Kjeldearkiv:1892-04-10 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1892-04-10 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 10.4.1892
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 81
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kjære Kristian!

Det tok altsaa ein braa ende med deg som finansminister og det kan ein ikkje seja nogo um etter som du fortel Arvesen er til aa lønne sine folk. Underlegt med det, at vore store menn jamnan skal ha ei rangside, som er saa langt onnorleies enn retta! Ein skulde ikkje tenkt, at Arvesen var ein slik Per Nittengryn[1]; – skal veta du fær løvte baade paa løn og ære um du vil sitja i selen ei rid til, men du reiser fulla aat Hansen likevæl og det gjer du vist ret i. No likar du fulla ikkje leiken, men eg vaagar enda, at du har gaat ein god skule ivinter og er komen langt inni den glupe levevegen som heiter journalistik, som no ingen skal leva av, etter som det lydes, men som eg heller ikkje har høyrt nogon har svolte reint ihel av ofte. Du fær ikkje bera altfor stort nag aat Arvesen likevæl, sjøl um han var paa gode vegjer baade til aa svelte ihel deg og sprengje deg med arbeid. Eg ventar aa høyre meir um skilnaden med døk, du fær referere den uti odd og klør, for det bli eit […] saa forvitnelegt “stykke”. –

Hadde berre Hansen havt ein post aat meg au paa ein 400 kronor med mat attaat! Eg grundar og grundar dag og nat paa korleis eg skal koma frami nogo aa tene pening med, men eg er likenær – alle mushol er tetta. Du veit fulla, at eg er skogfaut i statens skog paa Lalm og i prestgardsskogen med ei løn av kr. 50 pro anno; no har eg svær hug til aa fara i skogen; det er reint forvitnelegt aa setja seg inni korleis skogen veks, elst og yngjest uppatt og faa augune upp for kor stor ein naturrikdom skogen er. Dette siste held au folke no paa aa innsjaa meir og meir og um kort tid vil kanhende dei fleste forstaa kor god gjerning staten gjerer, ved aa kjøpe upp al skog han har raad med aa faa bevilgja midler til – skal sjaa, at um kort tid vil dei velsigne Barth au, for at han saag saa langt fram, at han betalte godt for aa faa laus skog til aa tøfte paa seinare – det er mest som ingen har nogo gale aa seja um han no, lenger, og eg trur mest at dei fleste folk, som er inni skogsaka, kjende paa seg, at Norig miste sin duglegaste forstmann da Barth somna av. – No, ja – du ser eg talar som den, som har baade skjøn og interesse, men med desse 50 kronom kjem ikkje ein langt korkje til skjøn eller interesse og difor bed eg til guds baade i tid og utid, at staten maatte faa fal mange teigjer her i Otdalen saa det kunde bli eit lite “komplex” paa “denne side Jordan” au; naar det saa kunde gaa upp føre skogstyrelsen, at dei lyt ha ein eigje vogtar i Bøneslien for alle skogtjuvom, vi har der, saa kunde det snart gaa saa, at eg kunde faa ein post paa 150–160 kronor og da kunde det gaa an aa spenne paa ski um vinteren og gjera seg reint huglege skogferder. Og um vaaren da naar det tek til aa livne upp i skogen! Tennerne mine vatshagla! Men du skal nok sjaa dette bli berre eit luftslot au, som saa mange andre bygninger eg har set upp i mine dagar. Dei tvo siste dagarne har eg gaat reint “konfus” og ikkje vorte samd med meg sjøl um eg skulde freiste søkje paa postaabnerposten etter Einar Mo som dø for nogre dagar sia. Det er ein post paa umk 700 kr. og naar det ikkje hadde vore eit slikt hol, som det er i Moom, trur eg nok eg har søkt, for eg trur mest eg kunde gjort meg som ei von um aa faat bestillinga. Eg veit væl, eg vilde ikkje ha godt av det innestengde, stillsitjande live for det byd min natur imot, men nogo lyt ein bendast med, lel. – I Bøneslien skal eg freiste aa byggje lite isomar for aa freiste aa faa kloa i 5–6 bymenneskjor eg kunde faa mjølke for nogre kronor – men aa byggje forutta kapital er lite leit, helst naar gjelden staar som torebanker umkring alle høer, feruge til aa rivne med braak og dunder som verda skulde gaa under. Hadde det ikkje vore denne utsigta til aa tent nogre kronor – jaggu skulde eg vorte den siste til aa dregje byfolk uppi Bøneslia! Men tysken gjerer mangt for pening, veit du og eg lyt danse, som pipa vil laate. Boka mi! Trur du eg har høyrt eit ord meir um ho enn dei ordi som avisune hadde um ho ivinter? Enda eg skreiv aat Seippel um den greia au, sist i februar. For ei vike sia skreiv eg aat Ullmann og spurde meg førre og no fær eg no sjaa, um han kan faa upp kjeften og gjeva meg greie paa kva det heng i. Nei, det er som det skulde vera beka, alt, eg tek mine hender i –: “Hansliguten” senda eg aat Litlerê den 24 marts og ba um snøggast moglegt aa faa høyre, at han ikkje vilde “bemænge seg med det skiteri”, men enno har det ikkje knutte i honom heller. Skal veta han gjerer det paa sama gjerda han, som Holst med ’om “Gamel-Hans” – men han skal no faa ut att med skrape, Litlerê, likevæl og skaffe meg det att sjøl um han har brukt det til daspapir.

Overlag til vær vi har – folk gaar og gnekar seg i hendom og velsignar Vorherre for at vi fekk berr mark 14 dagar førre somarmaal. Fôrnøa var kaldhjelmen ivaar og bygdaplaagune sette fôre upp i kr. 2,40 – men da saa Vorherre kom med godvære reiste 40 øre trast og no kan det gjerne vera det stryk 20 øre til naar groen blir lite lenger i sydhellom. Kunde vorherre gjera dei eit strek med kornprisom au, saa vøre det paakar, for dei tenkjer seg høgt upp med korntynna, er det høyrandes til.

Iver fløt aat Mostuen som “kompanjong” med S. Blekastad imorgon, eg har liggjande fulle alle røer med bokbinding som ventar, statistik for skulevæsene, peningløyse, gjæld, byggjingsgreier, overligningskommissjon imorgon og den hinn dagen – ! uff, eg er nære paa og skal bli jaalot.

Har ikkje tider til aa lesa korrektur, du fær rette det range du, som er vann med det. Men gløym ikkje aa skrive eit langt brev aat meg, helst fraa Xania naar du har set han “Per Gynt”.

10/4. 92.

Liv væl!

Din

Ivar.

Fotnoter

  1. Småleg, gjerrig person, etter ei dansk forteljing om ein mann som finrekna nitten gryn til eiga vinning.