Maren Johanne Jektvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Maren Johanne Jektvik (født 7. november 1811Hitra, død 11. juni 1849 same staden) var gardkone på Hitra. Ho vart i 1849 avretta for drapet på mannen sin, Ole Pedersen Jektvik.

Ho var dotter av Ole Larsen Gjelsøy (d. 1822) og hans andre kone Randi Johnsdatter. Faren hadde to barn frå sitt første ekteskap, med Anne Pedersdatter (d. 1805), og Anne hadde også ei dotter frå sitt første ekteskap. Maren Johanne var det første barnet til Ole og Randi; dei fekk seinare to til. Ho vart døypt i Kvernvær kyrkje den 22. sundagen etter Trinitatis i 1811, altså 10. november.[1]

Den 15. juli 1833 vart ho gift med Ole Pedersen Jektvig.[2]

I 1847, etter fjorten år, var ekteskapet framleis barnlaust. Dei hadde oppretta eit gjensidig testamente, og såg nok for seg at dei ikkje kunne få barn. Den 16. mars det året kom Ole sjuk heim frå fisket. Lækjaren meinte han hadde ein «katarrhalsk-typhøs Feber», noko vi i dag ville kalla influensa. Det var mange som døydde i den store pandemien i 1847, men det var ikkje sjukdommen som skulle ta knekken på Ole.

Heime på Jektvik hadde Maren Johanne fått hjelp i huset. Casper Andersen Nordhammer var arbeidsmann på garden, men det vart raskt eit forhold mellom han og Maren Johanne. Ho var uforsiktig med snakk, og skal ha sagt at det hadde vore godt å leve i ein tid der ein kunne bytte mann. Ole ser ut til å ha vore klar over at ho var utru mot han.

Allereie våren før Ole kom sjuk heim, altså våren 1846, hadde Maren fått tak i arsenikk i form av rottekrutt, giftstoffet blanda med sot. Ho hadde fått presteattest; ein måtte ha attest på at ein ikkje hadde vonde planar med gifta. Ein ven kjøpte gifta til ho i Trondheim. Med Casper skal ho ha diskutert om det var mogleg å ta livet av mannen med arsenikken, men han ville ikkje binde seg. Han skal ha sagt at ho kunne blande gifta ut i brennevin. Om han ikkje direkte tok del i drapet, ville vi i dag ha kalla det psykisk medverknad.

Då Ole fekk influensa gav legen han medisin, men den tok han ikkje. Han ville heller sjå om han vart frisk av seg sjølv. Maren Johanne nøda han heller ikkje; ho ville helst sjå at han døydde av seg sjølv. Då han etter ei veke viste teikn på betring byrja ho å blande inn arsenikk i krusemynteteen han drakk. Han må ha kjent at det var rar smak, og arsenikken lar seg heller ikkje løyse heilt opp i urtete, men han fekk det ned. Maren Johanne skal ha sagt at dei svarte klumpane var kaffigrut som låg att i kjelen. Gifta gav magesmerter, diare og oppkast.

Ei tenestejente på garden, tretten år gamle Ulrikke, såg ein dag papiret frå Svaneapoteket i Trondheim. Ho fekk vite at Maren at det måtte ho halde seg unna. Eit par dagar seinare såg ho at Maren tok ei klype med noko ut av papiret, og hadde det i teen. Enda eit par dagar seinare gav ho mannen ei annan drikk, ølost. Dette er eit oppkok av mjølk og øl tilsett eddik og sukker. Heller ikkje her løyste arsenikken seg opp, og det vart lagt merke til at det var svarte klumpar i drikken. Og denne gongen var det ikkje mogleg å skulde på kaffigrut. Ho freista å blande i gifta før ho kokte opp ein ny ladning ølost, men heller ikkje det nytta. Casper sin tanke om å løyse det opp i brennevin hadde vore betre; arsenikk kan løysast opp i alkohol og brennevinet dekker betre over usmaken.

