Telemark i det 20. århundret

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Telemark i det 20. århundret er ei framstilling av historia i Telemark med vekt på dei private aktørane som har eksistert og for ein stor del framleis eksisterer. Artikkelen er meint å skulle hjelpe privatarkivinstitusjonar i innsamlingsarbeidet av privatarkiv i fylket, og vart starta av Telemarksarkivet. Sjå også eigne artiklar om primærnæringane, sekundærnæringane, tertiærnæringane og organisasjonslivet i fylket.

Telemark i det 20. århundre

Jegerar i Drangedal (1924).

Ved inngangen til det 20. århundret stod Telemark på terskelen til eit industrielt gjennombrot. Industrien var godt etablert i fylket to generasjonar før 1905[1], men kom til å bli langt viktigare etter dette. «Den andre industrielle revolusjonen» skapte ei industriåre som strakk seg frå Vestfjorddalen til Herøya. Tida var kjenneteikna av elektrisk energi, på kjemisk teknologi snarare enn mekanisk, og meir bruk av teori og vitskap.[2] Telemark hadde fossane, og teknologien vart verdsleiande der Svelgfoss og Vemork var størst i verda. Fylket låg på sjetteplass rekna etter arbeidsstyrke og dagsverk i fabrikktellinga frå 1909.[3]

I 1900 hadde Telemark 99 100 innbyggjarar.[4] Talet var lågare enn i 1890, og befolkningsnedgangen heldt fram utover det nye hundreåret; samtlege kommunar hadde flyteunderskot frå 1906-1910, med unnatak av Tinn og Notodden.[5] Frå 1910-1946 steig folketalet i fylket frå 108 084 til 131 679 personar. Fylket var prega av sentralisering som fylgje av den industrielle utviklinga. Det var enorm vekst i folketalet på Rjukan, Notodden og Herøya fram til dei økonomiske krisene i 1920-30-åra. Hovuddelen av industrivarene vart eksportert, m.a. 90 % av Hydros produksjon i 1920-åra.[6] Industrien vart slik sårbar då internasjonale økonomiske kriser vart lokale kriser i både 1920, 1929 og 1934.[7] Det vart stor arbeidsløyse og svekt kommuneøkonomi då industrialiseringa hadde gjort fylket meir sårbart med omsyn til verdsøkonomien. Tendensen var særleg alvorleg i dei delane av fylket der industrialiseringa hadde vore størst.

Løna i industrien hadde lokka mange vekk frå dei primære næringane i fylket. Mangsysleri vart samstundes vanlegare. I dei indre delane av fylket var kombinasjonen mellom skogsarbeid og jordbruk det vanlegaste, mellom fiske og jordbruk på kysten.[8] I 1936 fanst det 1314 verksemder som sysselsette 13 397 personar innanfor industri, bergverk og anlegg. Til samanlikning fanst det berre 577 verksemder som sysselsette 8 800 i 1900. Skogen hadde vore ei viktig næringskjelde på 1800-talet, og vart viktig også utover fyrste helvta av 1900-talet. Samla sett var det mange trekk ved næringsutviklinga etter 1905 som syner at Telemark vart vove tettare saman.

Organisasjonsveksta i Telemark tok til kring midten av 1800-talet. Organisasjonane vaks fram mot 1900, og ved hundreårskiftet fanst det allereie ei lang rekke forskjellige organisasjonar i Noreg som alle tente forskjellige formål. Før andre verdskrig utvikla fleire av desse organisasjonane seg frå eit lokalt til eit meir fylkesdekkjande nivå. Okkupasjonstida gjekk hardt utover organisasjonslivet, særleg idrettsrørsla som for ein stor del låg brakk under krigen.

I dei fyrste tiåra etter 1945 vart to av dei økonomiske og politiske trekka som karakteriserte telemarksamfunnet før krigen forsterka; perioden var ei glanstid for industrien samstundes med at Arbeiderpartiet aldri hadde stått sterkare. Med utgangspunkt i dei industrigreinene som alt var etablerte før krigen, vart industrien ein stadig større del av næringslivet. Berre Østfold låg framfor Telemark målt etter sysselsetjing i industrinæringa.

Produksjonen var – som før – kraftkrevjande, og fylket låg på topp i elektrisitetsproduksjon i Noreg. Industridistriktet romma i 1957 65 av 225 industribedrifter i fylket og stod for 83 prosent av timeverka og 89 prosent av bruttoproduksjonsverdien. I same periode vart hjørnesteinbedrifter i utkanten avvikla mot slutten av perioden, som Søftestad gruber i Nissedal og Laurdals uldvarefabrik i Lårdal.

