Julius Skaug (1905-1940)
Julius Skaug født 24. desember 1905 i Rakkestad, død 30. april 1940 på Lesjaskog. Han var son av Nils Olsen Skaug og Nella Johanne Skaug, og vart gift i 1939 i Rakkestad med Anna Heller (f. 1904).
Julius Skaug var fenrik ved Akershus infanteriregiment nr. 4 og skulle møte ved Gardermoen da mobiliseringsordren kom. Men dit kom han ikkje fram, og reiste derfor vidare til Kongsvinger der han truleg vart plassert i ei sanitetsavdeling under Østoppland infanteriregiment nr. 5 og vart med i felttoget oppover Østerdalen til Folldalen, Hjerkinn og Dombås. Dei var kome til Lesjaskog sentrum 30. april da dei venta på nytt bombeangrep. Soldatane trekte ut av vegen i skogen ved Lissersvingen og begynte å grave dekningsrom da bombeflya kom. Skaug hadde lagt seg innved ein fjellvegg, og ei bombe trefte rett over han slik at han vart dekt av snø, stein og jord. Han var truleg mellom dei to som ikkje vart attfunne før 20. mai. Han vart sendt til Rakkestad og gravlagt der 6. juni.
Namnet han står på minnesteinen på Lesjaskog.
Kjelder
- Amundgård, Arne: Nogo um krigen i Lesja og Lesjaskog 1940-1945. Utg. [Arne Amundgård]. Bøverbru. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket. side 40 og 48.
- Munthe-Kaas, O. 1955: Krigen i Norge 1940. Bind II. Operasjonene gjennom Romerike-Hedemarken-Gudbrandsdalen-Romsdalen. Utgitt ved den krigshistoriske avdeling. Gyldendal Norsk Forlag. Digital versjon på Nettbiblioteket side 270.
- Nordby, Guro 2002: Rakkestads historie. Bygdehistorien 1940-2000 Digital versjon på Nettbiblioteket side 159.
- Våre falne : 1939-1945, Grøndahl, Oslo 1951, bd. 4 Digital versjon på Nettbiblioteket side 134.
- Julius Skaug i Historisk befolkningsregister.