Sjølv om det ikkje gjekk heilt på skinner å få i mannen gifta, døydde Ole Jektvik den 27. mars 1847.[3]

Tradisjonen tru stilte nabokonene opp for å hjelpe til i huset etter dødsfallet. Dagen etter at Ole døydde fann nabokona Gunhild giftpakka der. Ho tok pakka, og skulle seinare legge ho fram under rettssaken. Truleg var det allereie då ein sterk mistanke om at Maren Johanne hadde tatt mannen sin av dage. Det hjelp heller ikkje for Maren at ho og Casper var enda meir opne om forholdet sitt enn før. Då ho fortalde at ho ikkje kunne finne att giftpakka, valde han å rømme til heimen sin på NordhammerFrøya. Maren Johanne fortsette å kome med uforsiktige utsegn, og mistankane mot ho vaks. Lensmann Johan Grøn Lund kom etter kvart på saken.

Den 27. september 1847 vart ho sikta for giftmord på mannen. Han vart gravd opp, og den lokale lækjaren, dr. Holmsen, utførde ein obduksjon. Han sende nokre organ til Trondheim for kjemisk analyse hos ei apotekar. Han fann ikkje spor etter arsenikk. Det kan skuldast at det var den same apotekaren som hadde selt gifta; han ville vel helst ikkje verte innblanda i slikt. Som vi skal se lenger ned er det all grunn til å tro at han juksa med analysen. Maren Johanne fekk jamvel problem i avhøyr. Ho forklarte at ein del av gifta var brukt mot rotter. To vitne sa at dette ikkje var sant; eit av dei var Casper Nordhammer. Ho forklarte no dei svarte klumpane med at det var sjokolade, noko Ole var så glad i. Men her protesterte også vitna – både på at Ole var glad i sjokolade og at det var det som flaut i drikken.

I første omgangen gjekk det bra for Maren. Sorenskrivaren på Fosen frikjende ho den 27. juni 1848. Dette vart stadfesta av Trondheim stiftsoverrett to månader seinare.

Men aktor var ikkje nøgd. Frå det medisinske fakultetet ved Det kgl. Frederiks Universitet i Christiania fekk han instruksar om korleis ein kan påvise arsenikk. Ole sin kvile vart enno ein gong forstyrra, og no vart prøvar sendt til professor Moritz Christian Julius Thaulow. Han fann arsenikk i store mengder. Dermed vart det ein ny runde i Høgsterett, der Maren Johanne Jektvik den 25. november 1848 vart dømd til døden.

Ho vart sendt til arresten i Trondheim rådstue, der sokneprest til Bakklandet prestegjeld Bernhard Ludvig Essendrop og prest ved Trondheim Hospital Fredrik Elias Storm fekk oppgåva med å førebu ho på døden. På vesle juleaftan 1848 tilstod ho ugjerninga for prestane, og den 3. januar tilstod ho og for ein domar. Ho søkte om nåde frå kong Oscar I. Forrige avretting var i 1847, av Peder Olsen Ringieie i Bærum. Siden den gongen hadde kongen gjett nåde til fleire dødsdømde, mellom anna til Ingeborg Goversdotter som også hadde tatt livet av mannen sin med arsenikk. Men for Maren Johanne vart det ingen nåde. Den 19. april 1849 da kongen nei.

Dne 24. mai 1849 vart ho henta i Trondheim for å dra attende til rettarstaden på Hitra. Avrettinga skulle skje den 9. juni, men på grunn av dårleg ver vart det utsett til 11. juni. Residerande kapellan på Hitra Mathias Sommerschild Heltberg gav den siste trøst på skafottet før skarprettar Jacob Ferdinand Øien utførde halshogginga. Dette var den einaste avrettinga han utførde. Ho vart gravlagd den 17. juni, med eit notat i kyrkjeboka om at ho vart halshogd for giftmord på sin ektemann.[4]

Ei lokal legende fortel at blokka som vart nytta under halshogginga dreiv over fjorden til Frøya, der Casper Nordhammer levde som ein fri mann. Til tross for at folket der fleire gonger rodde ho ut, dreiv ho alltid i land att på same staden. Det vart også skrive minst ei skillingsvise om saka, «En ny og bedrøvelig vise om Maren Johanne Jektvik af Hitteren, der for at have forgiftet sin mand, skal henrettes den 11. juni dette år» – dei hadde ikkje fått heilt tak på å skrive korte og fyndige titlar.

Det historiske spelet Maren – dømt til døden, eller Marenspillet, vert oppført i Dolm kirke annakvart år sidan 1986. Spelet handlar ikkje berre om denne saka, men om kor lett menneske har for å døme kvarandre.

Referansar

Litteratur og kjelder