Peter S. Brandal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter s. Brandal (1870-1933) fotografert i 1911, 41 år gammal.
Foto: Johannes Sponland, Fylkesfotoarkivet for Møre og Romsdal.

Peter S. Brandal (fødd 21. desember 1870, død 23. mars 1933) var selfangstreiar og Svalbardpioner. Han var ein av pionerane innan moderne selfangst og ein forgrunnsfigur i næringa i fleire tiår. Han starta selfangstreiarlag, seloljedamperi og sildoljefabrikk, og var med på å starte Kings Bay Kull CompanySvalbard.

Peter S. Brandal kom frå den kjende ishavsbygda BrandalHareidlandet, rett sørvest for Ålesund. Han var nummer to i ein søskenflokk på åtte. Foreldra var Severin L. Brandal (1847-1934) og Davide P. Brandal (1842-1902). Dei fekk overta eit utmarksstykke av Peder P. Brandal, far til Davide, då dei gifte seg i 1869. Her oppe i Haugen bygde dei hus og løe og busette seg, og dyrka opp jorda med tida. Men Severin var meir fiskar enn gardbrukar. Han dreiv fiske frå unge år av og vart etter kvart skipper på fiskeskøyter frå Ålesund.

Tidleg ute

Som dei fleste unge gutar på kysten begynte også Peter på sjøen tidleg. Etter nokre læreår som «menig» fiskar vart han skipper på småskøyta «Brandal» i 1893. Då var han 22 år gammal. Peter var eigar av dette fartyet saman med sambygdingen Lars Rasmusson Brandal. Året etter fekk han og tre andre sambygdingar bygd ei ny skøyte, «Minna» på 56 fot, hos fartybyggjar Hans O. Mehus på Halsnøy i Sunnhordland. Peter vart skipper på den nye skøyta. I åra før 1900 vaks det fram ein heil flåte av dekka fiskeskøyter på Sunnmøre. Mange var heimehøyrande i Ålesund, men ein del kom også på bygdene, ikkje minst i Brandal. Desse skøytene dreiv fleire fiskeri på sunnmørskysten etter torsk og sild, dei dreiv fiske på Eggakanten, og dei drog også lenger av garde, heilt til finnmarkskysten og tok del i sommarfisket etter torsk der. Peter var «på Finnmarka» med «Minna» i 1895, 1896 og 1897.

Starten på den sunnmørske selfangsten

Det var på desse turane at sunnmørsfiskarane kom i kontakt med selfangsten som vart driven frå Troms og Finnmark. Dei hadde sett at dei nordnorske skøytene jamt kom til lands med full last. Dette inspirerte, og i 1898 bestemte Peter S. Brandal å utruste «Minna» for selfangst, saman med faren Severin, som var skipper på skøyta «Nils Liaaen» frå Ålesund, med P. Th. Sandberg som eigar. Ein tredje båt, «Sleipner» med Jonas Fuglevik som skipper, vart også med. Mannskapet var sunnmøringar, men skyttarane vart henta frå Tromsø.

Fangsfeltet var Vestisen, drivisbeltet mellom Jan Mayen og Grønland. Det var eit vågestykke for vanlege fiskarar å setje kurs for ukjent farvatn langt mot nord med dei små skøytene med berre vind og segl som drivkraft, for å skulle driva selfangst, ei næringsgrein som dei ikkje kjende frå før. Men debutantane klarte seg bra. Tilbake i Tromsø etter fire månaders fangst synte det seg at berre tre større nordnorske skuter hadde meir fangst enn «Minna» dette året, men mannskapet på «Minna» skal ha hatt den største mannslotten. Fangsten var kvalross, sel, klappmyss, isbjørn og rein.

