Olaf Nilsen Thorsheim (1889–1917)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Olaf Nilsen Thorsheim sin grav på Tyne Cot-kyrkjegarden ved Passendale i Belgia, ein stor krigskyrkjegard for soldater frå Storbritannia og det britiske samveldet.
Foto: Stig Rune Pedersen (2024).

Olaf Nilsen Thorsheim (fødd 18. desember 1889 i Hamre, død 30. september 1917 i Belgia) var ein gardbrukarson og sjømann som emigrerte til Australia. Under første verdskrigen blei han soldat, og han vart sendt til Europa. Han fall i slaget ved Passchendale, og er ein av nokså få nordmenn som er gravlagt på ein av de mange krigskyrkjegardana ved Ypres.

Slekt og familie

Han var son av gardbrukar og tømrar Nils Jørgensen Haukaas (1865–1918) og Randi Olsdatter Haukaas (1861–1904). Han hadde tre søsken. Faren var ifølgje folketeljinga 1891 fødd på Torsheim i Hosanger, og familien har truleg nytta dette namnet - Haukaas er staden der dei budde i 1891, og blei kanskje ført på etter sedvane.

Liv og verke

Han blei fødd på Haukås i Hamre på Osterøy nær Bergen. Då han blei fødd hadde han ein eldre bror. Ein gong innan 1900 flytta familien til Bergen, der faren var bordarbeidsmann - framleis tømrar, men no som tilsett arbeidar. Olaf hadde då to yngre søstrer. Mora døydde i 1904, og faren gifta seg seinare opp att. Same året som han mista mora mønstra femten år gamle Olaf på som sjømann. Sjømannsrulla syner at han mønstre på fleire skip; siste gong som er notert var i desember 1908. Det er ikkje så lett å følgje han i detalj vidare, men det er ikkje urimelig å tru at han hamna i Australia på same måten som mange andre nordmenn - ikkje som ein planlagt utvandring, men som eit val han tok etter å ha gått i land der.

Det vi veit sikkert er at i 1916 budde han i Tumby Bay i South Australia, ein hamneby på ei halvøy eit godt stykke vest for Adelaide. Han hadde fått statsborgarskap ein gong før 1916. Australia var frå 1901 sjølvstyrt, men framleis ein del av det britiske imperiet. Så då Storbritannia kom med i krigen hausten 1914, var Australia óg i krig. Thorsheim var med i eit lokalt skyttarlag i Tumby Bay, men hadde ikkje nokon annan militær erfaring. Den 11. mars 1916 meldte han seg til teneste på heimstaden, og berre ein månad seinare blei han sendt ut med 6th Reinforcements til 32nd Batallion frå Adelaide. Avdelinga var erstatningstropper som skulle til Europa. Han reiste som menig soldat, med tenestenummer 3022.

Då han kom fram til Etaples på den franske nordkysten hadde han fått meslingar - ifølgje australske dokument noko så upassande som "German Measles", tyske meslingar. Den 29. juli 1916 vart han lagt inn på sjukehus, der han var til 8. august. Det er mogleg at han i mellomtida hadde våre involvert i slaget ved Fromelles, i juli 1916. Den verste dagen i det slaget var den 29. juli, og då var han vel bak fronten på veg til sjukehus. Den 26. august 1916 kunne han slutte seg til 32nd Battallion. Allereie etter eit par dagar blei han overført til 14th Field Ambulance, ambulanseteneste ved fronten, etter at han hadde fått bronkitt. Han fekk vel ein lettare teneste der, men den 1. september 1916 var han attende hjå 32nd Battallion. 22. september 1916 stakk han av - han var vekke utan løyve frå 10:00 til 13:45. Han må ha hatt ein grei forklåring, for det ser ikkje ut til at det fekk alvorlege konsekvensar.

Den 30. oktober 1916 blei han evakuert til England. Han hadde fått skyttargravsfot. Dette var noko mange soldatar fekk etter å ha levd i søla i skyttargravene med våte føter over lang tid. Det tar lang tid å bli frisk - om ein er så heldig å bli frisk, mange måtte amputere - og først den 15. juni 1917 vart han sendt attende til Frankrike. Den 8. juli 1917 var han attende ved 32nd Battallion.

Den 30. september 1917 fall han i kamp. Ein kjenner ikkje til nøyaktig kva som hende. Han vart gravlagt i ei feltgrav med eit kors over. Det vart sendt melding til Noreg om dødsfallet, og denne gjekk vidare til Hamre sokn. Presten der førte han opp i kyrkjeboka som soldat i den australske hær, falt i krig i Frankrike. Alt tyder på at det ikkje er rett, han må ha falt i Belgia. Det vi veit kring dødsfallet er at han den 31. juli 1917 var i kamp i det tredje slaget om Ypres, det franske namnet på Ieper (flamsk) eller Yper (vestflamsk). Slaget er i dag betre kjend som slaget om Passchendale (fransk) eller Passendale (flamsk), etter den vesle landsbyen utafor Ypres som vart lagt i ruiner. Det var eit av dei verste slaga i krigen, med mellom 400 000 og 900 000 falne og såra. Den 26. september 1917, fire dagar før han fall, var han i kamp i eit område kjend som Polygon Wood. Kampane der var så harde at dei ofte kallast slaget ved Polygon Wood, sjølv om det eigentleg var ein del av slaget ved Passchendale. Slaget starta den 26. september, og varte til 3. oktober. Sjølv om vi ikkje veit kva som hende med Thorsheim i kaoset, veit vi at etter ei pause på nokre timar kom det eit kraftig tysk åtak på morgonen 30. september. Tyskarane måtte trekke seg attende, men alt tyder på at Olaf Nilsen Thorsheim var ein av dei som ga sitt liv for å stogge dei.

Etter at krigshandlingane var over vart han henta opp frå den provisoriske feltgrava, og må ha hatt identietsmerket på seg. Han vart så gravlagt på Tyne Cot krigskyrkjegard og minnesmerke, grav LXI.A.1. Det er 3614 identifiserte falne på denne krigskyrkjegarden i Flandern i Belgia, som er den største gravplassen for soldatar frå Samveldet nokon stad og frå nokon krig. Han fekk posthumt British War Memorial (nr. 37491) og Victory Medal (nr. 37188). Thorsheim er nemnd på fleire minnesmerke: Det nasjonale krigsminnesmerket i Adelaide, Australian War Memorial Roll of Honour, Butler WW1 Memorial, Tumby Bay RSL Portrait Memorials og krigsminnesmerket i Tumby Bay.

Kjelder og litteratur

Vidare lesing