Nye og meir rasjonelle produksjonsmetodar gjorde det mogleg å flytte meir av verksemda frå Rjukan og Notodden til Herøya, der Hydro-fabrikkane i løpet av dei to fyrste tiåra etter andre verdskrigen vart den største industribedrifta i landet målt i talet på arbeidarar. Industrien var konsentrert i «Norges Ruhr», det samanhengande industribeltet frå Porsgrunn over Menstad og Borgestad til Skien og Skotfoss med utløpar mot Notodden og Rjukan. Området hadde det høgste folketalet i fylket. Der éin av fem budde spreidd i «Norges Ruhr», budde ni av ti spreidd i fjellbygdene i 1957.[9]

På 1950- og 1960-talet var 5-10 prosent av dei gifte kvinnene over 15 år registrert som lønnsarbeidarar.[10] Fyrst på 1960-talet kom innmarsjen av kvinner i det lønte arbeidslivet. [11] Før dette kunne ein kalle fylket eit «husmorland».

Mange organisasjonar utvikla seg til dels frå lokale nivå og fylkesnivå til større einingar. Dei fekk eit meir nasjonalt nivå kring 1970. Motkulturane vart samstundes svekte, noko som særleg ramma fråhaldsrørsla, men også målrørsla, lekmannsrørsla, bedehuskulturen og den frilynde rørsla.

I andre halvpart av 1970-talet sette utflagging, skipsfartskrise og omstrukturering ny fart i ei nedbygging som Hydro-arbeidarane på Rjukan og Notodden allereie hadde vore gjennom i fleire tiår. Hydrostreiken i 1974 blei den siste større offensiven frå industriarbeidarar i fylket. Både den økonomiske og den politiske utviklinga frå siste del av 1900-talet gjorde Telemark meir lik resten av Noreg. Industrifylket vart avindustrialisert. Næringslivet leid når dei store bedriftene vart fjerna då fylket hadde få mellomstore verksemder som kunne ta over.[12]

Mange stader var prega av fråflytting, arbeidsløyse og nedbryting av arbeidarkollektiva som fylgje av at Hydrosystemet og skogsystemet forsvann. Eit relativt lågt utdanningsnivå gjorde spranget inn i det moderne «kunnskapssamfunnet» vanskeleg for mange.[13] Fleire kommunar hadde arbeidsløyse og fråflytting på 1980-talet.[14] På Rjukan flytta 1700 personar ut frå 1970 til 1994.[15]

Samstundes vart kvinnene ein større del av politikken og samfunnslivet. Det mannsdominerte nærings- og arbeidslivet vart jamna ut som fylgje av at den tradisjonelle industri vart svekka. Samstundes hadde ein vekst i typiske kvinneyrke.

Demografisk heldt urbanisering og sentralisering fram, på trass av at kraftinntekter og turisme i Øvre Telemark gjorde desse kommunane til dei rikaste. Skulen og kommunane vart sentraliserte til «velferdskommunar». I kommunar som dreiv primærnæringar, dvs. i Aust- og Vest-Telemark, var befolkningstalet om lag det same i 1950 som i 1990. Det vart vanlegare å pendle til arbeidsplassen,[16] samstundes som det vart fødd færre enn dei som døydde. I resten av fylket var ein relativt høg andel av befolkninga over 60 år.[17] I Grenland vaks folketalet halvanna gong frå 1950-1990.[18]

Innvandringa auka i heile fylket på slutten av 1900- og byrjinga av 2000-talet. I 1970 fanst det 1885 personar fødd utanfor Noreg i fylket, mot 18 129 i 2013.[19]

Kjelder

  • Furre, Berge, Norsk historie 1905-1990 : vårt hundreår, Oslo, 1992.
  • Lund, Ellen Cathrine, "Med lønnsarbeid i husmorperioden - Rjukankvinner på tvers", i Arbeiderhistorie 2001: Kvinnekraft i industrisamfunnet, Oslo, 2001.
  • Rovde, Olav og Ingvar Skobba (red.), Telemarks historie: Etter 1905, band 3, Fagbokforlaget. 2014. ISBN 978-82-450-1409-9.

Referansar

  1. Telemark Historie 3, s. 15
  2. Telemark Historie 3, s. 16
  3. Telemark Historie 3, s. 15 (Samla arbeidsstyrke: 5 849, samla antal dagsverk: 1 645 (NOS V, 147, s. V))
  4. Telemark Historie 3, s. 31.
  5. Telemark Historie 3, s. 33
  6. Telemark Historie 3, s. 16
  7. Telemark Historie 3, s. 19
  8. Telemark Historie 3, s. 9
  9. Telemark Historie 3, s. 54
  10. Ellen Cathrine Lund, "Med lønnsarbeid i husmorperioden - Rjukankvinner på tvers", i Arbeiderhistorie 2001: Kvinnekraft i industrisamfunnet, Oslo, 2001
  11. Furre, Berge, Norsk historie 1905-1990 : vårt hundreår, Oslo, 1992, s. 281
  12. Telemark Historie 3, s. 59
  13. Telemark Historie 3, s. 12
  14. Telemark Historie 3, s. 70
  15. Telemark Historie 3, s. 186
  16. Telemark Historie 3, s. 67
  17. Telemark Historie 3, s. 67
  18. Telemark Historie 3, s. 54
  19. Telemark Historie 3, s. 77