Maren Fabricius (d. 1791)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Eiler Kaurin har sjølv ført inn både vielsen med Maren Fabricius i 1782, og hennar gravferd 9 år seinare i ministerialboken i Karlsøy. Prost Rasmus Schjelderup forretta begge de kyrkjelege handlingane.

Maren Fabricius (fødd ca 1733, død 1791 i Karlsøy) var prestekone.

Ho var dotter av Christine Marie Heiberg og Jens Nilssen Fabricius, faren var sorenskriver i Hardanger og Voss sorenskriverembete.

I 1782 vart ho gift med Eiler Hagerup Kaurin som då var sokneprest i Karlsøy prestegjeld i Troms. Dei hadde ingen born.

Kilder


Artikkelen Maren Fabricius (d. 1791) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.