Stine Hole Ulla

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stine Hole Ulla.
Foto: privat

Stine Hole Ulla (født 16. januar 1995) er ein songar og låtskrivar frå Sykkylven. Ho var den første kvinnelege vinnaren av TV2 sitt underhaldningsprogram, Norske Talenter i 2012.

Hole Ulla byrja å ta songtimar då ho var 12 år. Då ho var 14 år kom ho med i talentutviklingsprogrammet til Musikkonservatoriet på NTNU i Trondheim. Her fekk ho professor og operasongar Kåre Bjørkøy som lærar. Ho tek også songtimer med operasongaren Solveig Kringlebotn, og har gått på talentutviklingsprogrammet til Barrat Due i Oslo, der ho har vore busett dei siste åra.

Hole Ulla har platekontrakt med daWorks Records og gav ut julealbumet "Verden blir hvit" i november 2013. På albumet medverkar også Kringkastingsorkesteret.

Ho deltok i finalen av Melodi Grand Prix 2016 med låta «Traces» som ho hadde vore med å skrive sjølv. Stine Hole Ulla er ein mykje etterpurt konsertartist. I 2016 var ho på juleturne saman med trompetisten Ole Edvard Antonsen og songaren Didrik Solli Tangen. Ho har også hatt konsertar med kjende norske songarar som Rein Alexander, Åge Steen Nilsen, Jan Eggum og Erlend Bratland.

Kjelder