Metallakkering (bedrift i Sykkylven)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Metallakkering var ei lakkeringsbedrift i Sykkylven, skipa i 1988. Det var sytten bedrifter innan bygningsindustrien og jarn- og metallvareindustrien som gjekk saman om å etablere Metallakkering AS. Bedrifta fekk tilhald i eige bygg med ei grunnflate på 1650 kvadratmeter i industriområdet på Vikøyra i Sykkylven, på same tomta som Ekos AS tidlegare hadde hatt sagbruk.

Metallakkering kunne tilby overflatebehandling av metall, i første rekkje stål og aluminium. Dette var ei høgteknologisk verksemd med ei heilautomatisert produksjonslinje. Mange av oppdraga til Metallakkering kom frå eigarverksemdene. Dei viktigaste lokale interessentane var Solberg AS, Sykkylven Stålindustri AS og Ove Straumsheim AS. Lakkeringsbedrifta tok også arbeid frå utanforståande firma.

Petter Volden var dagleg leiar ved Metallakkering A/S frå starten. Bedrifta gav på det jamne sysselsetting til fem personar.

I 1999 tok Sykkylven Stålindustri over Metallakkering.

Kjelde