Lindhommen (Kvinesdal gnr. 183)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lindhommen
Sokn: Fjotland
Fylke: Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 183
Ant. bruksnr.: 6 (2018)
Type: Matrikkelgard

Lindhommen er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Garden har i dag gardsnummer 183. Han hadde tidlegare gnr. 14 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 185 og gamalt matrikkelnummer 403.

Geografi

Rett sør for åsen Lindeknuden er det eit dalsøkk frå Uretjødna og Lindhomtjødna og rett nordover. Dalsøkket opnar seg berre i eine enden og er med det ein homme. Ved inngangen til denne hommen ligg garden Lindhommen. Der har dei Ureknuden til vest og Litle Drengjeskarknuden mot aust. Gardsvaldet strekker seg nordover langs med Kvina frå Bjelkhomdalen til på høgde med Lindeknuden, der bytet går mot vest over Lindeknuden, sørvestover langs åskammen over Ureknuden og ned til Selandsåna ved brua over til Seland.

Gardsnamnet

Lindhommen inneheld to ledd. Lind tydar truleg tresorten lind. For fleire tydingar, sjå Lindeland. -hommen er bestemt form av homme, som tyder ein dal som har opning i berre ein ende. Omgrepet har same opphav og betydning som kvam og kjem frå norrønt «hvammr».

Namn i innmark og utmark

Heilt inntil innmarka på Lindhommen er det to utposingar i Selandsåna som dannar to tjørner, Uretjødna og Lindhomtjødna. Dei er delte av eit nes med ein åker, Langågeren. På dette neset finn ein og Mosebakken.

Heilt i vest i Uretjødna, ved vegen frå Seland, ligg Likodden. Ved gravferd sette Selandsfolket frå seg lik her, då dei måtte fortsetta i båt vidare mot kyrkja. I Lindhomtjødna er det to skjer. Det eine blir kalla Olavsteinen. I følgje eit gamalt segn skulle det bli tørke i Lindhommen dersom all isen på vatnet dreiv mot land i vårløysinga. Ein mann som heitte Olav Lindhommen batt fast isflak til denne steinen for å forhindra det. Det har budd mange Olav-ar på Lindhommen (sjå under Folket). Det andre skjeret heitte Påskesteinan.

Ved Humlesteinan rett nord for Lindhomtjødna skal det ha vakse karve og humle. Begge blei mykje nytta til mellom anna ølbrygging.

Gardsbeskrivingar og livsgrunnlag

Garden blei klassifisert som ein landgard i solli, men med «tungvunnen» jord i 1723. Dei hadde skog til brensel og noko til husbruk, men ingen støl, skal ein tru det som står i protokollen. Det blir òg nemnt ei kvern, men ikkje overskot frå fiske å snakke om.

I 1723 blei det gjort eit forsøk på revidering av det store matrikkelarbeidet frå 1665. Faste skjema blei sende ut til alle tingstadane i landet og opplysningane blei skrive ned etter bøndenes eigne vitneprov. Skjemaa hadde eigne rubrikkar for opplysningar om eigars namn, husmannsplassar, skog og seter (støl), kvern og fiskeri, plassering, sånad, avling, dyrehald og gamal og ny skyld. Det er knytt stor usikkerheit til opplysningane i matrikkelen. Oppgåva var å kartlegga skattbare ressursar på gardane, og bøndene hadde all mogleg interesse av å få satt så låg taksering som mogleg av garden. Likevel er dette ei unik kjelde til samanlikning gardane imellom, og ei av dei få systematiske skildringane ein har av dei einskilde gardane frå denne tida.

Jordbruk og husdyrhald

1668 1723 1865
Korn 1 t 2 1/2 t 2 1/4 t
Jordeple  -  - 6 t
Hestar  -  -  -
Storfe 3 4 8
Småfe 6 10 36

Lindhommen har alltid vore einbølt, og talet på dyr og mengda på avling og sånaden har vore relativt stabilt gjennom hundreåra.

