Kjeldearkiv:1908-11-20 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
1908-11-20 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 20.11.1908
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 141
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsæter 20/11 08

Kjære Kristian!

Allt i September emna eg paa eit Dølabrev aat Dcp. men idag fyrst fær eg de ferdigt – ei grausamb Salbe som du kannhende heller bannar enn “annammer med Taksigelse”, for magert er de, Gud betre.

Endeleg er da Aschehoug ferdig med “I gamle Daagaa” og siste Hefte er for ei god Tid sidan komi, truleg har du au faat de sendande over Blaamyri. Korleis de gaar? Tja – paa ein Vis har eg til no havt berre Glede av Boki: eg har liggjande paa Lag 40 Bladmellingor, som alle let overlag væl, sume rosar alltfor mykje, tessmeir, kallar ho “Standardverk”, “Kulturskildring af epokegjørende Værd”, “ein av dei fagraste Blomar i norsk Bokheim” o. s. b. Men um Boki “gaar”, det veit eg ikje noko um; ho er truleg fordyr og Folk flest vil helst ha Jernbanelesnad, Røvarsogur og all slik Skidt som riv i Magen, maa’ta. Korsomer, eg er vælnøgd med, at kunnuge Folk held Arbeide mitt baade for aa vera velgjort og til Gagn for norsk Kultur. For nokre Dagar sidan fekk eg eit Brev fraa Garborg og han takkar meg for Boki og sejer, eg har gjort eit Arbeid so gjævt og so fint, at eg har den største Ære av det. Medsame ynskjer han hjarteleg, at eg maatte faa Høve til aa drive paa vidare.

Siste Boki mi, “I Heimegrendi”, kjem vist um ei Vikes Tid eller so, de er paa Lag 14 Dagar sidan eg senda siste Korrekturarki. Ho kjem midt inni Jul-Mase og vert fulla burte millom all Julegrøda. Eg bed Aschehoug sende deg ho medsame ho kjem utor Klemba. Ho skulde kunna vore ei bergeleg Norddølsbok, ho, men de er paa Voni, um eg har raaka rette “Stille”; skal vera Moro aa høyre kva du sejer, men sei beint ut di Meining – um ho so læt som ei Blistring av Nordanvinden ein Uvêrsdag paa Seinhausten!

I heile Haust, etter Byfolke fôr sin Veg, har eg vore roleg heime, arbeidt paa Jordi og vølt um eitt og anna; de var Meiningi aa reist inn i Byen og granska i Riksarkive att 1 Maanad, eller vel so, men eg fekk ikje fraa meg gjort Arbeide ute førr det leid so langt, at eg vart huga til aa setja de ut til over Nyttaar. I heile Somar har eg ikje teki Kokfisk fyrste Gongen, Paal har tekji heile Fiskedepartemente og kunde du berre kome med heile Huslyden i Julom, skulde du faat sprengjandes god Raakaafisk! – Noko serlaga veit eg ikje, korkje um meg sjøl eller min “Næste”, Tidi ekar seg fram, den eine Dagen som den andre, forutta Avbrot og difor vert de heller ikje noko aa fortelja. Me har Helsa alle, men vert groveleg gamle, alle tri.

So var de noko “forretningsmessigt”. “I g. Daagaa” har du nok set noko um Paal Harelstad, Eidsvoldsmannen, som vist var av dine Ahner au; denna Mannen veit Verdi og vor norske Soga forlite um og eg har sett meg forr, aa gjera det eg kann for Minne hans. No er Ætti hans mest utlidd her og Avgangane veit ikje noko um han; men so var de ein Lalming som i Haust senda meg eit No. av “Reform”, Eau Claire, og der (No. 28 for 14 Juli) er prenta nokre Brev fraa P. Haraldstad, skrivne fraa Felten 1808; Brevi og Danebrogsteikne hans Paal, er no i Hendom paa ein Skylding: Tom Syversen, nede i Shawtown. Kunde du koma i “Forbindelse” med denne Tom Syverson paa nokor Gjerd? Eg skulde paa Dø og Liv havt ei Avskrift av desse Brevom, med Stil og Rettskriving heilt ut, og eit Facimil taa Namne hans, for Brevi, vil han sjølgjevi ikje laane burt og sende over Have i Posten, som elles ikje vøre noko Vaagand, naar dei gjekk som Verdaga-Post. Vilde han sjøl, um han les Brevi, taka ei Avskrift aa sende meg, vilde han tene Norigs nyare Soge med di, nokor annor Betaling har ikje eg aa bjo. Eit Portræt eller Teikning av Danebrogsteikne skulde au vore gjildt, men de er no ikje so naudsynlegt. Kjære, du fær ha dette paa Minne, naar de kann felle seg; for han Paal Haraldstad var ein av dei glupaste Vagverom i si Tid men er reint ein ukjend Mann vortin – eg kjenner meg plittug aa reise Minne hans upp-att so langt eg kann. Meir har eg ikje aa gjeva utor meg denne Venda; kjem eg paa skikkelegt Møle i Julom, skal eg sende deg eit lite betre Brev. Stor Helsing fraa Mor, Paal og

din gamle

Ivar.

Aulstadpaven[1] og mange Smaapavar med Riksmaalssekretæren[2] til Tutarhorn held fælt til Leik, kan du tru! Men skit i deim!

Fotnoter

  1. Bjørnstjerne Bjørnson.
  2. Yngvar Brun.