Rasmus Flo (1851–1905)
Rasmus Flo (fødd 29. september 1851 i Oppstryn (no Stryn), død 29. november 1905 i Kristiania) var lærar, filolog og målmann. Foreldra var gardbrukar Jørgen Flo og Ragnhild Amundsdotter.
Tjue år gamal tok han eksamen ved Stord seminar. Han vart cand.philol. i 1881. Både som student og kandidat livnærte han seg ved å vera lærar, fyrst ved Kongsvinger middelskole, seinare ved den høgare skulen i Tromsø og sist ved Valdres kommunale middelskole.
Han slo seg til slutt ned i Kristiania og levde etter 1892 av litterært og språkleg arbeid. Det var det norske målet som var den store interessa hans. Da Det Norske Samlaget tok til å gje ut Syn og Segn i 1894, vart han redaktør. Han omsette og vølte mange av artiklane, han hadde tilsyn med bøkene til Samlaget og vart etter kvart korrekturlesar og målrettar for ei mengd landsmålsforfattarar. Gjennom verksemda si gjorde han mykje for å skapa einskap i rettskrivinga. I 1898 vart han saman med Marius Hægstad og Arne Garborg medlem i den fyrste offisielle rettskrivingsnemnda for landsmål.
Rasmus Flo var ugift og levde i tronge kår. Han er gravlagd på Nordre gravlund i Oslo.
Kjelder og litteratur
- Djupedal, Reidar: Rasmus Flo. Utg. Samlaget. Oslo. 1964. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Eskeland, Severin: artikkel i Norsk allkunnebok band IV. Oslo 1953.
- Koht, Halvdan: artikkel i Norsk biografisk leksikon bind IV. Oslo 1929.
- Rasmus Flo i Historisk befolkningsregister