Kulturminne

Det er registrert to kulturminne knytte til Lindhommen. Det eine er Lindhomkverna, som er nemnd i matrikkelen for 1723. Ho kan ha stått på same plassen som kverna som brann i 1881, som stod nedanfor bruene i Selandsåna. Åtte tønner havre og ei tønne bygg gjekk med i brannen.[1]

Midt inne i utmarka til Lindeland ligg «Lindhomstølen», den låg under Lindhommen fram til 1870 då den blei seld til Lindeland. Dette har vore brukt som indikasjon på at Lindhommen blei skild ut frå Lindeland. Stølen blei ikkje nemnd i 1723.

Matriklar og folketal

1661 1723 1803 1838 1886 1950 2021
Nr - 160 403 185 14 14  183
Skyld 3 eng 1/4 h 3 eng 3 eng -
Tal på bruk 1 1 1 1 1 4  6

*tal på oppsitjarar

Folketal

Kor mange bebuarar (M: Berre vaksne menn)

1665 1801 1865 1900 1920
1M 9 5  0 3

Eigedomsforhold

Lindhommen blei skild ut frå det opphavelege gardsvaldet til Seland, men truleg av det som blei Lindeland tidleg på 1600-talet. Lindhommen blei første gongen skyldsett i 1656 med 3 engelsk. Garden var på den tida kongeleg gods; les meir om det under Seland. Garden blei kjøpt av oppsitjarane i 1698 og har vore i bondeeige sidan.

Bruk og eigedomar

Bnr. Bruksnamn Type eigedom Utskild frå Matrikulert Løpenr. (før 1886) Skyld 1950 Eigar 1886 Eigar 1950 Notat
1 Lindhommen Gardseigedom før 1838 677 1 mark 46 øre Torsten Torstensen Johannes N. Seland Blir nytta som fritidseigedom i dag

Folket på Lindhommen

Lindhommen

Bruk 1

Selandsvegen 122

  • Olav Josson/Bjørnsson/Sørensson (1621-n. 1688)
  • NN Olsdotter Lindeland  
    • Olav (-1676) g. m. Kari Asbjørnsdotter Virak frå Bakke
    • Anna (n. 1731) Sjå nedanfor
    • NN g. m. Annsten Hoskuldsson Engedal[2]*

*Annsten blei seinare gift med Guri Helgesdotter Øvre Kvinlog

Det var ein (eller fleire) Olav på garden mellom 1656 og 1688. I matrikkelen frå 1661 blei han kalla Sørensson, medan i 1664 var namnet både Josson (sokneprestens manntal) og Bjørnsson (futens manntal). Både Per Seland og Tor Veggeland har peika på at han kan ha vore i frå Narvestad. Det var ein Olav Sørensson på Narvestad i same periode, og det kan òg ha vore han som var her eit par år før ein annan Olav tok over. Om det er snakk om same Olav, skal ein vel helst ha mest lit til prestens namngjeving, som hadde nærast omgang med sokneborna. I så fall talar vi her om Olav Josson.

Olav må ha vore gift med ei dotter etter Olav Eielsson Lindeland, fordi dei skatta for 1 3/8 engelsk i Lindeland i åra etter at Olav Lindeland døydde. Dette var arven hennes.

Dottera Anna overtok om lag 1682.

-

  • Anna Olsdotter (n. 1731)
  • Toru Sigbjørnsson Helle (1662-1725)

Anna og Toru var på Lindhommen fram til 1696 då dei flytta til Toru sin heimegard, Helle. Les meir om familien der. Sonen til Anna sin bror Olav overtok.

