Kjeldearkiv:1905-04-25 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
1905-04-25 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 25.4.1905
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 124
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsæter 25/4. 1905.

Kjære Kristian!

Idag smør eg, som du ser, iveg ei Lefse eg tenkte skulde vera aat Aarboki. Um ho kan brukas er ei onnor Sak og eg vert ikkje de Slag tykkjen, um du lyt leggje “Alstret” paa Brandane. Stykkje er komi til Verdi i tunge Stunder og de ber de nok Merkjer av, og hadde de ikkje vore for di Skuld, at eg lova aa sende noko, hadde eg paa ingen Maate gjeve meg ikast med di.

Eg har gaat som i eit Helviti de siste Halvaare og hadde eg ikkje havt eit sovidt lett Lynne som eg har, har eg sikkert misst Vite. Alle mine Reiknskapar og heile mit Pengestel er kome i slik Ugreie og Vanstel paa alle Kantar, at eg kan ikkje ein Gong snakke um de og eg har berre venta, eg skulde vorte sett paa berre Bakken og stoppa i Hole attpaa. Kanhende eg med Veners og Veners-Veners Hjelp kan verta frelst fraa de aller verste, men um eg nokon Gong kan verta heil Menneskje att meir, de tør eg mest ikkje vonast. Som de no staar tykkjes eg aa ha berre tvo Maal: aa halde de ihop medan ho Mor liver og so aa freiste berge Kravsmennane for Tap so langt eg kan. Alt de andre fær liggje, naar de ikkje just kan vera til aa gjera Skilling av. Ja desse siste Aari har vore fæle – dei vilde eg ikkje ynskje skulde koma over min argaste Uven. – Under slike Høve er de, at “Hans” er vorte til og da kan du skyne kormykje han er tess. – Eit “Kvartalsbrev” kjem i næste Veke, de ligg halvferdigt, men eg tykte eg maatte sende ’n Hans idag, daa du kanskje kunde vente paa ’n for aa skipa Aarboki reidug med de fyrste.

Fraa den 23de Januar til no den 20 d. M. har eg legi inni Byen att med Ordboksarbeide og Tanken er, at eg skal inn att ei 3 Vikers Tid i Mai, um eg fær Raad med di. Arbeide munar seg godt fram og Prentingi byrjar nok til Haustan. De var ei Guds Lykke eg har havt dette Ordboksarbeide so stendigt, hadde eg ikkje havt de, so kunde de spøkt med Vite – Arbeide er no ei Guds Velsigning. – Fraa Maalarbeide og Maalfylkingen i Hovudstaden er de nok Mangt forvitnelegt, men i di Møle eg har gaatt med inne der i siste Tidom og som enno raader, er de meste gjengi framum mi Dør. “Fossegrimen” aat Eldegard er no likesom Storhendingi og den maatte eg sjaa likevæl. De er storfagert fraa alle Leider og Maale, so stokkende stivt Vestlandsk-Aasensk som de er, tek seg vyrdslegt ut paa Fjølom. Alle Spelarane gjer de rigtugt godt og mange spilar ypperlegt. Og so er Grimen eit “Kassestykke” – me lyt vera takksame mot Eldegard, me Maalmenn, og imot b. b.[1] Halvorsen og Jens Vang, for alle har lagt seg i Selen, kanhende mykje av Godvilje for Eldegard som er so vellika ved Nasjonalteatre. – Me har idag den 25de April og heruppaa Fjelli er de full Vinter enno, hellerikkje ne’i Bygdi har dei enno havt ein tiê Morgon og de er likt til aa verta ein sein og hard Vaar. I neste Veke lite meir, no berre Helsing fraa oss alle!

Din

Ivar Kleiven

Fotnoter

  1. Bjørn Bjørnson.