Per Braaten (1893–1944)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Per Braatens bilde av Voss landsgymnas (1933).

Per Braaten (født 19. september 1893 i Gol, død 26. september 1944) var fotograf. Han virka først i Hallingdal (Ål og Gol) og frå 1917 på Voss.

Han var son av fotograf Engebret T. Braaten og Henriette H. f. Olsgaard. Gift 1917 med Margit Wiljugrein, dotter av Syver A. Wiljugrein og Ambjørg f. Tuv. Læretid hos faren og tanta Ingeborg Braaten, og frå 1908-09 hos hoffotograf Karl Anderson i Kristiania. Mesterkurs Bergen 1930. Overtok i 1909 saman med tanta faren sitt atelier i Gol. Vi finn dee der i folketellinga 1910, både som ugifte fotografer.

I 1917 flytta han til Voss der han kjøpte Johan von der Fehr sitt atelier, etablert 1882. I 1920 kjøpte han óg von der Fehr sitt hus, og oppga same året at han hadde overteke Peter U. Knoph sitt fotograffirma på Voss, etablert 1913 (inkl. Voss Tobakk & Konfektforretning). I 1939 overtok han også Mimi Jansen sin forretning, etablert 1895, og eigedomen hennar. Frå før 1920 var han i kompaniskap med Knut Wiljugrein.

Han var ein ihuga målmann og fråhaldsmann.

Etter at han døydde i 1944, dreiv enka firmaet vidare inntil det vart solgt til Ole Skredegaard i 1946. (Margit Tveito, Ål, opplyser at det var Braaten sin søster, Hjørdis, han overtok etter.) Bortsett frå Mimi Jansen sitt arkiv vart alt øydelagd under tysk bombing i 1940, men hennar arkiv vart øydelagd ved en brann rundt 1958.

Kjelder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Per Braaten (1893–1944) er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.