-

  • Tosten Olsson Eikeland (1668-1708)
  • Ingeborg Torgrimsdotter Solli (n. 1695-n. 1722)
    • Olav (1698-1765) Sjå nedanfor
    • Torgrim (-1764) g. 1734 m. Gunhild Torkelsdotter (1710-) Sjå Seland
    • Andres (1703-1783) g1. 1731 m. Anna Evertsdotter d. y. Josdal (1714-1739), g2. 1741 m. Anna Tollaksdotter Vordal (1714-1786) Til Josdal i Sirdal[3]
    • Siri (n. 1708)
    • Gunvor (n. 1708-d. 1761) g. 1733 m. Torje Olsson Røynebu (1712-1761)

Tosten og Ingeborg kjøpte garden i mars 1698. Dei kjøpte han av den danske kapteinen Jens Leegaard, som hadde arva han av Friderich Verdelmand, som i si tid hadde kjøpt garden av Kongen. I løpet av dei neste åra skulle alle gardane i Fjotland som tidlegare hadde vore eigd av kongsmakta, over på bondehender.  

Ingeborg gifta seg opp att.

  • Ingeborg Torgrimsdotter Solli (sjå over)
  • g2. 1712 med Salve Kolbensson Knaben (1686-n. 1722)
    • Kari (om lag 1712-) g. 1730 m. Fredrik Olsson Knaben (1697-1782) Sjå Knaben
    • Tosten (1713-)
    • Inger (n. 1734) g. 1734 m. Atlak Olsson Førlandsås (1709-1778) Sjå Førlandsås
    • Torborg (1718-1795) g. 1748 m. Mass Olsson Nedre Harbakk (1715-1771) Sjå Nedre Harbakk
    • Gunvor (1720-) g. 1744 m. Olav Olsson Ådneram (1713-) Sjå Knabenes
    • Ingeborg (1722-) g. 1753 m. Atlak Osmundsson Eikeland (1720-1785) Sjå Eikeland

Ingeborg og Salve budde her saman i om lag ti år. Då eldste sonen frå første ekteskap gifta seg, overtok han odelen. Ingeborg og Salve skal ha flytta til Knaben der dei leigde eit bruk.[4]

-

  • Olav Tostensson (1698-1765)
  • g1. 1722 med Ingerid Kolbensdotter Knaben (1710-d. f. 1749)
    • Ingeborg (1726-)
    • Tosten (1729-1802) Sjå nedanfor
    • Kari (1731-)
    • Kari (1735-)
    • Kolben (1738-1811) g. 1775 m. Anna Atlaksdotter Håland (1747-1833) Sjå Mjåvatn
    • Salve (1740-)
    • Kari (1743-)
  • g2. 1749 med Siri Ingvorsdotter Nedre Kvinlog (1710-1788)
    • Ingeborg (1751) g. 1790 m. Olav Olsson Fåland (1735-)
    • Olav Olsson (1758-)

Olav Tostensson makeskifta gard med Lars Torgrimsson Moland og flytta dit. Han fekk 6 engelsk i Moland, ein kakkelomn verdt 10 riksdalar og 60 riksdalar i «rede penger» i bytte mot dei tre engelskane som utgjorde Lindhommen. Lars Torgrimsson (1700-1750) flytta til Lindhommen og budde her til han døydde, og sonen Tore Larsson (1731-1809) overtok så garden.

Nokre år seinare kom det fram at garden Olav Tostensson hadde makeskifta seg til på Moland, ikkje heilt og fullt var odelsgods, tre engelsk var såkalla pantegods, som var kjøpt og ikkje nedarva. Olavs son Tosten, som nå hadde overteke garden på Moland, risikerte dermed at etterkommarar av den opphavelege seljaren, kunne reisa odelssak. I følgje Olav sjølv hadde han ikkje blitt informert om dette ved makeskifte. Tosten tok saka til retten, og i 1760 fekk han medhald, og makeskiftet gjekk om att. Tore flytta seinare til Midt Røynestad, les meir om han der. Tosten kom tilbake til Lindhommen om lag 1762.[5]

-

  • Tosten Olsson (1729-1802)
  • g1. 1758 med Asgerd Atlaksdotter Håland (1736-1758)
    • Ingen born
  • g2. 1765 med Berte Andresdotter Josdal (1734-1821)
    • Olav (1764-1828) Sjå nedanfor
    • Andreas (1766-)
    • Andres (1768-1853) g. m. Kari Beruldsdotter (1784-1864) Til Songe i Holt (Aust-Agder)[6]
    • Tosten (1770-) g. 1807 m. Ingeborg Nilsdotter Seljord i Gyland (1779-1832) Til Gyland
    • Salve (1773-1846) g. 1804 m. Maria Eriksdotter frå Vegårshei (1778-1855) Sjå Åsevodden
    • Tollak (1778-1843) Blei omtala som «vandfør» i 1801. Budde heime.

