Møre Møbelindustri AS

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Møre Møbelindustri var ein møbelprodusent i Sykkylven, etablert i 1932. Bedrifta var det fjerde aksjeselskapet som kom i gang innanfor møbelindustrien i Sykkylven etter 1929. Det året vart Sykkylven Kurvvarefabrikk, Kurvmøbelfabrikken Solid og Møre Kurvmøbelfabrikk grunnlagde. Det var seks ungdomar som gjekk saman om Møre Møbelindustri A/S: Karl Johan Gjevenes, Sverre Gjevenes, Leif Aurdal, Bernhard Welle, Olai Kleppe frå Volda og Johan S. Aure. Dei skaut inn 300 kroner kvar som aksjekapital. Nokre av dei var kjende med møbelproduksjon frå tidlegare. Likevel knytte karane bak Møre Møbelindustri til seg sadelmakar Hansen frå Ålesund og son hans for å få opplæring i lenestolproduksjon.

Tidlege år

Møre Møbelindustri hadde ikkje snikkarmaskiner. Treverket til møblane tok dei i første rekkje frå Erstad TrevarefabrikkIkornnes. Lenestolbedrifta engasjerte to agentar, ein i Bergen og ein i Oslo. Salet utvikla seg tilfredsstillande. Vanskelegare kunne det vere å få inn oppgjer i rett tid. Den gongen var det vanleg å selje med akseptar som strekte seg over seks månader, det vil seie at kunden fekk seks månader på å gjere opp for seg. Med ein så lang betalingsfrist var det vanskeleg å gjennomføre sikre kredittvurderingar. Mykje kunne endre seg for eit forretningssamband på eit halvt år. Elles var det regelen at kundane prøvde å få akseptane fornya når det halve året var omme. Skulle bedriftene halde ved like kundetilhøva, måtte dei vere imøtekomande.

Møre Møbelindustri hadde ein svak kapitalbase, og inntektene var små dei første åra. Første året står bedrifta oppført med ei inntekt på 110 kroner i kommuneskattelista. I 1933 var den registrerte inntekta 200 kroner, og det same i 1934.

Konkursen i 1936

Møre Møbelindustri strekte seg så langt som ressursane rakk i høve til kundane - og endå litt til. Då to store butikkar i Oslo og Bergen gjekk konkurs, fylgde Møre Møbelindustri etter. I mars 1936 vart den siste aksepten frå bedrifta diskontert i Søkkelven og Omegns Privatbank.

Ny start etter krigen

Kjellarverksemda i Bakkegarden på Aure fekk eit nytt liv under krigen. Då starta Johan S. Aure opp att med møbelfabrikk under same namnet. No var det ikkje aksjelag. Johan var eineeigar. Framleis var produksjonen overstoppa lenestolar og salongar i forskjellige prisklassar. Treverka kom frå trevarefabrikkane til Peter P. Fet, Konrad Brunstad og Johan O. Erstad. Dei fleste møblane gjekk nordover i landet, og noko vart også selt til dei to Vestfold-byane, Tønsberg og Sandefjord. Då produksjonen var på det livlegaste under krigen, hadde Johan S. Aure 12-13 tilsette. Salet gjekk av seg sjølv også dei første etterkrigsåra, så byrja tidene å normalisere seg att.

Endeleg opphør i 1953

Johan fortel at grunnen til at han la ned verksemda i 1953, var at han det året fekk brev frå to forretningskontaktar i Nord-Noreg. Der bad dei om å få varene på seks månaders aksept. Då vakna minna hos Johan om ei syrgjeleg endelykt sytten år tidlegare. Han tenkte det var best å gje seg medan han framleis var ovanpå. Materiallager og utstyr vart då selt til Lenestolfabrikken Solid A/S.

Kjelde