Selfangsten hadde gitt meirsmak, og neste år siglde dei same skutene ut igjen saman med ålesundsskøyta «Martha». Også dette året hadde dei skyttarar frå Tromsø og leverte fangsten der. Men sidan var dei første læreåra forbi, og sunnmøringane var sjølvhjelpne både med skyttarar og mottak. Det vart bygt seloljedamperi både i Brandal og ved Ålesund. I 1900 kom det ei ny Brandals-skute til – «Havfruen», ført av Peters bror Ole S. Brandal. Peter og ein  tredje bror Laurits var medeigarar. Men dette året gjekk det dårlegare med selfangsten. Dei to skipperbrørne var redde for selfangstens framtid om dei skulle koma heim med liten fangst. Dei sette seg difor føre å forsere seg gjennom isen inn til Grønland og sjå om dei ikkje kunne berga tur. Dei samrådde seg med nokre større dampselfangarar frå Austlandet som låg der, men desse meinte det var galmannsferd å våge seg inn gjennom isen med dei små skutene. Dei prøvde likevel, kom gjennom inn til områda rundt Clavering Fjord og gjorde god fangst. Fangsverdien for dei to skutene var på 22 000 kroner. Dei hadde m.a. med heim 10 levande isbjørnar og 70 isbjørnskinn, samt 5 levande moskuskalvar og 45 moskusskinn. Heimkomne leigde dei eit sjøhus i Ålesund og stilte ut varene sine, og det vekte stor merksemd. Mellom gjestene skal Fridtjof Nansen ha vore, og han vart ein stor beundrar av karane med dei små skøytene sine.  

Ei næring i vekst

Selfangsten var etablert som næring på Sunnmøre og opplevde sterk vekst. Deltakinga passerte 10 skuter i 1905, vel 20 i 1910, 30 i 1913 og vel 70 i 1920. I løpet av ein tjueårsperiode sysselsette dei sunnmørske skutene rundt 1000 mann, og i tillegg kom dei som arbeidde med tilvirking av spekk og skinn frå fangsten og ringvirkingar knytta til bygging, vedlikehald og utrusting av fartya. Mange av skutene var heimehøyrande i bygda Brandal – i åra 1914-1920 rundt 15 stk. Pionerane sin ekspertise spreidde seg i nærmiljøet, ishavsfangsten vart den tonegjevande og dominerande næringa i bygda.

I startfasen føregjekk selfangsten frå Sunnmøre med tradisjonelle fiskeskøyter med noko isforsterking og med segl som framkomstmiddel. Men den tekniske omstillinga let ikkje vente lenge på seg. Overgangen til maskinell drivkraft basert på motor og først og fremst på dampmaskin starta i åra rundt 1905. Maskinane vart først montert inn i dei gamle skutene, men frå rundt 1910 kom dei første spesialbygde ishavsskutene. Desse var på 80-100 fot, 100-150 bruttotonn og med dampmaskinar på 70-130 hestekrefter.

Fangsfeltet vart utvida etter kvart. Dei første åra hadde dei halde seg til felta i Vesterisen ved Jan Mayen og Svalbard og kysten av Aust-Grønland. I 1908 tok dei opp klappmyssfangst i Grønlandsstretet mellom Island og Grønland, og i 1918 tok sunnmørske selfangstskuter til med fangst i Kvitsjøen i det nordvestlege Russland. Newfoundland kom til som eit nytt felt i 1938. Selfangstskutene dreiv ikkje berre selfangst. Selfangstnæringa var i stor grad samanbunden med og innvevd i fiskerinæringa. Storsildfiske på Mørekysten før selfangstsesongen (mars –juni,juli) og islandsfiske på ettersommaren og hausten var dei viktigaste sesongfiskeria for ishavsskutene.

Peter S. Brandal var heile tida ein forgrunnsfigur i den sunnmørske selfangsten. Han var skipper på ishavsfangt til 1911. Sidan styrte han si veksande reiarverksemd frå land. I 1912 bygde han seloljekokeri og større sjøhus i Brandal, og i 1928 også sildoljefabrikk. Forretningsdrifta hans vart organisert som aksjeselskap i 1912 med namnet Peter S. Brandal & Co. A/S.  Fangstflåten hans hadde vakse til seks skuter i 1914 og i 1920 var han eigar av åtte selfangstskuter og ei frakteskute. Mellom 1910 og 1916 kontraherte han eller kjøpte han ei ny skute stort sett kvart år.

Peter S. Brandals selfangstskuter i 1920. 

Namn Byggeår Lengde i fot
Brandal 1910 83
Jopeter 1911 90
Aarvak 1915 76
Løftingen 1913 88
Signalhorn 1914 86
Polaris 1914 95
Polaric 1917 99
Harald 1903 91

Dyktig forretningsmann

Peter S. Brandal var ein våken og interessert forretningsmann som visste at dei store kundane for kjøp av fisk og sild samt skinn og selolje fanst i utlandet. Ei liste frå hans hand frå 1914 over mulege kundar for ulike produkt syner det. Heile 46 skinnfirma var med på lista, og av dei var alle unntatt eitt utanlandske – i Tyskland, England, Sverige, Danmark og USA. Dei 12 firma for kjøp av sild var alle utanlandske.  