Tosten og Berte gav opp buet i 1789 og gjekk i folge hjå sonen Olav.

-

  • Olav Tostensson (1764-1828)
  • g1. 1789 med Asgerd Gunnarsdotter Seland (1753-1803)
    • Tosten (1791-1862) Sjå nedanfor
    • Berte (1795-1812)
  • g2. 1805 med Asgerd Persdotter Kvinlog (1762-1846)
    • Asgerd (1806-1873) g. 1840 m. Alv Atlaksson Seland (1806-1899) Sjå Solesli u/Seland
    • Ingerid (1808-1810)

I 1811 overtok sonen Tosten.

-

  • Tosten Olsson (1791-1862)
  • g. 1816 med Anna Tostensdotter Engedal (1786-1861)
    • Olav (1816-1872) Sjå nedanfor
    • Siri (1818-1901) g. 1856 m. Johannes Torgrimsson Seland (1815-1857) Sjå Engedal
    • Tosten (1821-1889) Sjå nedanfor
    • Anne Berte (1823-1887) Sjå Moland
    • Inger Tonette (1826-1886) Sjå Moland
    • Anne Tonette «Antonette» (1830-1902) g. 1889 m. Torkel Mattias Isaksson Netland (1833-1900) Sjå Moland og Netland

Dei overdrog garden til eldste sonen Olav i 1844, men Olav selde han tilbake att til Tosten i 1846. To år seinare makeskifta Tosten gard med Johannes Engedal, men det blei gjort om att i 1849. Olav fekk garden att seinare.

-

  • Olav Tostensson (1816-1872)
  • g. 1855 med Torborg Ormsdotter Røynebu (1832-1917)
    • Tønnes Andreas (1856-1876)
    • Wilhelm (1858-1889)
    • Reinert Andreas (1861-) g. 1881 m. Henriette Hansdotter Maberg (1853-1936)
    • Regine (1865-)
    • Anne Regine (1869-1871)

Olav og Torborg flytta frå Lindhommen til Herad og seinare til Lista.[7] Garden gjekk frå Olav til broren Tosten Tostensson i 1856.

-

  • Tosten Tostensson (1821-1889)
  • g. 1867 med Siri Guttormsdotter Josdal (1843-1922)
    • Anne (1868-1920) g. m. Petter Rødmo. Til USA i 1906[8]
    • Joren/Jøran (1870-1956) g. 1902 m. Julius Hermansen frå Lier (1867-) Julius arbeidde ved Drammenselvens Papirfabrik i Modum i 1910.
    • Tønnes (1872-1950) g. 1905 m. Kristine Olsdotter Haugen (1880-1956) Til Sunde i Nes i Flekkefjord
    • Gurine (1875-1948) g. m. Salve Andreas Torjesson Førlandsås (1872-)
    • Hanne Oline (1877-1953) Syerske. Til Flekkefjord
    • Guttorm (1881-1944) g. 1916 m. Johanne Jørgine Olsdotter Tjersland (1882-1970)

Siri var over tjue år yngre enn Tosten, og då han døydde selde ho garden og familien flytta til Flekkefjord. Kjøparen var Nils Osmundsson Seland og kona Johanne Sofie Johannesdotter Engedal. Ho var søskenbarnet til Tosten. Dei overtok garden for 3800 kroner i 1892. Son deira, Johannes, overtok i 1911.

