Nikolai Astrup

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Nikolai Astrup
Maleri: Henrik Lund
Nikolai Astrup (18801928) er rekna som ein av dei største norske kunstmålarane frå tidleg 1900-tal. Kunstnaren sette pris på sterke, klare fargar og skildra oftast natur, hovudsakleg frå heimbygda si i Jølster. Astrup tilhøyrde den nyromantiske rørsla av kunstnarar. Fleire av bileta hans, som vert rekna som naivistiske og ekspressive, er selde for millionsummar i dei store auksjonshusa i Europa. Medan kunstnaren sjølv var i live gav han dei same bileta vekk i byte mot mat.
Soleienatt av Nikolai Astrup.

Han studerte kunst hos Harriet Backer mellom 1899 og 1901 og hos Christian Krohg i Paris i 1902. I tillegg til måleri er han også kjend for tresnittarbeida sine.

Livssoge

Astrup var son til presten Christian Astrup og Petra f. Mørch Lodtz. Han vart fødd den 30. august 1880prestegarden Kalvåg i Bremanger, men då han var tre år gamal, flytta familien til prestegarden på Ålhus i Jølster, der far hans fekk stillinga som sokneprest. Her har det i seinare tid vorte reist ein bauta over kunstnaren, som er gravlagt saman med kona, Engel Astrup, på Ålhus kykjegard.

Nikolai Astrup studerte ved Kathedralskolen i Trondhjem der han tok eksamen i 1897. Tilbake i Jølster verka han som lærar for dei yngre syskena og teikna og måla på eiga hand.

Nikolai Astrup og far hans.

Ung kunstnar

Då Astrup valde kunstnarvegen gjorde han det i opposisjon til faren, som helst såg at sonen skulle studere teologi og verte prest som han. I 1899 reiste han til Kristiania for å bli elev ved teikneskolen der. I feriane vitja han Jølster og festa mange motiv derfrå til lerretet.

I 1901 debuterte han som utstillar ved Kristiania Kunstforenings Vårutstilling, med måleri av uthusa på prestegården i Jølster. Same året avslutta han utdanninga si ved skolen til Harriet Backer og drog på ei studiereise gjennom Europa, til Lübeck, Hamburg, Dresden, Berlin og München, før han slo seg ned i Paris som elev av Christian Krogh. Her blei han påverka av kunstnarar som Henri Rousseau, Maurice Denis, Paul Gauguin og japanske Hokusai. Seinare skulle han vitje London, Italia og Algerie på ulike kunstnarstipend.

Tilbake til Jølster

Frå 1902 fann Astrup heimen sin i Jølster, der han skulle hente dei fleste av motiva sine frå, og inspirere tallause komande kunstnarar til å finne motiv til måleria sine.

Då Astrup kom heim frå Paris budde han ei stund på prestegarden på Ålhus, men fekk seg i 1909 eit bratt, lite tun på Myklebust på sørsida av Jølstravatnet. Då hadde den vonbrotne far hans fleire gongar hindra han i å kjøpe den gamle prestegarden og eit anna tun på Ålhus, der han helst ynskte å bu. Han gifta seg med Engel Sunde, som då var 15 år, i 1907. Dottera Kari blei fødd i 1911. Den vesle familien budde på prestegarden saman med Astrup sine foreldre fram til 1912, då dei flytta til det som i dag er kjent som Astruptunet.

Mottaking

Måleriet «Natlys, rabarbra, gås og hægg» av Nikolai Astrup. Motiv frå heimen til Nikolai Astrup, ein bratt og skrånete gard, no kjend som Astruptunet.

Astrup heldt den første separatutstillinga si i mai 1905, i Kristiania. Ho fekk svært gode kritikkar, og «Stabbur i Jølster» blei kjøpt inn av Nasjonalgalleriet. Året etter deltok han på «Norsk Kunstutstilling» på Charlottenborg i København etter å ha blitt spurd av Erik Werenskiold.

Astrup-namnet stammar frå Ribe i Slesvig og vart innført til Noreg gjennom embetsmannsverket i dansketida. Nikolai Astrup vitja Astrup Gård i 1911 på veg heim frå Berlin, og måla bilete derfrå.

Død

Astrup misbrukte alkohol store delar av livet. Han hadde hatt astma heile livet, og døydde den 21. januar 1928, berre førtisju år gammal, av lungebetennelse i Førde.

Ettermæle

Astrup underviste fleire målarar på Sandastrand, mellom anna Toralv Flatjord, Elias Eide, Malfinn Berquam og Johan Indrekvam, som seinare er blitt kalla «Astrup-elevane». Kunstnaren var òg ein god venn og inspirasjonskjelde for Bernt Tunold.

John Chr. Brynildsen sit på den største samlinga av Astrup-bilete i Noreg, inklusive fleire av hovudverka til kunstnaren.

Astruptunet

Astruptunet, den gamle garden til Nikolai Astrup er i dag eit museum som tek utgangspunkt i livet til målaren og mennesket Astrup, og kva som påverka han til å måle dei bileta han har målt. Her har ein gjort det gamle fjøset om til eit godt kamuflert, men eldfast, biletgalleri. Astrup kjøpte småbruket i 1912 og bygde seg eit atelier og rydda den bratte jorda i terassar, der han mellom anna kunne plante eksotiske plantar. I bygda omkring var prestesonen kjend for ein særs populær rabarbravin..

«Til eit Astrupbilete» av Olav H. Hauge

Måleriet «Vårnatt i Hagen» av Nikolai Astrup inspirerte i følgje historia som går Olav H. Hauge til å skrive diktet «Til eit Astrupbilete».

Rykta seier at då diktaren Olav H. Hauge ein gong var innlagd på Valen Sjukehus hang måleriet «Vaarnatt i hagen» på veggen på rommet hans. I følgje historia vart han so gripen av det biletet at han skreiv diktet «Til eit Astrupbilete». Diktet er ei prising av naturen og stemninga i bileta til Astrup.

Bakgrunnsstoff

Kjelder


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Nikolai_Astrup» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.