Som andre næringar opplevde selfangsten sviktande lønsemd og vanskelege tider i åra etter første verdenskrig. Peter S. Brandal var tilhengar av å halde drifta i gang gjennom kriseåra, om så med tap. I 1925 grunnla han eit nytt selskap, Søndmøre Sælfangere A/S, saman med for det meste forretningsfolk frå hovudstaden, og overførte fartya sine dit. Peter var største aksjonær og direktør for selskapet. Dette selskapet måtte vedta oppløysing i 1931, og Peter S. Brandal overtok båtar, utstyr og eigedom i nye selskap.

Peter S. Brandal var engasjert også i forretningsdrift utanfor selfangstnæringa.

«Utviklingen av næringslivet på Sunnmøre i den siste menneskealder er så å si et speilbillede av denne virksomme mannens liv», skreiv Gunnar Isachsen i nekrologen over han i Morgenbladet i 1933. Mellom selskapa han var med på å starte kan nemnast Aalesund Fiskeriselskap Aktieselskap, Aktieselskapet Det Norske Damptrawlselskap, Hjørungavaag Mekaniske Verksted, Aalesunds Avis og A/S Spitsbergen Guano Compani.

Gruvedrift i Brandal City

Men hans største etablering utanom selfangsten var Kings Bay Kull Company. Det var sommaren 1916 han fekk tilbod frå høgsterettsadvokat Trygve Klausen om å kjøpe rettane til kolfeltet i Kings Bay på Svalbard. Klausen handla på vegne av Ålesund by, som igjen hadde fått tilbod frå Green Harbour Coal Co., eit selskap i gruvemagnaten Chr. Ankers dødsbu. Green Harbour Coal Co. okkuperte land i Kings Bay i 1909. Seinare fornya dei anneksjonen årleg fram til 1915, men kom aldri i gang med skikkeleg gruvedrift. Peter S. Brandal vurderte tilbodet alvorleg. Han hadde prekært behov for ei løysing for å skaffe kol til skutene sine, for han fekk ikkje lenger kjøpe frå Storbritannia. Grunnen var at han var svartelista etter å ha eksportert varer til Tyskland, britane sin fiende under krigen. Han hadde vore innom Kongsfjorden på Svalbard før og sett at kolet låg heilt opp i dagen.  

For å sjå nærare på forholda utrusta han sine to største selfangarar, «Polaris» og «Signalhorn», og reiste til Svalbard saman med Michael Knutsen for å kartlegge og drive forsøksdrift. Og dei bestemmer seg for å satse. Brandal fornyar anneksjonen av Kings Bay den 14. august 1916, og går i gang med å planlegge gruveanlegget og byen like ved, som han kallar Brandal City, etter mønster av John Munroe Longyear og Longyearbyen. Han hadde med seg 60 arbeidsfolk på dei to skutene til Svalbard, for det meste svenskar og finnar. Brandal og arbeidsfolka var på Svalbard i seks veker. På den tida hadde dei teke ut 300 tonn kol som dei to skutene frakta heim. Dei kom tilbake i begynnelsen av september. Den formelle overdraginga av rettane til kolfeltet i Kings Bay til Peter S. Brandal skjedde den 23. september 1916. Prisen var høg, ikkje mindre enn 250 000 kroner. Til samanlikning kjøpte han den tre år gamle ishavsskuta «Aarvak» frå Bergen hausten 1915 for 70 000 kroner. Seinare vart rettane overførte til eit interessentselskap, der Peter S. Brandal, Michael Knutsen, Trygve Klausen  og Trygve Jervell var med. Dei tre andre var store namn i forretningslivet i Ålesund. Desse fire var forretningspartnarar frå før og eigde selskapet AS Ishavet saman. Dei skipa Kings Bay Kull Company A/S den 14. desember 1916.

Sommaren 1917 vart det sendt mykje folk til Kings Bay, saman med material til bygningar m.m. Alt dei trong for å bygge eit bysamfunn på 79 grader nord måtte dei ha med heimanfrå. Det skulle anleggast gruver og byggjast ein by med plass til 250 overvintrarar pluss 50 sommararbeidarar. Det vart bygt bustadhus, kraftverk, verkstad, kai og telegrafstasjon. Brandal City fekk verdas nordlegaste jernbane med fire kilometer skinnegang, fem lokomotiv og 30 vogner. Gruvedrifta kom i gang under leiing av den dyktige gruveingeniøren Bertel Sherdal. I første del av 1920-talet måtte Brandal sjå at byen hans skifte namn til Ny-Ålesund. Det var nok kapitalen i Ålesund som ville det slik. Men framleis finst namna Brandallagunen og Brandalpynten ved Kongsfjorden. Peter S. Brandal sat i styret for Kings Bay Kull Company frå starten i 196 til han døydde i 1933, i fleire år som styreformann og nestformann.

