Nordfjordlaget (Oslo)
Nordfjordlaget var eit av innflyttarlaga i Oslo, skipa i 1915. Under fyrste verdskrigen danna innflyttarar frå fem vestlandsdistrikt kvar sine bygdelag i hovudstaden. Alle desse var tilslutta Oslo Fylkeslag av Noregs Ungdomslag.
Historie
Nordfjordlaget vart stifta laurdag 27. mars 1915 i Trygdhotellet i Pilestredet. Det møtte fram om lag 50 nordfjordingar, og møtet vart opna med ei tale av bladstyrar Ole Steffensen Isene om Nordfjord og folket der heime.
Direktør Rummelhoff vart vald til formann, Glomnes varaformann, løytnant Årnes skrivar, og bankmann Aarestrup kassestyrar.
§1 i vedtektene til laget lyder: «Laget har til fyremål å samla nordfjordingar i og ikring hovudstaden til heimleg hyggje. Nordfjordsk sed og skikk må leggjast til grunn for lagsarbeidet og interessa for heimen og Nordfjord må haldast høgt.»
Laget hadde vanskar med å finne møtelokale rimeleg til leige, og dei ti fyrste åra samla dei seg på ymse plassar, som Trygdhotellet, Café Retiro, Idrettens Hus, Sjøfartskafeen, Venstres Hus og Medicinske Selskap.
Alle møte vart opna med eit foredrag, og blant dei som har halde tale kan nemnast redaktør Ole Steffensen Isene, oberst Henrik August Angell, kaptein Os, oberstløytnant Seeberg, statsadvokat Håkon Løken, fylkesmennene Christensen og Oddmund Vik, lærarane Jacob Aaland og O. J. K. Lødøen, direktør Rummelhoff, professorane Hægstad og Liestøl, stortingsmennene Trædal, Vassbotn, Hofstad, Aarstad og Markhus, vegdirektør Baalsrud, organist Geburg Aasland, Hulda Garborg, lektor J. Raabe, redaktør Thommesen, prestane Freihow, A. Johnson og Gjessing, komponist Wendelborg og skulestyrar Birkeland.
Laget fekk ofte vitjing av diverse kunstnarar og kulturpersonar, og av desse kan nemnast Per Bolstad, Hauk Aabel, Tryggve Larsen, Sigurd Eldegard, Ola Isene, Alfred Maurstad, Lars Tvinde og fru Bergljot Løstegård.
Den 26. august 1920 skipa Nordfjordlaget til ein fest for nordfjord-amerikanarar sitt lag Vesterheimen, som kom på vitjing heime.
Kilder og litteratur
- Kjeldstadli, Knut: Den delte byen. Fra 1900 til 1948. Oslo bys historie, bind 4, Oslo 1990, s. 104.
- Bladet 'Nordfjord' utgjeve i mars 1925 av Nordfjordlaget i Oslo
|