  • Johannes Nilsson Seland (1887-1975)
  • g1. 1918 med Ingeborg Tønnesdotter Helle (1895-1920)
    • Dei hadde ingen born. Ingeborg døydde av tuberkulose.
  • g2. 1921 med Inger Sofie Salvesdotter Engedal (1893-1968)
    • Nils (1924-2009) Sjå nedanfor
    • Ingeborg (1930-) g. 1951 m. Knut Uppstad (1921-2002) frå Setesdal. Til Kristiansand
    • Salve Ingolf (1933-1956) Drukna i Lindhomtjørna

-

  • Nils Seland (1924-2009)

Nils budde åleine i Lindhommen. Då han døydde overtok Ingeborg garden og hadde han nokre år før ho selde den i 2020.

-

Åsevodden

Umatrikulert plass

Ein høyrer første gong om plassen i ein rettssak i 1722. Då blei Per Tollaksson Lindeland påtala for han hadde late krøttera sine beita, og i tillegg hogge ned eit stort tre, på denne plassen som frå gamalt hadde lege under Lindhommen. Påklagaren var Olav Tostensson Lindhommen som viste til ei semje frå 1694.[9] Det er usikkert kven som har budd her og når. Den første og einaste ein veit om er Salve Tostensson frå bruk 1 med familie.

  • Salve Tostensson Lindhommen (1773-1846)
  • g. 1804 med Maria Eriksdotter (1778-1855) frå Vegårshei
    • Tosten (1804-1887) Budde fleire plassar som legdslem.
    • Anniken (1810-1864) g. 1855 m. Toru Larsson Veggeland (1781-1862)
    • Erik (1810-1840)
    • Berte (1812-1815)
    • Henrik (1815-1877) g1. 1846 m. Anna Ommundsdotter Harbakk (1829-1865), g2. 1866 m. Inger Tonette Olsdotter Førlandsås (1831-) Sjå Nonåsen under Harbakk
    • Berte (1818-1856) g. 1842 m. Reinert Kristiansson Fjotland (1820-1891) Sjå Fossdal under Fjotland
    • Inger Maria (1822-1841)

Salve og Maria budde fleire plassar i Fjotland.

-

1037 Kvinesdal komm.png Lindhommen (Kvinesdal gnr. 183) er ein del av Bygdebokprosjektet for Kvinesdal med Amund Pedersen som forfatter, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Kvinesdal kommune er eit samarbeid mellom forfattaren og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.

 


Litteratur og kjelder

Referansar

  1. Mange bekker små. Kulturminner langs Kvinavassdraget. Red: Anne-Berit Erfjord, Johannes Hamre og Harald Aamodt. Utg. Kvinesdal historielag. 2004. 416 s. ISBN 82-997037-0-0. Digital versjonNettbiblioteket, s. 85
  2. Seland, Per: Kvenåsen krets i Fjotland. Utg. [Forfatteren]. Oslo. 1980. Digital versjonNettbiblioteket, s. 190
  3. Seland, Per: Sirdal, 3. Utg. Kommunen. Tonstad. 1988. Digital versjonNettbiblioteket, s. 417
  4. Seland, Per: Kvenåsen krets i Fjotland. Utg. [Forfatteren]. Oslo. 1980. Digital versjonNettbiblioteket, s. 193
  5. Les meir i: Seland, Per: Kvenåsen krets i Fjotland. Utg. [Forfatteren]. Oslo. 1980. Digital versjonNettbiblioteket, s. 193-199
  6. Seland, Per: Kvenåsen krets i Fjotland. Utg. [Forfatteren]. Oslo. 1980. Digital versjonNettbiblioteket, s. 198
  7. Listaboka 1, s. 481
  8. Seland, Per: Kvenåsen krets i Fjotland. Utg. [Forfatteren]. Oslo. 1980. Digital versjonNettbiblioteket, s. 200
  9. Les meir i: Seland, Per: Kvenåsen krets i Fjotland. Utg. [Forfatteren]. Oslo. 1980. Digital versjonNettbiblioteket, s. 204