Ven med Roald Amundsen

Ny-Ålesund var base for Roald Amundsen sine polferder med fly og luftskip i 1925 og 1926. Han fekk låne villaen i Ny-Ålesund, i dag kjend som Amundsenvillaen, av Peter S. Brandal og medeigarane i gruveselskapet. Det hadde gjennom åra vakse fram eit vennskap mellom Amundsen og Brandal, og då Amundsen forsvann med flyet Latham i 1928, sette den sunnmørske ishavsreiaren to av sine fangstskuter inn i søket.   

Kings Bay vart ikkje den gode forretninga som gründerane hadde håpa på. Alt i 1920 gjekk staten inn med pengestøtte og avtalar om kjøp av kol. Peter S. Brandal og dei andre grunnleggjarane tapte mykje pengar på gruvedrifta på Svalbard. Kings Bay Kull Company fekk også stor del av skulda for at Aalesunds Kreditbank gjekk over ende i 1922. Banken hadde over fem millionar kroner uteståande til Kings Bay. Gjelda til den norske stat var på same tid oppe i 3,6 millionar kroner. I 1929 var selskapet si gjeld så stor at staten ved Svalbardkommisjonen ba aksjonærane overdra aksjane sine frivillig og utan vederlag. Det skjedde, og dermed vart staten eigar av Kings Bay. Gruvedrifta låg nede fram til nytt opptak i 1945. Som følgje av Kings Bay-ulukka i 1962 vart gruvene stengde for godt. Etter den tid er Ny-Ålesund bygt opp som eit senter for internasjonal arktisk forsking og miljøovervaking.     

Peter S. Brandal var medlem av Norges Svalbard- og Ishavsråd i fleire år. I sine siste leveår var han sterkt engasjert i å hevde Norges rett til fangst og fiske på Aust-Grønland.  I juni 1919 var han i audiens hos kong Haakon 7. og vart utnemnt til Riddar av St. Olavs orden for sin grunnleggande innsats for ishavsnæringa.

Peter S. Brandal vil bli hugsa for sin grunnleggjande og nyskapande innsats for ishavsnæringa, ei viktig næring på Sunnmøre i 80 år. Gjennom heile sitt yrkesliv la han ned all si arbeidskraft i utvikling av denne næringa, som han var med å bygge opp og forme frå grunnen av. Han var den fremste pioneren på dette området på Vestlandet. Peter S. Brandal var ein sunn optimist med eit eineståande evne til å leie og setje i gang arbeid, og også til å få folk til å gjere sitt beste. Brandal hadde stor tillit blant investorar, som ofte var forretningsfolk frå hovudstaden. Han døydde den 23. mars 1933, vel 62 år gammal.

Litteratur

  • Trygve Brandal: Frå fjørestein til fjerne farvatn. Fiske og fangst i Hareid og Ulstein ca. 1880-1920. Hovudoppgåve i historie, Universitetet i Bergen 1981.
  • Trygve Brandal: "Peter S. Brandal - Selfangstreiar og Svalbardpioner." Norsk Fiskerinæring nr. 11/12 2017 s. 114-120.
  • Rolf Hanoa: King Bay Kull Comp. A/S 1917-1992. Fra gruvedrift til forskningsservice og klimaobservatorium, Oslo 1993.
  • Henrik Landmark (red.): Skuter av tre – mannskap av jern, Brandal 1986. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Webjørn Landmark: «Peter S. Brandal – selfangstpioner, industribyggar og verdsmann.» Isflaket, utg. av Ishavsmuseet Aarvak 2016/3 s. 4-17.
  • Bjarne Rabben: Folk ved havet. Fiskarsoge for Sunnmøre og Romsdal, bind 2-3, Ålesund 1983. Digital versjonNettbiblioteket. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Odd Vollan: Ishavsfart. Selfangsten fra Sunnmøre gjennom femti år, Ålesund 1951. Digital versjonNettbiblioteket.