen. I følgje tradisjonen etter Dina Blåvarp og Pål Gihle, var ordet brukt på Toten midt på 1900-talet, i alle fall i Kolbu og på Eina. Gunnr er eit gammalnorsk hokjønnsord som betyr krig, strid, ufred. Julegunner må da bety juleufred, at du braut julefreden, eller skapte ufred, om du gjekk bort fyrste juledag. Digitalarkivet. Folketeljinga 1865. Digitalarkivet. Folketeljingane 1865 og 1875. Mjøsmuseet, emnearkiv, emneord Folkeminne. Kristian Heksum (1837-1911) var gardbrukar på Heksum. Murukvast er slike tette kvastar som det kan bli på gran og furu. Norsk folkeminnesamling, Oppland, Svarteberg. Mjøsmuseet, tradisjonskartotek. Oppskrivi etter Helge Hilsen 17.12.1971. OATM 00372 IV.1.3. Norsk folkeminnesamling, Spørsmål 54 om jolebukk og brudlaupsbukk. Svar frå Th. Røen, Fluberg 1937. Norsk folkeminnesamling. Minneoppgåver 1981. Oppland nr 104. Aksel Sveum, V.Toten, fødd 1908. Ulike nemningar er brukt: Fugleband, fuglenek, kornband, juleband, julenek. Norsk folkeminnesamling. Spørsmål 54 om jolebukk og brudlaupsbukk. Svar frå P. Fladlien, Snertingdal 1937. Ved dei arkeologiske utgravingane på Trostad i Totenvika i samband med utbygginga av fylkesveg 33, vart det avdekt eit gardstun frå ca 500-600 e. Kr. Der vart det funni ei mengd grisetenner. Kvegskatten 1657. Frå fjorde verset i «Lilla vackra Anna» av Alf Prøysen. Norsk folkeminnesamling. Minneoppgåver 1964. Oppland nr 19. Anders Enge, Ø.Toten, fødd 1894. Menighetsblad for Østre Toten, desember 1959/januar 1960, side 7. Norsk folkeminnesamling. Minneoppgåver 1964. Oppland nr 29. Theodor O. Hagen, Kolbu, fødd 1894. OATM 00372 XI 3-4. OATM 00372 XI 3-3. Stryskjorte. OATM 00790/H/010.
Referansar
- ↑ Mjøsmuseet, Dokumentasjonssenteret, OATM 00790/G/0002
Kjelder
- Olaf Nøkleby: «Jul på Toten», i Mjøsmuseets årbok 2016. Han bygger på:
- Arkiv etter Pål Gihle på Dokumentasjonssentret, Mjøsmuseet, OATM 0372.
- Arkiv etter Johannes Sivesind på Dokumentasjonssentret, Mjøsmuseet, OATM 0790.
- Bø, O. 1986, Vår norske jul, Det norske samlaget, Oslo.
- Digitalarkivet, folketeljingane 1865 og 1875.
- Dyste, H. 1956, «Nissehistorier fra Kolbu», i Totn. Tidsskrift for Toten Historielag. Hefte 3, Bøverbru, s. 222-223.
- Gihle, P. 1978, Frå gammalt, Toten Historielag/Totens Bokhandel, Bøverbru/Lena.
- Gihle, P. 1988, Gilehistorie, handskrivi manuskript hos Kari Gaarder f. Gihle.
- Norsk folkeminnesamling, Universitetet i Oslo.
- Sivesind J./H.A. Sommerfeldt, 1954, «Juleselskaper i 1827 og andre minner», i Totn. Tidsskrift for Toten Historielag. Hefte 2, Bøverbru, s. 100-104.
- Tollersrud, K. 1968, «Jordbruket på Toten» i Totens Bygdebok, bind III, Bygdebokkomitéen, Bøverbru, s. 9-302.
- Tradisjonsarkiv, Dokumentasjonssentret, Mjøsmuseet.
Framlegg til illustrasjonar
- Julekaka på Norsk folkemuseum.
- Primstav frå Toten (til rammetekst).
- Heimeslakting av gris (nytt foto).
- R08-033-16: Julekveld på Nyjordet, Raufoss i 1978 – julenisse og smågut med gåve.
- R78-57-1: Rundt juletreet på Myrdal i Lensbygda 1917.
- R82-67-1: Julekveldsmiddag på kjøkenet på Midt-Sukkestad 1936.
- R81-42-7: I stugua på Majer med juletre og gåver – sjølvfolk og tenestefolk samla. 1917.
- R93-15-06: Juletrefest for dei tilsette på Landheim veveri 1937.
- R82-23-6: Juletrefest (utan juletre?) på Fagernes skole, Totenvika 1915.
- R79-47-14: Julefest i Teten 1918.
- R83-42-6-8: Julekort måla av P. Lillo-Stenberg.
- Foto av heilagtrekongarsljos frå Granly (støyping?).
- Foto av fuggulband ved låven (på Steinberg eller på Gile – sjå Frå gammalt)
- Lomen reindeer company (foto Arne)
- Julegatefoto – Totens Blad eller OA? Med tekst.