Pillarguri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Prillar-Guri på minnesteinen over slaget ved Kringen.
Foto: Arnfinn Kjelland (2009).
Prillar-Guri er motivet på Sel kommune sitt våpen.

Pillarguri (også Prillarguri og Prillar-Guri) er ein segnfigur som deltok i slaget ved Kringen sør for Otta i 1612. Ho blåste i ein lur eller eit prillarhorn når det var tid for at den norske bondehæren skulle gå til åtak mot skottetoget. Ho kan vere basert på en virkelig person, men det har ikkje vore mogleg å knytte ho opp mot nokon i kjeldene.

Slaget ved Kringen

Ifølge segnet sto Prillarguri på ei høgde og blåste i ein lur. Høgda heitte tidlegare Selsjordkampen, men har seinare fått namnet Prillarguri.[1]

Ho er avbilda på minnestøtte over slaget, som vart reist i 1912, og ho er òg avbilda i kommunevåpenet til Sel kommune. Det står ein statue av ho på Otta.

Namnet

Første gong ho er nemnd skriftleg er i Norske Sagn av Andreas Faye (1833) og i ei samling segner utgjeve av presten Hans Peter Schnitler Krag i Vågå i 1838. Det finst ei serie feleslåttar frå Ottadalen, Guroleikjin, som er knytt til namnet Guro, og dei kan tilhøyre den same segnkretsen. Formene Prillar-Guri og Pillarguri er nytta om kvarandre. I 1880 gav Rudolf Muus ut ein roman, der han nytta forma Prillarguri, og det var gjennom denne romanen at mange utafor Gudbrandsdalen først vart kjend med ho. Krag nytta forma Pillar-Guri, men skriv òg at ho blåste i eit bukkehorn, som lokalt er kjend som 'prillehorn'. Det å spele på eit slikt horn var 'å prille'. Per A. Holst trekk i sitt føreord til 2010-utgåva av Krag den konklusjon at Prillar-Guri må ha vore det opphavlege namnet; om det var eit prillehorn må det opphavlege namnet vere Prillar-Guri.

Om det er Pillarguri som er det rette finst det ein forklåring på det òg: 'å pille' er eit lokalt ord for å ha seksuelt samkvem. I segnet vert det sagt at ho hadde stått i gapestokken for hor, og at ho hadde ein unge utanfor ekteskap.

Ivar Teigum trekk i en artikkel frå 2008 ein annan konklusjon. Han meiner at den lokale formen av 'å prille' var 'å pela', og at 'å pille' var ein naturleg måte i skrive dette på. Då er det meir truleg at det er Pillarguri som er det opphavlege namnet.

I same publikasjon meiner så Rolf Rasch-Engh at det er Prillar-Guri som er det rette; han meinte at 'å prille' er den lokale forma frå den tida, og viser til folkemusikksamlaren Ole Mørk Sandvik og den nedskrevne Prillar-Guri-slåtten.

Lokalt er det heilt klårt Pillarguri som er den mest nytta forma. Som nemnt har vi høgda Pillarguri, og ein finn òg Pillarguri Café og Pillarviken.

Instrumentet

Når det gjeld instrumentet ho nytta ser det ut til at det var i samband med minnesmerket frå 1912 at det vart til ein lur; tidlegare er berre horn nemnd.

Segnfigur eller verkeleg kvinne

Fleire lokalhistorikarar i Gudbrandsdalen meinar at Prillarguri er ein historisk person, medan ein del folkeminnegranskarar meinar at ho er eit døme på ein type som er kjend frå fleire folkesegner. Ingen av kjeldene frå 1600-talet nemner ei kvinne som blåste til strid. Men det var ein levande segntradisjon, og det var frå denne Krag hadde sin informasjon. Altså kan vi ikkje utelukke at forteljinga om Prillarguri går heilt attende til 1612.

Sjur A.F. Lonbakken er i Slaget ved Kringen klår på at at han meiner det er eit segn utan rot i røynda. Det sterkaste argumentet er at ingen av kjeldene frå før Faye skreiv ned segnet i 1833 nemner noko som kan minne om Prillarguri. Han ramsar opp ei rekke kjelder, mellom anna to rapporter frå statthaldaren datert 1612, fleire gåvebrev, ein rapport frå 1661, ei minnetavle frå 1733, «Dølevisa», Gerhard Schöning sitt skrift frå 1775 og Storm sin Sinclairvise frå 1782 - ingen av dei nemner Prillarguri eller noko som kan minne om ho.

Referansar

  1. Faktaark fra Kartverket.

Littertur og kjelder